Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Føremålstenleg å byte frå maksdose Lipitor til Crestor?



Fråga: Fastlege spør for pasient i 50-åra som fekk utført perkutan koronar intervensjon (PCI), med stentinnlegging for nokre år sidan. Pasienten nyttar no atorvastain (Lipitor) 80 mg og ezetimib (Ezetrol) 10 mg dagleg. Behandlingsmål for LDL-kolesterolnivå er satt til <1,4 hos aktuell pasient. Fastlege lurer på om det er føremålsteneleg å bytte frå atorvastatin til rosuvastatin (Crestor) og korleis eit bytte bør foregå.

Sammanfattning: Pasientens LDL-nivå er innanfor behandlingsmålet til norske retningslinjer, men noko over europeiske retningslinjer. Rosuvastatin senker LDL-kolesterolnivå noko meir enn ekvipotente dosar med atorvastatin og det kan vere føremålsteneleg å bytte. Ein kan starte med 20 mg rosuvastatin og trappe opp etter 4 veker eller starte rett på 40 mg etter å ha konferert med spesialist. Då pasienten tolererer høgdose atorvastatin er det ikkje noko som skal tilsei at hen ikkje tolererer høgdose rosuvastatin.

Svar: Norske retningslinjer for behandlingsmål ved etablert koronarsjukdom er low density lipoprotein (LDL)-kolesterol < 1,8 mmol/l (1). Europeiske retningslinjer, som er nyare, sitt behandlingsmål for pasientar med etablert koronarsjukdom er < 1,4 mmol/l (2). Arbeidsgruppen for preventiv kardiologi i Norsk Cardiologisk Selskap tilrår at dei norske retningslinjene skal følgje etter dei europeiske då ein har sett direkte korrelasjon mellom LDL-nivå og relativ risiko for hjarte-/karsjukdom (3).

Ein har sett i fleire metaanalysar at rosuvastatin er meir effektivt enn atorvastatin på populasjonsnivå, òg i ekvipotente dosar (4-6). Det er sett i både amerikanske og aust-asiatiske populasjonar (6). Ein kan ikkje direkte overføre populasjonsdata til enkeltpasientar.

Adherence av statinbehandling er kjend for å vere låg og auka adherence er vist å kunne betre LDL-kolesterolnivå (7, 8). LDL-nivåa hos aktuelle pasient tilseier at pasienten nyttar behandlinga, men dersom adherence ikkje er optimalisert vil ein kunne få til eit betre LDL-kolesterolnivå ved å auke etterlevinga (9).

Den godkjende preparatomtalen (SPC) tilrår 20 mg dagleg som sekundærprofylakse og opptrapping til 40 mg i samråd med spesialist etter 4 veker, dersom ein ikkje kjem i mål med behandlinga (10). Ønsker ein å bytte direkte frå 80 mg atorvastatin til 40 mg rosuvastatin tilrår vi å konferere med ein spesialist. Då pasienten tolererer høgdose atorvastatin er det ikkje noko som skal tilsei at hen ikkje tolererer høgdose rosuvastatin (11). Ein kan ta nye prøver av totalkolesterol, HDL-kolesterol, LDL-kolesterol, triglyserider, ALAT og CK før bytte og så ein ny kontroll etter 3 månadar som om pasienten var nyoppstarta på eit statin (12).

Referenser:
  1. Helsedirektoratet. Nasjonal faglig retningslinje for Forebygging av hjerte- og karsykdom. 8. Oppfølging og mål for kontroll ved forebygging av hjerte- og karsykdom. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/forebygging-av-hjerte-og-karsykdom (Sist oppdatert: 05. mars 2018)
  2. Mach F, Baigent C, et al. 2019 ESC/EAS Guidelines for the management of dyslipidaemias: lipid modification to reduce cardiovascular risk. Eur Heart J 2020; 41: 111–88
  3. Retterstøl K, Munkhaugen J, et al. Lavere behandlingsmål for LDL-kolesterol bør innføres. Tidsskr Nor Legeforen 2021; 141(2). https://tidsskriftet.no/ (Publisert: 22. januar 2021).
  4. Karlson BW, Palmer MK, et al. To what extent do high-intensity statins reduce low-density lipoprotein cholesterol in each of the four statin benefit groups identified by the 2013 American College of Cardiology/American Heart Association guidelines? A VOYAGER meta-analysis. Atherosclerosis. 2015 Aug; 241(2): 450-4.
  5. Nicholls SJ, Brandrup-Wognsen G, Palmer M, Barter PJ. Meta-analysis of comparative efficacy of increasing dose of Atorvastatin versus Rosuvastatin versus Simvastatin on lowering levels of atherogenic lipids (from VOYAGER). Am J Cardiol. 2010 Jan; 105(1): 69-76.
  6. Zhang, L., Zhang, S, et al. Efficacy and safety of rosuvastatin vs. atorvastatin in lowering LDL cholesterol. Herz 2020; 45, 594–602.
  7. Spigset O, Viktil KK. Norsk legemiddelhåndbok. Etterlevelse av legemiddelbruk. https://www.legemiddelhandboka.no/G25/Etterlevelse_av_legemiddelbruk (Sist oppdatert: Mai 2015).
  8. Rodriguez F, Maron DJ, et al. Association of statin adherence with mortality in patients with atherosclerotic cardiovascular disease. JAMA Cardiol. 2019 Mar; 4(3): 206-213.
  9. Dragvoll I, Bofin A, et al. Medisinen virker ikke hvis pasienten ikke tar den. Tidsskr Nor Legeforen. 2022 Mar; 142(5). https://tidsskriftet.no/2022/03/kronikk/medisinen-virker-ikke-hvis-pasienten-ikke-tar-den
  10. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Crestor. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 30. juni 2023).
  11. Personlig meddelelse. Kardiolog Haukeland universitetssjukehus (29. juni 2023)
  12. Norsk elektronisk legehåndbok. Hyperlipidemi. https://legehandboka.no/ (Sist endret: 19. desember 2022).