Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Finasterid mot hårtap hos transmann



Fråga: Spørsmålet gjeld ein transmann i 20-åra, som har utført hormonell kjønnsendring, men fortsatt har eggstokkar og livmor. Pasienten opplev no hårtap, sannsynleg som ein konsekvens av testosteronbehandlinga. Kan finasterid vere aktuell behandling? Spørsmål frå allmennlege.

Sammanfattning: Finasterid er føreslått som behandlingsalternativ ved androgen alopesi hos transmenn, men dokumentasjonen er sparsam. Optimalt oppstartstidspunkt for slik behandling er ikkje etablert, men bør ikkje gjerast før den aktuelle pasienten har oppnådd ønskja fysiske endringar av testosteronbehandling. Transmenn med bevarte eggstokkar og livmor, bør gjerast merksame på risikoen for uheldige effektar på gutefoster, ved ein eventuell graviditet. Biverknader av slik behandling er heller ikkje godt kjend hos denne populasjonen, men ein kan ikkje utelukke hormonelle, seksuelle eller psykiske biverknader.

Ein må vurdere i kvart enkelt tilfelle, både om og eventuelt når finasterid kan vere aktuell behandling mot androgen alopesi. Pasienten må gjerast kjent med usikkerheiten i effektdokumentasjonen, samt potensielle uheldige effektar.

Svar: Fleire oppsummeringsartiklar omtalar omfang av og moglege behandlingsalternativ for androgen alopesi (AGA) hos trans-menn (1-5). Finasterid nemnast som eit mogleg behandlingsalternativ i fleire av desse, men slik behandling er likevel ikkje ukontroversielt. Noko av grunnen er at dokumentasjonen for effekt og tryggleik av finasterid mot AGA i denne populasjonen er svært sparsam (1-6).

Sparsam dokumentasjon
Den eine studien av finasterid mot AGA hos transmenn inkluderte ti transmenn behandla med testosteron i minst to år, som også hadde gjennomgått fjerning av livmor og eggstokkar (6). Dei inkluderte pasientane fekk 1 mg finasterid dagleg i 12 månader. Effekt av behandlinga vart målt som endring av grad av hårtap på Norwood-Hamilton (NH)-skalaen (6).

Alle pasientane opplevde éi grads betring på NH-skalaen 4-6 månader etter oppstart med finasterid. Det vart ikkje registrert endringar i serum-testosteron eller seksuell lyst hos pasientane i løpet av studieperioden. Ingen signifikante biverknader vart rapportert, men to av pasientane stoppa behandlinga av økonomiske årsaker, medan ein pasient stoppa behandling grunna dyspepsi. Hos desse tre pasientane vart betringa av hårtapet reversert i løpet av 3-6 månader etter behandlinga vart stoppa (6).

Usikkerheit rundt tidspunkt for oppstart og biverknader av behandling
Fleire av artiklane underbyggjer bruk hos transmenn med at finasterid i USA er undersøkt og godkjent for behandling av AGA hos cis-menn (1-3). Vidare er ikkje artiklane alltid klare på å skilje mellom anbefalingar for transmenn som har hatt kjønnskorrigerande kirurgi eller dei som fortsatt har eggstokkar og livmor intakt. Nokre manar til varsemd, medan andre understreker at finasterid er kontraindisert hos transmenn som er gravide eller potensielt kan bli gravide, då finasterid kan gje misdanningar av ytre genitalia hos gutefoster (1, 2).

Andre påpeiker at for tidleg oppstart med finasterid kan innverke negativt på utviklinga av ønska fysiske trekk hos transmenn, slik som mørkare stemme, kroppsbehåring, og klitoromegali (2, 4, 7). Det er dermed viktig å avvente eventuell oppstart med finasterid til ønskja endring av testosteronbehandlinga er oppnådd.

Andre igjen tar opp andre moglege biverknader, basert på kva som er sett hos cis-menn. Blant moglege biverknader nemnast gynekomasti, nedsett libido, erektil dysfunksjon og depresjon (1, 2, 5).

Effekt og tryggleik av finasterid hos cis-kvinner
Finasterid er også utprøvd hos både normo- og hyperandrogene cis-kvinner med androgen alopesi (8, 9). Doseringa av finasterid varierte frå 1-5 mg i desse studiane. Studiedesign og målt effekt av behandling varierte også mykje mellom studiane, frå kasusrapportar og ukontrollerte studiar til placebo-kontrollerte studiar, og frå subjektive vurderingar til meir objektive målemetodar av hårkvalitet (8, 9).

Tilsvarande er resultata noko ulike. Somme studiar har funne at høgare dosar finasterid (2,5-5 mg dagleg) kan vere av nytte hos enkelte pasientar utan hyperandrogenisme. Effekten på hårtap hos hyperandrogene kvinner er også høgst uklar, då stabilisering eller betring er rapportert i ein kasus-serie, medan ingen forskjellar vart vist i ein open, kontrollert studie (8, 9).

Alternative behandlingar
Topikale og orale formuleringar av minoksidil trekkast av fleire fram som alternativ til transmenn med AGA (1-3, 5). Sjølv om dokumentasjonen er sparsam også her, vurderast det som positivt at dette ikkje interagerer med hormonbehandlinga. Topikal minoksidil (50 mg/ml = 5 %) er utprøvd og godkjent for AGA hos cis-menn og cis-kvinner (10). Orale formuleringar av minoksidil er ikkje godkjent for dette føremålet, og finnast berre som uregistrerte preparat i Noreg (1, 3, 5, 11). Oral minoksidil mot AGA føreslåast dosert 1,25-5 mg dagleg (1, 3, 5).

Av ikkje-medikamentelle tiltak nemnast lågenergi laserterapi (low level laser therapy - LLLT), hårtransplantasjon og injeksjonar av platerikt plasma (1).

Referenser:
  1. Gao JL, Streed CG Jr et al. Androgenetic alopecia in transgender and gender diverse populations: A review of therapeutics. J Am Acad Dermatol 2023; 89(4): 774-83.
  2. Gao Y, Maurer T et al. Understanding and addressing hair disorders in transgender individuals. Am J Clin Dermatol 2018; 19(4): 517-27.
  3. Motosko CC, Tosti A. Dermatologic care of hair in transgender patients: a systematic review of literature. Dermatol Ther (Heidelb) 2021; 11(5): 1457-68.
  4. Yeung H, Luk KM et al. Dermatologic care for lesbian, gay, bisexual, and transgender persons: Epidemiology, screening, and disease prevention. J Am Acad Dermatol 2019; 80(3): 591-602.
  5. Tang GT, Zwickl S et al. Effect of gender-affirming hormone therapy on hair growth: a systematic review of the literature. Clin Exp Dermatol 2023; 48(10): 1117-27.
  6. Moreno-Arrones OM, Becerra A, Vano-Galvan S. Therapeutic experience with oral finasteride for androgenetic alopecia in female-to-male transgender patients. Clin Exp Dermatol 2017; 42(7): 743-8.
  7. Irwig MS. Is there a role for 5α-reductase inhibitors in transgender individuals? Andrology 2021; 9(6): 1729-31.
  8. Iamsumang W, Leerunyakul K et al. Finasteride and its potential for the treatment of female pattern hair loss: evidence to date. Drug Des Devel Ther 2020; 14: 951-9.
  9. McMichael M. Female pattern hair loss (androgenetic alopecia in females): Management. Version 11.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 21. desember 2021).
  10. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Recrea Forte. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 8. februar 2023).
  11. Felleskatalogen. Legemiddel på godkjenningsfritak: Minoksidil. https://www.felleskatalogen.no/ (Søk: 22. november 2023).