Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Fenamat-NSAIDs og nevrodegenerativ sjukdom



Fråga: Ein lege har lese ein artikkel om at NSAIDs-gruppa fenamatar kan ha ein beskyttande effekt mot nevrodegenerative sjukdommar (1). Legen lurer på om dette er eit tema som får merksemd for tida - om ein meiner at teorien er styrka gjennom seinare forsking og om det eventuelt finst fenamat-NSAIDs tilgjengeleg på den norske marknaden? Spørsmål frå sjukehuslege.

Sammanfattning: Forskinga på bruk av fenamat-NSAIDs mot Alzheimer's sjukdom synast foreløpig å vere på hypotesegenererande nivå, og vi kan ikkje finne at det er utført eller pågår kliniske studiar. Fagmiljø som er involvert i forsking på nevroinflammasjon og Alzheimer's sjukdom kan hende har meir kjennskap til den gjeldande vitskaplege diskusjonen rundt dette. Gjeldande retningslinjer frårådar NSAIDs som behandling ved demens, grunna manglande effektdokumentasjon og høg risiko for biverknader ved lengre tids bruk. Tolfenamsyre er det einaste marknadsførte fenamatet i Noreg, indisert for akutte migreneanfall.

Svar: Gjeldande retningslinjer for demens anbefalar at personar med demens ikkje bør tilbys betennelsesdempande legemiddel som NSAIDs for behandling av kognitive og/eller åtferdsmessige og psykologiske symptom ved demens (2). Dette grunna at slik behandling ikkje har vist effekt i kliniske studiar, samt at NSAIDs er assosiert med ei rekke biverknader (2).

Fenamat og Alzheimer’s sjukdom
Artikkelen spørsmålsstillar viser til omtalar ulike eksperimentelle studiar, som har undersøkt fenamatar sine moglege positive effektar på molekylære mekanismar som kan spele ei rolle i sjukdomsutviklinga av Alzheimer's sjukdom (1).

Etter det vi kan finne vart ideen om fenamat-NSAIDs som potensiell anti-inflammatorisk terapi først lansert på ein forskingskonferanse i 2016 (3). Dette hadde bakgrunn i dyreforsøk som hadde vist at denne typen NSAIDs kunne ha hemmande effektar på inflammatoriske protein som påverkar funksjonen til mikroglia (3).

Av nyare oppsummeringar på feltet finn vi ein oppsummeringsartikkel frå 2023, som drøftar korleis diklofenak og fenamat-NSAIDs, som har liknande struktur, kan tenkjast å ha terapeutiske effektar på Alzheimer’s sjukdom (4). Forskinga dei byggjer argumentasjonen rundt er i hovudsak eksperimentelle studiar og studiar i dyremodellar. På NSAIDs generelt er det utført fleire epidemiologiske og kliniske studiar, samt metanalysar, som visar motstridande resultat. Dei kliniske studiane var av svært varierande kvalitet og viste jevnt over negative resultat (4).

Ut frå dette synast dermed forskinga på fenamater foreløpig å vere på hypotesegenererande nivå, og vi kan heller ikkje finne at det er utført eller pågår kliniske studiar for å undersøke bruk av fenamater til dette.

Meir informasjon
RELIS har ikkje kjennskap til kva diskusjonar som føregår i fagmiljøa som forskar på dette. For meir informasjon om kva som er på agendaen i høve til forsking på dette feltet, føreslår vi å ta direkte kontakt med fagmiljøa som er involvert. I Noreg finst eit eige nasjonalt nettverk for forsking Alzheimer’s sjukdom, som blant anna arbeidar med å identifisere nye legemiddelmål for Alzheimer’s sjukdom (5).

Tilgjengelege fenamat-NSAIDs
På den norske marknaden finst det eitt registrert preparat av fenamat-typen – tolfenamsyre (Migea) (6). Tolfenamsyre har berre akutte migreneanfall som godkjent indikasjon (7). Internasjonalt finst det ei rekkje andre fenamat-NSAIDs, med indikasjonar frå dysmenoré til artritt-sjukdommar (8). Fenamat-NSAIDs hemmar både cyklooksygenase-1 (COX-1) og cyklooksygenase-2 (COX-2), men med noko forskjellar på kor selektive dei er for dei to enzyma. Tolfenamsyre er derimot ein potent hemmar av både COX-1 og COX-2 (9).

Biverknadsprofilen til fenamat-NSAIDs liknar den for uselektive NSAIDs, som diklofenak, blant anna ein høg risiko for gastrointestinale biverknader og negative effektar på nyrefunksjonen (9). Fenamat-NSAIDs har også farmakologiske effektar utover hemming av prostaglandin-syntesa. Desse effektane er i hovudsak skildra i in vitro-studiar og den kliniske relevansen av desse effektane, inkludert potensielle biverknader, er ikkje godt beskrive (9).

Referenser:
  1. Hill J, Zawia NH. Fenamates as potential therapeutics for neurodegenerative disorders. Cells 2021; 10(3): 702.
  2. Helsedirektoratet. Nasjonal faglig retningslinje: Demens. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/demens (Sist faglig oppdatert: 31. oktober 2022).
  3. Sancho RM, Cox CJ et al. Alzheimer's Research UK 2016 Conference report. Alzheimers Res Ther 2016; 8(1): 35.
  4. Stopschinski BE, Weideman RA et al. Microglia as a cellular target of diclofenac therapy in Alzheimer's disease. Ther Adv Neurol Disord 2023 ; 16: 17562864231156674.
  5. NO-AD. The Norwegian National anti-Alzheimer's disease network. https://noad100.com/ (Lest: 2. november 2023).
  6. Statens legemiddelverk. Legemiddelsøk: Legemidler etter område: Fenamater. https://www.legemiddelsok.no/ (Søk: 2. november 2023).
  7. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Migea. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 24. mars 2023).
  8. Drugbank. Fenamates. https://go.drugbank.com/categories/DBCAT001132 (Lest: 2. november 2023).
  9. Graham GG. Fenamates. In: Parnham M, editor. Compendium of Inflammatory Diseases 2016. https://link.springer.com/referencework/10.1007/978-3-0348-0620-6