Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Overgang frå tiamazol til karbimazol



Fråga: Ein pasient har fått påvist Graves' hypertyreose og starta opp behandling med tiamazol (Thyrozol) 20 mg 2 gonger dagleg i Polen. Thyrozol finst ikkje i Noreg, etter det legen kan finne ut og legen lurer på overgang til karbimazol (Neo-Mercazole). Kva dose er det fornuftig å gå over til ut frå noverande Thyrozol-dosering? Spørsmål frå allmennlege.

Sammanfattning: Ekvivalent dose karbimazol til tiamazol (også kalla metimazol), overgår i dette tilfellet det som er anbefalt initial dosering av karbimazol ved Graves' hypertyreose. Det er ukjend for oss kva noverande status for tyreoideafunksjonen er hos den aktuelle pasienten og når pasienten starta opp med behandling. Overgang til og dosering av karbimazol bør gjerast på bakgrunn av tyreoideafunksjonsmåling og doseringsanbefalingar i norske retningslinjer. For meir informasjon om praktisk handtering av slike overgangar, anbefalar vi å kontakte ein endokrinolog.

Svar: Thyrozol inneheld verkestoffet tiamazol, også kalla metimazol (1), som er den aktive metabolitten av prodruget karbimazol (Neo-Mercazole).

RELIS har svart på liknande spørsmål tidlegare og vist til eit amerikansk oppslagsverk som oppgjev at karbimazol-dosen som trengs for å gje ein tilsvarande dose metimazol er om lag 40 % høgare. Oppslagsverket viser blant anna til at ein dose på 10 eller 20 mg karbimazol tilsvarar ei metimazoldosering på høvesvis 6 og 15 mg. Ved eit byte frå metimazol til karbimazol må altså metimazoldosen delast på om lag 0,6 (2).

Frå dette følgjer at ein metimazol-dose på 20 mg to gonger dagleg (40 mg) tilsvarar ein døgndose på 67 mg karbimazol. Dette ligg over den karbimazol-dosen som er anbefalt som initialdose ved Graves hypertyreose i norske retningslinjer (3), samt også høgare enn det preparatomtalen oppgjev som maksimal tilrådd oppstartsdose på 60 mg (4).

Vi kjenner ikkje til behandlingsretningslinjer eller -tradisjon frå Polen kva gjeld Graves' hypertyreose. Ifølgje oppslagsverket UpToDate er ein oppstartsdose med metimazol på opptil 40 mg som døgndose, fordelt på to til tre dosar, anbefalt ved alvorleg Graves' hypertyreose, det vil seie når fritt T4 er 2-3 gonger øvre normale referansegrense (5). Dosen reduserast etterkvart som pasientens tilstand betrast. UpToDate spesifiserer ikkje noko vanleg intervall, medan eit anna oppslagsverk oppgjev typisk etter 4-8 veker (6).

Tilsvarande anbefalingar i norske retningslinjer for når fritt T4 er > 60 pmol/L (3 gonger øvre normale referansegrense) er å dosere karbimazol 15 mg 2 gonger dagleg og redusere denne til 10 mg 2 gonger dagleg etter 2 veker (3). Sjølv om subjektiv betring etter oppstart av behandling kjem etter 1-2 veker, kan det ta tid før tyreoideafunksjonsverdiane søkk, og pasientane er oftast eutyreote etter 4-8 vekers behandling (3, 7). Det er viktig å ikkje overdosere slik at pasienten blir hypotyreot, og det føreslåast å ta blodprøver kvar 2. veke initialt, deretter med noko lengre intervall etter individuell vurdering (3).

Referenser:
  1. Brayfield A, editor. Martindale: The complete drug reference (online). Thiamazole. In: Micromedex® 2.0. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 23. august 2011).
  2. RELIS database 2020; spm.nr. 14465, RELIS Vest. (www.relis.no)
  3. Veileder i endokrinologi. Graves' hypertyreose. Versjon 3.4. https://metodebok.no/endokrinologi (Sist oppdatert: 3. august 2022).
  4. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Neo-Mercazole. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 8. mars 2021).
  5. Ross DS. Thionamides in the treatment of Graves' disease. Version 24.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 3. august 2022).
  6. Singh G, CorreaR. Methimazole. StatPearls. https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK545223/ (Sist oppdatert: 6. februar 2023).
  7. Norsk legemiddelhåndbok. Tioamidtyreostatika. https.//www.legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 20. september 2021).