Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Metronidazol og alkohol - hva er gjeldende informasjon



Fråga: Farmasøyt i apotek spør hvilken informasjon som gjelder for metronidazol (Flagyl) og alkohol. Ser at Antibiotikasenteret for primærmedisin, gjengitt av apotekforeningen, har fjernet denne info fra sine anbefalinger.

Svar: Det har tidlegare vore vanleg å åtvare mot å kombinere metronidazol og alkohol, då dette var tenkt å kunne gje ein antabus-liknande reaksjon (1, 2).

Grunnlaget for denne åtvaringa vart gjennomgått av RELIS-medarbeidarar i 2014 som konkluderte med at risikoen for interaksjonar mellom metronidazol og etanol tilsvarande disulfiram-etanol-interaksjonar er liten. Åtvaringa synast å bygge på laboratorieforsøk og enkelttilfelle der dei rapporterte reaksjonane like gjerne kan skuldast etanol aleine eller ein biverknad av metronidazol. Klinisk relevant interaksjon mellom etanol og metronidazol er ikkje stadfesta i nyare forsking (3).

RELIS har også skrive at det ikkje er grunnlag for å åtvare mot å kombinere andre antibiotika og alkohol, med tanke på interaksjonar. Når det er sagt, er det andre gode grunnar til å vere tilbakehalden med alkohol ved antibiotikabruk, som påverknad av generell allmenntilstand og risiko for dårleg compliance (4).

Åtvaringa mot samtidig bruk av metronidazol og antibiotika ser ut til å vere oppretthaldt i mykje av produktinformasjonen og i fleire interaksjonsdatabasar. Bakgrunnen for dette kan vi ikkje uttale oss om.

Referenser:
  1. Sigurd Høye. Knus mytene om antibiotika. https://sykepleien.no/meninger/2021/07/knus-mytene-om-antibiotika (Publisert: 13. juli 2021).
  2. Antibiotika.no. Antibiotika og alkohol. https://www.antibiotika.no/antibiotika-og-alkohol-2/ (Publisert: 21. oktober 2019).
  3. Fjeld H, Raknes G. Er det virkelig farlig å kombinere metronidazol og alkohol. Tidsskr Nor Legeforen 2014; 134: 1661-3.
  4. RELIS database 2018; spm.nr. 10063, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)