

Propranolol og depotkapsler; depoteffekt ved opning av kapsel?
Fråga: Ein fastlege har ein pasient som bruker Propal (propranolol) retard 80 mg mot tremor. Pasienten har utvikla det pasienten sjølv opplever som biverknader av legemiddelet, og ønsker å redusere dosen. Biverknadane er vurdert av relevant lege, og ein mistenker anna årsak til plagene enn legemiddelet. Pasienten vil likevel redusere dosen i håp om å mildne plagene. Pasienten har derfor på eige initiativ valt å opne kapslane og tatt ut granulatet i kapslane. Granulatet har blitt delt i to like doser, og lagt i små tomme kapslar brukt til administrering av legemiddel/naturlegemiddel som skal vere mogleg å få tak i hos helsekostforretningar. På den måten meiner pasienten at doseringa blir propranolol som depotformulering, 40 mg dagleg. Fastlege spør om denne måten å administere Propal retard på vil gi vedvarande depoteffekt.
Sammanfattning: Innhaldet i kapselen, granulatet i Propal retard 80 mg, kan takast ut av kapselen og har depoteffekt så lenge granulatet ikkje knusast eller tyggast. Det kan vere vanskeleg å dele innhaldet i to like dosar, men det kan vere eit alternativ om pasienten oppnår ønska effekt. Bytte til anna behandling med effekt på tremor kan vere aktuelt dersom ein meiner at Propal retard gir biverknader, og/eller dersom lav dosering av propranolol ikkje har tilstrekkeleg effekt. RELIS har tidlegare skrive ein artikkel om alternativ til propranolol ved essensiel tremor (6).
Svar: Propranolol er ein ikkje-selektiv betareseptoragonist. I Norge er det berre propranolol med umiddelbar frisetjing som markedsførast, og har essensiell tremor som godkjent indikasjon (1, 2). Propranolol administrerast på denne indikasjonen 2-3 gongar dagleg, og adekvat effekt sjåast som regel i området 120-240 mg i døgnet. Propranolol tablettar med umiddelbar frisetjing finnes i styrker på 10, 40 og 80 mg (2).
Propal retard er ei depotformulering av propranolol, som ikkje har markedsføringstillatelse i Norge, men kan forskrivast på registreringsfritak (3). Propal retard doserast ein gong dagleg, som kan føre til betre etterlevelse (4). Pasienten brukar Propal retard 80 mg dagleg, som er den lågaste tilgjengelege dosen.
Propal retard kapslar kan opnast og granulatet kan inntakas utan kapselen, men granulatet skal ikkje knusast eller tyggast (5). Granulatet har depoteffekt så lenge det er intakt. Det er ikkje nødvendig at granulatet fordelast i kapslar innkjøpt på helsekostforretning for å få denne effekten. Granulatet i kapslane er ikkje tiltenkt å kunne delast i fleire dosar, og det vil kunne vere vanskeleg å dele i nøyaktig to like dosar. Det kan likevel vere eit alternativ for pasienten om ønskeleg effekt oppnåast. Alternativt kan pasienten gå over på propranolol 40 mg utan depotformulering, gjerne fordelt på to doser à 20 mg.
Referenser:- Norsk legemiddelhåndbok. Essensiell tremor. https://www.legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 01. september 2020)
- Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC) Propranolol Accord. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 02. juni 2021)
- Helsedirektoratet. Vedlegg 1 til § 5-14 legemiddellisten. Propranolol 1 - Helsedirektoratet (Sist oppdatert 05. juni 2023)
- Deik A. Essential tremor: Treatment and prognosis. Version 41.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 05. april 2024)
- Lægemiddelstyrelsen. Preparatomtale (SPC) Propal Retard, depotkapsler, hårde. http://www.produktresume.dk/ Sist endret 24. april 2019
- RELIS database 2022; spm.nr. 9114, RELIS Midt, www.relis.no.
