

Behandling av bakteriell vaginose og soppinfeksjon i graviditet
Fråga: Fastlege spør for gravid pasient i første trimester. Pasienten har symptom på både bakteriell vaginose og candida vulvovaginitt, tidlegare langvarig behandling mot candida vulvovaginitt med flukonazol. Kva behandling bør pasienten få no når ho er gravid?
Sammanfattning: Ved påvist bakteriell vaginose og candida vulvovaginitt tilrår vi i første omgang bruk av lokalbehandling hos gravide. Dersom ein ikkje kjem i mål med lokalbehandling kan ein, etter nøye vurdering av fordelar mot ulemper, forskrive systemisk behandling med flukonazol. Ein må då informere pasienten om den aukte risikoen for spontanabort ein har observert hos pasientar som har blitt behandla med flukonazol.
Svar: Bakteriell vaginose
Norsk gynekologisk foreining (NGF) sin rettleiar skriv at bakteriell vaginose diagnostiserast når 3 av 4 av kriteria er tilstades: 1: Tynn, gråleg, homogen utflod, 2: pH >4,5 (hos opptil 90%), 3: Positiv luktetest (fiskelukt). Tilsett 1 dråpe 10 % kaliumhydroksid til utflod på objektglass/spekel, 4: >20 % clue-cells i våtpreparat (saltvatn). Lokalbehandling er like effektiv som peroral behandling og har færre biverknader. (1)
Behandling med dekvaliniumk (Donaxyl) 10 mg 1 vaginaltablett dagleg i 6 dagar, metronidazol vaginal gel om kvelden i 5 dagar (2). Ved terapisvikt kan ein forsøke klindamycin vaginal krem (2 %) x 1 i 7 dagar eller klindamycin vagitorier 100 mg x 1 i 3 dagar (1, 2).
Candida vulvovaginitt
For candida vulvovaginitt tilrår NGF sin rettleiar mikroskopi og dyrking med resistensbestemming ved soppvaginitt, dersom førstelinjebehandling ikkje har effekt og ved hyppig residiv (1). Flukonazol (Diflucan) er ikkje tilrådd under graviditet (1, 3-4). Ein har sett ei lita auke i talet på spontanabortar hos pasientar som har brukt standarddose flukonazol i første trimester, det er òg sett ei liten, men statistisk signifikant auke av medfødde misdanningar i nokre studiar (4).
I følgje NGF sin rettleiar er peroral og lokal behandling likeverdig, standardbehandling er: Klotrimazol vaginalkapsel 100 mg kvar kveld i 3 dagar eller klotrimazol vaginalkapsel 500 mg x 1 kombinert med klotrimazol krem, eventuelt tillegg av hydrokortison/mikonazol (Daktacort) krem ved kraftig kløe (1).
NICE-guidelines og oppslagsverket UpToDate tilrår bruk av klotrimazol eller mikonazol i 7-14 dagar hos gravide kvinner med påvist vaginal candidainfeksjon (5, 6). Ved manglande effekt av lokalbehandling kan ein forsøke flukonazol, men ein må informere pasienten om auka sjanse for abort og ein liten auka risiko for medfødde misdanningar (7, 8). Dersom dyrking viser imidazolresistent infeksjon har nystatin, flucytosin, Amphotericin B eller borsyre blitt brukt, men vert ikkje rutinemessig brukt og det er lite data på effekt (1, 5).
- Norsk gynekologisk forening. Veileder i gynekologi (2021). Gynekologiske infeksjoner og vulvovaginitt. https://www.legeforeningen.no/ (Lest: 05. september 2023)
- Helsedirektoratet, Antibiotikasenteret for primærmedisin. Antibiotikabruk i primærhelsetjenesten. Genitale infeksjoner. http://www.antibiotikaiallmennpraksis.no/ (Sist endra: 07. september 2021).
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Diflucan. http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist oppdatert: 29. november 2021).
- UK Teratology Information Service (UKTIS). Fluconazole in pregnancy. https://www.toxbase.org (Publisert: september 2020).
- Sobel JD. Candida vulvovaginitis in adults: Recurrent infection. Version 4.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 22. juni 2023).
- National Institue for Health and Care Excellence. Candida – female genital https://www.nice.org.uk/ (Sist oppdatert: 2017).
- Källén K, Winbladh B. Janusmed fosterpåverkan. Flukonazol. https://www.janusinfo.se/beslutsstod/janusmedfosterpaverkan/ (Sist endret: 20. januar 2023).
- Norsk elektronisk legehåndbok. Candida vaginitt. https://legehandboka.no/ (Sist endra: 06. februar 2013).