Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Tidspunkt for herpes zoster-vaksine etter gjennomgått sjukdom



Fråga: Ein apotekfarmasøyt spør om når ein kan setje herpes-zoster-vaksine etter gjennomgått helvetesild?

Svar: Vi kan ikkje finne informasjon om vaksineringstidspunkt med herpes zoster-vaksine for pasientar som har gjennomgått helvetesild, verken i vaksinasjonsrettleiaren eller i preparatomtalane til herpes zoster-vaksinene (1, 2). Ifølgje britiske vaksinasjonsretningslinjer skal personar som har helvetesild vente til symptoma er forsvunne før ein vurderer om dei kan vaksinerast med herpes zoster-vaksine. Samstundes understrekast det at den naturlege immuniseringsboosten ein får etter ein episode med helvetesild, gjer at nytten ved vaksinering direkte etter restitusjon er uklar (3).

Generelt anbefaler vi å kontakte vaksinerådgjevinga på Folkehelseinstituttet (FHI) ved spørsmål om vaksiner, som ein ikkje finn svar på i vaksinasjonsrettleiaren eller preparatomtalen til aktuell vaksine. Det er Folkehelseinstituttet som utarbeidar anbefalingar for vaksinasjon i Noreg. Dei kan kontaktast på vaksine@fhi.no eller på telefon 21 07 70 00 (opningstid kvardagar mellom kl. 13.00 og 14.30).

Vi minner også om at sjølv om administrasjon av vaksiner kan delegerast til helsepersonell som har fått opplæring i dette, skal det vere låg terskel for å konferere med rådgjevande lege, dersom det er usikkerheit rundt indikasjon, forsiktigheitsreglar eller kontraindikasjonar for vaksinering (4). Rekvirenten av vaksina har også eit sjølvstendig ansvar for å gje nødvendige opplysningar for å sikre forsvarleg ekspedisjon og rett bruk av vaksina (5).

Referenser:
  1. Folkehelseinstituttet. Varicella- og herpes zoster-vaksine - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/va/vaksinasjonsveilederen-for-helsepersonell/ (Sist oppdatert: 6. juni 2023).
  2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Zostavax (Sist oppdatert: 1. juli 2022), b) Shingrix (Sist oppdatert: 19. desember 2022). https://www.legemiddelsok.no/
  3. UK Health Security Agency. Shingles (herpes zoster): the green book, chapter 28a. https://www.gov.uk/government/publications/shingles-herpes-zoster-the-green-book-chapter-28a (Sist oppdatert: 26. juli 2023).
  4. Folkehelseinstituttet. Lover og regler ved vaksinasjon - veileder for helsepersonell. https://www.fhi.no/va/vaksinasjonsveilederen-for-helsepersonell/ (Sist oppdatert: 31. januar 2023).
  5. Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler m.m. https://lovdata.no/ (Sist endret: 29. juni 2023).