Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Rituksimab og hyperglykemi



Fråga: Kan rituksimab gje hyperglykemi? Det gjeld ein pasient med type 2 diabetes mellitus (T2DM) som vanlegvis er godt regulert. Spørsmål frå lege.

Sammanfattning: Hyperglykemi er ein kjend og vanleg biverknad av rituksimab ved indikasjonane non-Hodgkins lymfom og kronisk lymfatisk leukemi. Assosiasjonen er ikkje tydeleg etablert ved andre indikasjonar og vi finn heller ikkje at det er avdekka ein særskilt mekanisme for rituksimab-indusert hyperglykemi. Vi oppmodar til å melde det aktuelle som ein biverknad, dersom rituksimab brukast ved ein indikasjon der hyperglykemi ikkje er oppgjeve som ein kjend biverknad i preparatomtalen.

Svar: Hyperglykemi er oppført som ein vanleg biverknad av rituksimab, brukt på indikasjon non-Hodgkins lymfom (NHL) og kronisk lymfatisk leukemi (KLL) (1). Rituksimab er også blant dei monoklonale antistoffa som hyppigst er rapportert å gje hyperglykemi, ifølgje ein retrospektiv analyse av biverknadsdata (2). Denne retrospektive studien presenterer ikkje data for spesifikke indikasjonar, og det er uklart om rituksimab kan gje hyperglykemi, når det brukast ved andre indikasjonar enn NHL og KLL.

På det årlege møtet til International Society for Pharmacovigilance i 2016, vart det presentert foreløpige resultat frå ein meta-analyse om tryggleiken til rituksimab ved bruk mot revmatoid artritt (RA), med fokus på hyperglykemi som utfall (3). Dei fann ingen assosiasjon mellom bruk av rituksimab ved RA og hyperglykemi, men understreker at risikoen for eit falskt negativt resultat er tilstades, då det berre var to studiar som rapporterte hyperglykemi som utfall, og dei begge brukte same data. Frekvensen av hyperglykemi var 5-7,5 % i desse to studiane (3).

Ein studie som undersøkte om ulike typar behandling mot RA medførte intensivering av diabetesbehandling hos pasientar med samtidig T1DM eller T2DM, fann i ujusterte analysar at flest tilfelle skjedd i gruppa behandla med rituksimab (4). Etter å ha justert for bakgrunnsvariablar som alder, kjønn, komorbiditetar og andre legemiddel, fann ein derimot ingen forskjellar mellom dei ulike RA-legemidla (4).

Trass at hyperglykemi er ein kjend biverknad av rituksimab ved somme indikasjonar, er det likevel vanskeleg å finne noko om ein eventuell mekanisme som kan forklare kvifor rituksimab kan gje hyperglykemi. Hyperglykemi er ein kjend biverknad av fleire antineoplastiske og immunmodulerande legemiddel, men mekanismane for kvifor dei kan gje hyperglykemi varierer (5, 6).

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Rixathon (Sist oppdatert: 18. september 2023), b) Mabthera (Sist oppdatert: 22. mars 2023). https://www.legemiddelsok.no/
  2. Yang J, Zhao B et al. Blood glucose related adverse drug reaction of antitumor monoclonal antibodies: A retrospective analysis using Vigibase. Braz J Pharm Sci 2022; 58: 8893.
  3. Velez-Nandayapa L, DeVore L et al. The risk of hyperglycaemia with the use of rituximab in rheumatoid arthritis. Results from a meta-analysis of randomised clinical trials. ISoP Annual Meeting Agra, India, 2016. https://isoponline.org/wp-content/uploads/2016/11/L-Velez-19-Oct.pdf (Lest: 20. september 2023).
  4. Chen SK, Lee H et al. Use of biologic or targeted-synthetic disease-modifying anti-rheumatic drugs and risk of diabetes treatment intensification in patients with rheumatoid arthritis and diabetes mellitus. Rheumatol Adv Pract 2020; 4(2): rkaa027.
  5. Jain V, Patel RK et al. Drugs and hyperglycemia: A practical guide. Maturitas 2017; 104: 80-3.
  6. Fathallah N, Slim R et al. Drug-induced hyperglycaemia and diabetes. Drug Saf 2015; 38(12): 1153-68.