ADHD-behandling ved samtidig bruk av alkohol
Fråga: Ein lege viser til at det ei tidlegare RELIS-sak, frå 2017, omtalast at ein på generelt grunnlag ikkje bør bruke alkohol ved samtidig inntak av psykoaktive stoff, grunna forsterka sentralnervøse effektar. Legen har også høyrt at ein del behandlarar refererer til auka risiko for hjarte- og kar-tilstandar. Kan RELIS sei noko om forskinga rundt dette? Legen lurer også på kva anbefalingar som føreligg rundt PEth-verdiar, dersom pasienten har ei rusliding med alkohol (langvarig eller skadeleg bruk) og ein skal starte opp med medikamentell behandling av ADHD? Spørsmål frå lege i psykiatri.
Svar: Når det gjeld psykofarmaka og alkohol, får RELIS både spørsmål om «vanleg» inntak av alkohol og komorbid alkohol-rusmiddelliding. Det framgår ikkje spesifikt av spørsmålet kva sak legen har lese, men vi finn ei sak frå 2017, som omhandlar inntak av alkohol hos ein pasient som bruker metylfenidat, der tilsvarande ordlyd som det legen refererer til inngår (1).

I den tidlegare RELIS-saka gjeld spørsmålet høve til å drikke alkohol i samband med ein fest om kvelden og inntak av metylfenidat som morgondose (altså "vanleg" bruk). I det aktuelle spørsmålet oppfattar vi det som at legen lurer på kva forskinga seier om risiko for hjarte-kar-tilstandar hos pasientar behandla medikamentelt for ADHD og som har komorbid alkohol-rusmiddelliding. Kva gjeld bruk av PEth-verdiar i den samanheng, har vi verken kjennskap til anbefalingar eller erfaring med slik bruk, og anbefalar å kontakte lokal seksjon for lege- og rusmiddelanalyse for rettleiing i bruk av PEth.

Kardiovaskulær risiko ved samtidig bruk av sentralstimulerande og høgt alkoholforbruk
Sentralstimulerande gjev i seg sjølv ein auka risiko for høgt blodtrykk og kardiovaskulære biverknader og derfor skal kardiovaskulær status kartleggast i forkant av behandling og monitorerast under behandling med sentralstimulerande (2). Pasientar med ruslidingar kan generelt vere meir sensitive for biverknader, av ei rekkje årsaker (3).

Langvarig høgt alkoholforbruk kan gje ei rekkje ulike helseplager, inkludert auke risikoen for høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdommar (3, 4). Leverskade og nedsett leverfunksjon er også ein mogleg konsekvens av langvarig eller skadeleg alkoholforbruk (3, 4), og risikoen for biverknader kan auke for legemiddel som metaboliserast via lever. Alkohol i seg sjølv kan også interferere med metabolismen av sentralstimulerande (5).

Av dette følgjer altså at pasientar med langvarig eller skadeleg alkoholinntak både kan ha ein underliggjande kardiovaskulær risiko eller at dei generelt kan vere ekstra utsette for biverknader av sentralstimulerande, av ei rekkje årsaker.

Ein systematisk oversiktsartikkel og meta-analyse frå 2022 undersøkte interaksjonspotensialet mellom alkohol og legemiddel, inkludert sentralstimulerande legemiddel (5). Her oppsummerer dei blant anna at samtidig bruk av alkohol og metylfenidat synast å gje auka eksponering for metylfenidat, noko som aukar risikoen for biverknader. Dei åtvarar også mot alkoholinntak ved bruk av amfetamin-preparat, grunna mogleg potensiering av kardiovaskulære biverknader ved ei auke i hjartets arbeid og oksygenforbruk. Sjølv om forfattarane registrerte type alkoholforbruk i studiane dei inkluderte, trekkast det ikkje fram spesifikke resultat eller vurderingar på dette kva gjeld samtidig bruk av sentralstimulerande (5).

Elles finst det ein systematisk oversiktsartikkel frå 2015, som undersøkte evidensen for potensielle effektar (positive eller negative) av å kombinere ADHD-legemiddel med alkohol eller andre rusmiddel (6). På bakgrunn av den vide problemstillinga, hadde dei inkluderte studiane svært ulike metodologiar, og ingen av dei hadde som primært mål å spesifikt undersøke kardiovaskulære effektar eller biverknader generelt. Dei inkluderte fire humane studiar og éin dyrestudie på kombinasjonen metylfenidat-alkohol. Av dei som rapporterer om potensielt skadelege effektar, er det snakk om auka inntak av alkohol, meir sentralnervøse effektar (slik som eufori) og meir gastrointestinale biverknader. Ingen alvorlege biverknader vart rapportert i dei inkluderte studiane (6).

Anbefalingar for ADHD-behandling ved samtidig rusliding med alkohol
Ein nyleg publisert oversiktsartikkel oppsummerer noko om overlapp og kompleksitet mellom overforbruk av alkohol (AUD) og ADHD (7). Her framkjem det at det generelt er lite dokumentasjon for samtidig AUD og ADHD for å rettleie behandling av sistnemnte (7).

Generelt sett er det tilrådd at ein behandlar og stabiliserer rusmiddelavhengigheit i forkant av oppstart med sentralstimulerande (3). Avdeling for rusmedisin (AFR) i Helse Bergen har utarbeida ein intern rettleiar for diagnostikk og behandling av ADHD hos pasientar med ruslidingar, som også ligg tilgjengeleg i metodebok.no (8). Denne kan vere til hjelp i vurderingar og spørsmål knytt til oppstart av medikamentell behandling mot ADHD hos pasientar med langvarig eller skadeleg alkoholforbruk.
Referenser:- RELIS database 2017; spm.nr. 12052, RELIS Vest. (www.relis.no)
- Brent D, Bukstein O et al. Attention deficit hyperactivity disorder in adults: Treatment overview. Version 27.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 17. april 2024).
- Helsedirektoratet. Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse - ROP-lidelser. https://www.helsedirektoratet.no/ (Sist oppdatert: 13. juni 2022).
- Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten. Sammenhengen mellom inntak av alkoholholdige drikker og risiko for hjerte- og karsykdom. Rapport fra Kunnskapssenteret nr 13-2013. https://www.fhi.no/
- Traccis F, Presciuttini R et al. Alcohol-medication interactions: A systematic review and meta-analysis of placebo-controlled trials. Neurosci Biobehav Rev 2022; 132: 519-41.
- Barkla XM, McArdle PA et al. Are there any potentially dangerous pharmacological effects of combining ADHD medication with alcohol and drugs of abuse? A systematic review of the literature. BMC Psychiatry 2015; 15: 270.
- Weiss F, Tidona S et al. Triple diagnosis of Attention-Deficit/Hyperactivity Disorder with coexisting bipolar and alcohol use disorders: Clinical aspects and pharmacological treatments. Curr Neuropharmacol 2023; 21(7): 1467-76.
- Avdeling for rusmedisin (AFR), Haukeland universitetssjukehus. Lommerus: ADHD og rus. https://metodebok.no/index.php?action=chapter&item=39WzgsN6 (Sist oppdatert: 20. desember 2023).