

Seponering av klopidogrel før kirurgi
Fråga: Skal klopidogrel seponeres eller kontinueres ved kirurgi? Gjelder mann i 60-årene som bruker klopidogrel 75 mg daglig etter gjennomgått TIA. Han skal til prostatabiopsi. Spørsmål fra allmennlege.
Svar: RELIS fekk i 2020 tilsvarande spørsmål om kor lenge før eit kirurgisk inngrep platehemmarar og antikoagulantia bør seponerast (1). Konklusjonen var at for platehemmarar som klopidogrel, må tromboserisikoen knytt til underliggande sjukdom og aktuell kirurgisk prosedyre vurderast opp mot blødingsrisikoen ved inngrepet. Avgjersle om seponering av platehemmarar før planlagt operasjon bør gjerast av relevante spesialitetar i fellesskap; til dømes anestesilege, kirurg og kardiolog, og for kvar enkelt pasient (1).
Vi vil difor vise til institusjonen/avdelinga der inngrepet skal gjerast, slik at dei kan gjere ei vurdering av om klopidogrel skal seponerast eller kontinuerast i det aktuelle tilfellet.
Dersom klopidogrel skal seponerast før eit inngrep, bør dette gjerast 7 dagar før inngrepet (1, 2).
Vi tipsar også om Danske Selskab for Trombose og Hæmostase sitt internettverktøy for hjelp til vurderingar rundt pausering av antitrombotiske legemiddel ved kirurgiske inngrep (3).
Referenser:- RELIS database 2020; spm.nr. 5995, RELIS Nord-Norge. (www.relis.no)
- Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC) Plavix. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 7. juli 2023).
- Dansk Selskab for Trombose og Hæmostase. Pausering og/eller bridging af patienter i antitrombotisk behandling, som skal gennemgå et operativt indgreb (app). https://dsth.dk/prab/ (Lest: 8. april 2024).
