

Dosering av midazolam mikstur
Fråga: Ein tannlege har spørsmål knytta til vaken sedasjon i tannlegepraksis. Det er leveringsproblem på uregistrert midazolam-mikstur 2 mg/ml. Registrert midazolam-mikstur (Ozalin 2 mg/ml) doserast 0,25 mg/kg. Dette er lågare enn det som anbefalast i Legemiddelverket sin terapianbefaling frå 2003 Benzodiazepiner for kontroll av angst og vegring ved tannbehandling (1) og i rettleiar utarbeidd av institutt for klinisk odontologi (IKO) ved Universitetet i Oslo (2). Dosering med 0,25 mg/kg vurderast som lågt i høve til ønskja effekt. Kan Ozalin doserast 0,5 mg/kg?
Svar: Det er ikkje noko i vegen for å dosere Ozalin mikstur som 0,5 mg/kg, men då kan ikkje doseringssprøyta som medfølgjer nyttast. Dette er fordi doseringssprøyta i pakken er inndelt i dosering per kilo (ikkje milliliter) (3, 4). Ved premedisinering med midazolam til barn >10 kg og >2 år i samband med tannbehandling er anbefalt dosering 0,4-0,5 mg/kg kroppsvekt med 12 mg som maksimaldose, ifølgje Legemiddelverket si terapianbefaling og IKO sin rettleiar (1, 2).
Bruk av Ozalin mikstur i dosering 0,4-0,5 mg/kg, som premedisinering ved tannbehandling, vil dermed vere off-label, sjølv om Ozalin er godkjent til bruk hos barn. Det er viktig å vere merksam på dette, for å unngå feildosering. Meir informasjon om dette, inkludert andre praktiske utfordringar ved bruk av Ozalin mikstur, oppsummerast i ei nyheitssak publisert av Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn (4).
RELIS har også nyleg publisert ei meir utdjupande sak om val av midazolam-preparat som premedisinering ved tannbehandling hos barn (5).
Referenser:- Statens legemiddelverk. Terapianbefaling: Benzodiazepiner for kontroll av angst og vegring ved tannbehandling. https://nfpedodonti.no/lenker/ (Publisert: Oktober 2003).
- Institutt for klinisk odontologi, Det odontologiske fakultet. Felles veileder for analgetiske- og sedative legemidler som benyttes i forbindelse med tannbehandling, ved Institutt for klinisk odontologi (IKO). https://www.odont.uio.no/iko/om/organisasjon/fagavd/pedodonti-atferdsfag-rettsodontologi/rutiner-og-metoder/felles-veileder-for-bruk-av-analgetika-og-sedativa-ved-iko.pdf (Publisert: 22. november 2022).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Ozalin. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 8. juli 2022).
- Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn. Ozalin mikstur (midazolam) til barn. https://www.legemidlertilbarn.no/nyheter/2019-ozalin-mikstur-midazolam-til-barn (Sist oppdatert: 20. mars 2023).
- RELIS database 2023; spm.nr. 16290, RELIS Vest. (www.relis.no)
