Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Topikal ketoprofen og risiko for fotosensitivitet og leverpåverknad



Fråga: Lege lurer på om bruk av ketoprofen gel (Orudis) på rygg er problematisk med tanke på:

  1. Fototoksisitet? Er denne generell eller er det uproblematisk når området som behandlast er tildekka av klede og ein unngår direkte eksponering?
  2. Lett leverpåverknad (forhøga ALAT og ASAT) frå før. Vil lokalbehandling med ketoprofen gel på rygg kunne forverre leverpåverknaden?

Sammanfattning: Ketoprofen-indusert fotosensitivitet oppstår som følgje av direkte lyspåverknad på eit hudområde der legemiddel er tilstades. For å unngå fotosensitivitet, må området ein påfører ketoprofen vere tilstrekkeleg skydda mot lyspåverknad (inkludert UVA-stråling), under behandling og til to veker etter behandling.

Det synast usannsynleg at bruk av topikal ketoprofen i ein avgrensa periode vil vere problematisk med tanke på ytterlegare leverpåverknad.

Svar: Generelt om legemiddelindusert fotosensitivitet Legemiddelindusert fotosensitivitet delast inn i toksiske og allergiske hudreaksjonar. Det er ein del viktige forskjellar både knytta til patofysiologi og klinisk bilete mellom desse to. Felles er likevel at reaksjonen oppstår som følgje av direkte lyspåverknad (synleg lys og UV-lys) på eit hudområde der legemiddel er tilstades (1-5).

Fototoksiske reaksjonar skuldast at det dannast ustabile forbindelsar ved lyspåverknad av legemiddel som finst i huda, som medfører celleskade. Fototoksiske reaksjonar kan oppstå etter første eksponering for eit legemiddel. Symptoma kjem raskt, er doseavhengige, og avgrensast i hovudsak til dei soleksponerte områda (1-5).

Fotoallergiske reaksjonar skuldast at lyspåverknad omdannar legemiddelet til eit hapten, som deretter utløyser ein immunologisk, T-cellemediert type IV-hypersensitivitet. Reaksjonen skjer typisk 24-72 timar etter lyspåverknad. Denne typen fotosensitivitet krevjer sensitivisering (tidlegare eksponering). Den fotoallergiske reaksjonen oppstår når pasienten blir reeksponert for allergenet, og det samstundes er tilstades tilstrekkeleg lyspåverknad på hudområde der allergenet er tilstades. Kryssreaksjonar med strukturelt liknande legemiddel kan skje. Grunna den immunologiske mekanismen, kan fotoallergiske reaksjonar kan også medføre at hudreaksjonane spreier seg til ikkje-eksponerte område (1-5).

Ketoprofen-indusert fotosensitivitet
Ketoprofen-indusert fotosensitivitet kan vere både fototoksisk og fotoallergisk. Sistnemnte synast å oppstå oftast, og topikal ketoprofen er i ei særstilling blant NSAIDs kva gjeld potensiale til å årsake fotosensitivitet. Ketoprofen kan oppnå høge konsentrasjonar i huda og bli verande i hud og feittvev over lengre tid, slik at fotosensitivitet kan oppstå også etter behandling med ketoprofen er avslutta. UVA-stråling er særskilt viktig i utviklinga av fotoallergiske reaksjonar av ketoprofen. Sidan UVA-strålar går gjennom vindauge og tynne tekstilar, er det derfor viktig at huda der ketoprofen er påført, er tilstrekkeleg skjerma for UV-stråling (2-5).

I produktinformasjonen til ketoprofen gel (Orudis), inkludert pasientinformasjon og sjekkliste til føreskrivande lege, oppgjevast det at følgjande anbefalingar skal følgjast før, under bruk og to veker etter avslutta behandling, for å redusere risikoen for fotosensitivitetsreaksjonar (6-8):

  • Ikkje utsetje området som er behandla med ketoprofen gel for sollys (sjølv ved skya vér) eller UV-lys frå solarium.
  • Ved opphald utandørs skal det behandla hudområdet skyddast med klede
  • Vaske hendene grundig etter påsmøring.

Topikal ketoprofen og leverpåverknad
Biotilgjengelegheita etter kutan påføring av ketoprofen er om lag 5 % av den som oppnåast etter peroral administrasjon, og plasmakonsentrasjonen er 30-60 gonger lågare (6). Sjølv om det oppgjevast i preparatomtalen at enkelte tilfelle av systemiske biverknader i form av nyrepåverknad er rapportert, finn vi ikkje tilsvarande informasjon om leverpåverknad. Leverpåverknad som følgje av systemisk bruk av ketoprofen er også uvanleg (9).

Referenser:
  1. AA E, Roland PDH. Legemidler som kan gi fotosensitivitet. https://relis.no/ (Publisert: 23. juni 2014).
  2. Bagheri H, Lhiaubet V et al. Photosensitivity to ketoprofen: mechanisms and pharmacoepidemiological data. Drug Saf 2000; 22(5): 339-49.
  3. Kowalska J, Rok J et al. Drug-induced photosensitivity - from light and chemistry to biological reactions and clinical symptoms. Pharmaceuticals (Basel) 2021; 14(8): 723.
  4. Lozzi F, Di Raimondo C et al. Latest evidence regarding the effects of photosensitive drugs on the skin: Pathogenetic mechanisms and clinical manifestations. Pharmaceutics 2020; 12(11): 1104.
  5. Loh TY, Cohen PR. Ketoprofen-induced photoallergic dermatitis. Indian J Med Res 2016; 144(6): 803-6.
  6. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Orudis gel. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 30. april 2020).
  7. Sanofi-Aventis. Orudis gel (ketoprofen) - sjekkliste for forskrivere. https://www.felleskatalogen.no/
  8. Sanofi-Aventis. Pasientinformasjon - Orudis (ketoprofen) gel. https://www.felleskatalogen.no/
  9. National Institute of Diabetes and Digestive and Kidney Diseases, National Library of Medicine (U.S). LiverTox: Clinical and research information on drug-induced liver injury. Ketoprofen. https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK548678/ (Sist oppdatert: 25. april 2018).