

Vimovo og tinnitus - mekanisme og reversiblilitet
Fråga: Fastlege spør for kvinne i 50-åra som har fått bilatteral tinnitus etter bruk av kombinasjonspreparat med esomeprazol og naproksen (Vimovo). Veit ein noko årsaksmekanismen og om det er reversibelt?
Svar: Tinnitus er oppført som ein vanleg (=1/100 til <1/10) biverknad av naproksen og ein mindre vanleg (=1/1000 til <1/100) biverknad av kombinasjonspreparat med esomeprazol og naproksen (Vimovo), det er sett på som ein biverknad på gruppenivå for NSAIDs, men er oppgitt som sjeldne biverknader for dei andre NSAIDs (1).
Typisk for høyrselstap av salisylater og NSAIDs er at dette er forbigåande, bilateralt, symmetrisk og sensorinevralt (2–4). Ein ser som regel tinnitus samtidig med høyrselstapet (3). Høyrselen normaliserast som regel i løpet av 24 til 72 timar etter seponering (2). Det finnes fleire kasuistikkar der salisylater eller NSAIDs har gitt permanent sensorinevralt høyrselstap (4).
Ein har sett ein klar årsakssamanheng mellom bruk NSAIDs og tinnitus. Det er gjort mest forsking på acetylsalisylsyre, men det er for det meste beskrevet COX-hemming som årsaksmekanisme, men òg noko som er spesifikt for acetylsalisylsyre (5–7). Ved bruk av acetylsalisylsyre har ein sett forbigåande høyrselstap og tinnitus grunna redusert otoakustisk emisjon, endring i terskelen for å aktivere cochlea og redusert nervesignal frå cochlea (6).
Ein har sett at høgdose acetylsalisylsyre gjer høyrselstap for visse frekvensar og tinnitus etter kort tids bruk, ein vurderte tidlegare dette som ein forbigåande effekt, men ein er meir usikker no då ein har sett fleire mekanismar NSAIDs kan forårsake tinnitus og høyrselstap (8). Ved langtidsbruk er det meir usikkert, og ein har sett ein auka risiko for persisterande tinnitus og høyrselstap ved hyppig bruk av NSAIDs (9).
Helsepersonell har meldeplikt for uventa eller nye biverknader av legemiddel, for at legemiddelmyndigheitene tidlegast mogleg skal kunne fange opp signal om hittil ukjende biverknader (10). Ved persisterande eller irreversibel tinnitus tilrår RELIS å vurdere det som ein uventa biverknad. Ein treng ikkje vere sikker på at det er ein samanheng for å melde, det held å melde på mistanke.
- Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC) a) Vimovo. (Sist oppdatert: 31. juli 2023). b) Cataflam (Sist oppdatert: 21. oktober 2022) https://legemiddelsok.no/
- Yorgason JG, Fayad JN et al. Understanding drug ototoxicity: molecular insights for prevention and clinical management. Expert Opin Drug Saf 2006; 5(3): 383-99.
- McKinnon BJ, Lassen LF. Naproxen-associated sudden sensorineural hearing loss. Mil Med 1998; 163 (11): 792-3.
- RELIS database 2010; spm.nr. 6352, RELIS Vest (relis.no)
- Kleinjung, T., Langguth, B. (2020). Pharmacotherapy of Tinnitus. In: Searchfield, G.D., Zhang, J. (eds) The Behavioral Neuroscience of Tinnitus. Current Topics in Behavioral Neurosciences, vol 51. Springer, Cham.
- Salvi R, Radziwon K, et al. Review: Neural mechanisms of tinnitus and hyperacusis in acute drug-induced ototoxicity. Am J Audiol. 2021 Oct; 30(3S): 901-915.
- lgoyhen AB, Langguth B, et al. Identifying tinnitus-related genes based on a side-effect network analysis. CPT Pharmacometrics Syst Pharmacol. 2014 Jan; 3(1): e97. https://ascpt.onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1038/psp.2013.75
- Chen GD, Stolzberg D, et al. Salicylate-induced cochlear impairments, cortical hyperactivity and re-tuning, and tinnitus. Hear Res. 2013 Jan; 295: 100-13.
- Curhan SG, Glicksman J, et al. Longitudinal study of analgesic use and risk of incident persistent tinnitus. J Gen Intern Med. 2022 Nov; 37(14): 3653-3662.
- Forskrift om system for rapportering av bivirkninger av legemidler (bivirkningsregisterforskriften). § 3-1. (Sist endra: 20. desember 2023).