

Sertralin og TSH-stigning
Fråga: Pasient med Hashimotos tyreoiditt som bruker levotyroksin (Levaxin) og liotyronin (Liothyronin). Pasienten har nyleg starta opp med sertralin (Zoloft) og har etter dette fått TSH-stigning, men ingen kliniske symptom. Legen lurer på om det kan vere ein samanheng mellom oppstart av sertralin og TSH-stigninga?
Sammanfattning: Det er rapportert at sertralin kan gje TSH-stigning og hypotyreose hos både eutyreote og hypotyreote pasientar, men mekanismen bak korleis sertralin eventuelt påverkar tyreoidea er foreløpig uklar. I det aktuelle tilfellet er det ein tidsmessig samanheng mellom oppstart av sertralin og TSH-stigning. Sjølv om det kan indikere ein mogleg biverknad, bør også andre årsaker til TSH-stigninga vurderast.
Svar: Ifølgje preparatomtalen er hypotyreose ein kjend og mindre vanleg biverknad av sertralin, medan isolert TSH-stigning ikkje er oppgjeve som ein kjend biverknad (1).
Ifølgje interaksjonsdatabasar, er det hos pasientar med levotyroksin-behandla hypotyreose (årsak ikkje spesifisert) rapportert om stigning i TSH med påfølgjande behov for doseauke av levotyroksin etter oppstart med sertralin (2, 3). Samanhengen er likevel ikkje stadfesta og mekanismen bak at sertralin kan medføre TSH-stigning og hypotyreose er ikkje klarlagt, og korleis SSRI påverkar tyreoideahormon synast også å vere uavklart (2-4).
Ifølgje ein nyare oversiktsartikkel rapporterte ein studie om at eutyreote pasientar behandla med sertralin fekk stigning i TSH og reduksjon av både fritt T4 og total T4, medan for pasientar behandla med reboksetin var det motsett. Ingen endringar var sett for pasientar behandla med venlafaksin (4). Ein meta-analyse som undersøkte påverknad på tyreoidea-hormon av SSRI som gruppe, fann at eutyreote pasientar fekk lågare nivå av totalt T4, fritt T4 og T3 og ingen endringar i TSH (4).
Ei hypotese for korleis SSRI kan påverke tyreoidea er at SSRI stimulerer aktiviteten til enzymet type 2 jodtyronin-dejodinase, som konverterer T4 til T3 i ulike vev, inkludert i hjernen. Samstundes kan dei antidepressive effektane i seg sjølv tenkjast å ha påverknad på tyreoidea-aksen (4).
Referenser:- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Zoloft. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 28. mars 2023).
- Baxter K, Preston CL, editors. Stockleys Drug Interactions (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Søk: 29. september 2023).
- Inxbase - Interations. https://www.terveysportti.fi/terveysportti/interaktio.inxbase.search# (Søk: 29. september 2023).
- Kotkowska Z, Strzelecki D. Depression and autoimmune hypothyroidism - their relationship and the effects of treating psychiatric and thyroid disorders on changes in clinical and biochemical parameters including BDNF and other cytokines - a systematic review. Pharmaceuticals (Basel) 2022; 15(4): 391.
