Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Samtidig administrasjon av risperidon og metylfenidat i jejunal-sonde (PEJ)



Fråga: Eit apotek har fått spørsmål frå heimesjukepleien om risperidon og metylfenidat tablettar kan knusast og gjevast samtidig i sonde (perkutan endoskopisk jejunalstomi - PEJ). Farmasøyten finn i knuse- og delelista til Oslo Universitetssykehus (OUS) at begge legemiddel kan anten blandast ut i vatn eller knusast/delast om nødvendig, men er usikker på om dei kan administrerast i sonden samtidig?

Sammanfattning: Det anbefalast å gje legemiddel som skal administrerast i sonde separat og å skylje med vatn mellom kvart legemiddel. For administrasjon i PEJ er det viktig at ein nyttar sterilt vatn for både fortynning og skyljing. Dersom fortynna risperidon mikstur ikkje kan brukast, kan risperidon tablettar knusast og løysast i vatn før administrasjon i sonde. Metylfenidat tablettar kan løysast direkte opp i vatn før administrasjon i sonde.

Svar: Generelt sett er det ikkje anbefalt å knuse fleire virkestoff saman, dersom det er naudsynt å manipulere legemiddel og dersom det skal gjevast fleire legemiddel i sonde, anbefalast det å gje dei separat og skylje med vatn mellom kvart legemiddel. Dette for å unngå potensielle interaksjonar mellom virkestoffa. Det blir heller ikkje mogleg å avgjere kor mykje av kvart virkestoff som har blitt administrert, dersom sonden tettast (1-4).

At knuse- og dele-lista oppgjev at eit legemiddel er eigna for å kunne blandast ut med vatn eller knusast/delast om nødvendig, er ikkje synonymt at med at legemiddelet kan administrerast i sonde, som prosedyren som høyrer til knuse- og delelista opplyser om (5). Dette må vurderast i kvart enkelt tilfelle. Farmasøytar bør bruke tilgjengelege kjelder for å vurdere kva legemiddel som kan eigne seg for bruk i sonde, medan dei som administrerer legemiddel i sonde bør vere kjent med prinsippa for administrasjon av legemiddel i sonde (1).

Under oppsummerast generelle prinsipp for legemiddel i PEJ, kva som er kjent for risperidon og metylfenidat i sonde, samt lenker til aktuelle kjelder for administrasjon av legemiddel i sonde.

Prinsipp for administrering av legemiddel i PEJ
Miksturar, brusetablettar, oppløyselege tablettar eller smeltetablettar er førstevalg dersom legemiddel skal gjevast i sonde. Dersom denne typen legemiddelformuleringar ikkje er tilgjengeleg, kan ein undersøke om tablettar kan manipulerast og gjevast i sonde (1-3). Dei fleste tablettar løyser seg godt nok i vatn utan at ein treng knuse dei på førehand, men somme tablettar må knusast før blanding (6).

Ved administrasjon i PEJ er det anbefalt at legemidla fortynnast før administrasjon for å unngå lokal irritasjon. Dette gjeld også miksturar, som kan ha høgare osmolalitet enn gastrointestinalvæska. Gastrointestinale biverknader kan oppstå ved administrasjon av hyperosmolare løysingar. Ein kan redusere desse effektane ved å fortynne legemiddelet med 10-30 ml sterilt vatn før administrasjon (6).

For administrasjon i PEJ skal sterilt vatn nyttast som skyljevæske og fortynningsvæske, for å førebyggje at patogen som vanlegvis inaktiverast i magesyra introduserast til tynntarmen (7).

Risperidon i sonde
Risperidon kan knusast og løysast opp i vatn før administrasjon (sterilt vatn ved PEJ), men ein må vere merksam på at sonden kan tettast ved ufullstendig oppløysing av tabletten (8a). Vi vil gjere merksam på at risperidon også finst som mikstur (9), og sidan miksturar er førsteval for administrasjon i sonde, bør denne legemiddelformuleringa vurderast som alternativ. Vi kan ikkje finne informasjon om osmolaliteten til risperidon-mikstur, men anbefalar på generelt grunnlag at den fortynnast dersom den skal gjevast i PEJ.

Metylfenidat i sonde
Metylfenidat tablettar (Ritalin) treng ikkje knusast først, men kan slemmast direkte opp i sterilt vatn før administrasjon PEJ-sonde. Ein må likevel vere merksam på at det kan ta fleire minutt før tabletten løysast opp (8b).

Nyttige lenker om administrasjon av legemiddel i sonde
Generelt om legemiddel i sonde:
Helse Bergen. Legemidler i sonde.
Oslo Universitetssykehus's e-håndbok: Legemidler i sonde (inkluderer lenker til knuse- og delelista).
Sykehusapotekene. En veileder for helsepersonell. Administrering av legemidler i sonde/PEG.

Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn har to nettsider med flere nyttige lenker som omhandler manipulering av legemidler til bruk i sonde (inkluderer lenkene over): Generelt om knusing, deling og manipulering av legemidler og bruk i sonde/PEG Knusing, deling og manipulering av konkrete legemidler og bruk i sonde/PEG

Ressursar som inneheld legemiddelmonografiar/spesifikk informasjon om og korleis legemiddel kan gjevast i sonde:
Handbook of drug administration via enteral feeding tubes, 3rd edition.
Region Skåne: Stöd vid läkemedelsahntering.

Referenser:
  1. Oslo Universitetssykehus. e-Håndbok. Legemidler i sonde. Versjon 2. https://ehandboken.ous-hf.no/document/9919 (Godkjent fra: 15. januar 2020).
  2. Helse Bergen. Kvalitetshåndbok. Legemidler i sonde. Versjon 1.02. https://kvalitet.helse-bergen.no/docs/pub/dok58988.pdf (Gyldig til: 21. november 2023).
  3. British Association for Parenteral and Enteral Nutrition. Administering drugs via enteral feeding tubes: A practical guide. https://www.bpng.co.uk/file.php?f=ZWxlbWVudCMjNjEjI2ZpbGVuYW1l
  4. Guidelines and Audit Implementation Network (GAIN). Guidelines for caring for an infant, child, or young person who requires enteral feeding. Tilgjengeleg frå: https://www.rqia.org.uk/RQIA/files/4f/4f08bb34-7955-49ea-adf1-9de807d3da66.pdf (Publisert: Februar 2015).
  5. Oslo Universitetssykehus. e-Håndbok. Tabletter og kapsler - knusing og deling. Versjon 14. https://ehandboken.ous-hf.no/document/10301#23 (Godkjent frå: 20. juli 2023).
  6. RELIS database 2022; spm.nr. 15599, RELIS Vest. (www.relis.no)
  7. White R, Bradnam V, editors. Handbook of Drug Administration via Enteral Feeding Tubes 2015; 3rd ed. Tilgjengeleg frå: https://rudiapt.files.wordpress.com/2017/11/handbook-of-drug-administration-via-enteral-feeding-tubes-2015.pdf
  8. Region Skåne. Stöd vid läkemedleshantering. a) Risperidon tablett (Sist oppdatert: 5. juni 2022), b) Metylfenidat tablett (Sist oppdatert: 12. august 2022). https://www.lakemedelshantering.se/
  9. Statens legemiddelverk. Legemiddelsøk: Risperidon. https://www.legemiddelsok.no/ (Søk: 31. august 2023).