Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Seponering av semaglutid før graviditet



Fråga: Allmennlege spør angåande kvinne som brukar semaglutid (Wegovy) og som planlegg svangerskap. Er det nødvendig med ein utvaskingsperiode før ein forsøker å bli gravid? I Felleskatalogen står det:"Pga. lang halveringstid skal semaglutid seponeres minst 2 måneder før en planlagt graviditet." Er det RELIS si anbefaling også, eller har RELIS andre råd?

Svar: Foreløpig er vårt råd det same som Felleskatalogen, å seponere semaglutid 2 månader før planlagt svangerskap (1-2). Det er foreløpig ikkje tilkome litteratur som gjev grunnlag for å kome med eit anna råd.

Rådet om å seponere semaglutid 2 månader før planlagt graviditet stemmer overeins med eliminasjonen til semaglutid. Med ei eliminasjons-halveringstid på om lag 1 veke, vil semaglutid vere til stades i sirkulasjonen i ca. 7 veker etter siste administrerte dose (3).

Semaglutid er ein relativt ny medisin og vi har svært lite kunnskap om bruk under graviditet. Vi har foreløpig ikkje tilstrekkelege humandata til å kunne konkludere med tanke på eventuell risiko for fosterskadelege effektar eller svangerskapskomplikasjonar (1-6).

I ei nyleg publisert studie fann ein ingen auka risiko for medfødde misdanningar generelt eller hjartemisdanningar spesielt, hos barn av mødrer med diabetes behandla med GLP-1-analogar (n =938), samanlikna med misdanningsfrekvensen sett for insulin (6). Det er usikkert om data frå diabetesbehandling er overførbare til overvektsbehandling. Oppsummert treng vi fleire studiar trengs for å kunne seie noko sikkert om bruk av semaglutid under graviditet.

Referenser:
  1. RELIS database 2023; spm.nr. 9463, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
  2. RELIS database 2023; spm.nr. 16538, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
  3. Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC) Wegovy. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 13. oktober 2023).
  4. Muller DRP, Stenvers DJ et al. Effects of GLP-1 agonists and SGLT2 inhibitors during pregnancy and lactation on offspring outcomes: a systematic review of the evidence. Front Endocrinol (Lausanne). 2023;14:1215356.
  5. RELIS database 2023; spm.nr. 16140, RELIS Vest. (www.relis.no)
  6. Cesta CE, Rotem R et al. Safety of GLP-1 Receptor Agonists and Other Second-Line Antidiabetics in Early Pregnancy. JAMA Intern Med 24; 184(2):144-52.