Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Lidokain salve som overflateanestesi før dental lokalanestesi



Fråga: Eit apotek har fått følgjande spørsmål frå ein tannklinikk og vidaresender spørsmålet til RELIS: Kan ein bruke lidokain (Xylocain) salve 5 % før ein setjer bedøving i munn? Tenkjer kanskje kort bruk og så vaske bort, men dersom noko skulle kome i svelget, kva konsekvensar har det (er det klinisk relevant)? Er det nokre avgrensingar kva gjeld alder? Kva blir haldbarheita på denne tuba etter at ein har tatt den i bruk? Spørsmålet har bakgrunn i at det blir mykje legemiddel som kastast, om ein bruker lidokain (Xylocain) gel 2 % i eingongssprøyter.

Svar: Blant indikasjonane for lidokain (Xylocain) salve 5 % er overflateanestesi av gummar før injeksjonar, periodentale prosedyrar, eller ved postoperative smerter etter dentale og otolaryngeale prosedyrar (1). Vidare oppgjevast det at salven kan brukast av vaksne og barn i alle aldrar, og preparatomtalen oppgjev også særlege omsyn å ta for barn <12 år, eldre eller personar med særskilte tilstandar eller som bruker særskilte samtidige legemiddel (1).

I nasjonal fagleg retningslinje for tannhelsetenester til barn og unge 0-20 år, oppgjevast også lidokain salve som eit av alternativa ved val av overflateanestesi på intakt hud/slimhinne i forkant av lokalanestesi (2). For dosering, inkludert maksimaldosar, varsemdsreglar og biverknader, visast det direkte til preparatomtalane (2). Under refererer vi til preparatomtalen kva gjeld dei andre spesifikke spørsmåla, men tannlegen bør visast til preparatomtalen for meir detaljar.

I doseringanbefalingane til lidokain salve, oppgjevast det at ein skal tørke av oralslimhinna før applisering av Xylocain-salve og ein vil då oppnå anestesi etter 2-3 minutt (1). Tryggleik og effekt av lidokain salve brukt som overflateanestesi på slimhinner avheng av rett dosering og teknikk, og tannlegen bør sjølvsagt ta forholdsreglar for å unngå at store mengder salve hamnar i svelget heller enn på munnslimhinna, der det er meint å ha effekt. Til informasjon er maksimal anbefalt dose av salva ved endotrakeal intubasjon – altså at ein smørjer inn eit plastrøyr som skal gå via svelget og ned i luftrøyret – 2 gram (1). Varsemdsreglane for lidokain salve er ikkje ulike frå dei som gjeld for lidokain gel.

Til forskjell frå lidokain (Xylocain) gel, der det er tydeleg spesifisert at dei ferdigfylte sprøytene er meint for eingongsbruk, er det ikkje oppgjeve tilsvarande restriksjonar for salva (1). Det er heller ikkje oppgjeve særskilte haldbarheitsreglar for opna tube versus uopna tube, og då gjeld haldbarheita som er påført tuba (1).

Referenser:
  1. Direktoratet for medisinske produkt. Preparatomtale (SPC) Xylocain salve 5 %. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 2. februar 2024).
  2. Helsedirektoratet. Nasjonal faglig retningslinje for tannhelsetjenester til barn og unge 0-20 år, kap. 11: Lokal anestesi, smertestillende legemidler, sedasjon eller generell anestesi (narkose) ved tannbehandling av barn og unge. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/tannhelsetjenester-til-barn-og-unge-020-ar/ (Sist fagleg endra. 16. februar 2024).