Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Herpes zoster-vaksine og effekt ved herpes simplex



Fråga: Ein lege spør om det kan tenkjast at herpes zoster-vaksina Shingrix kan ha noko førebyggjande eller dempande effekt ved residiverande utbrot av herpes simplex (HSV 1/2)?

Sammanfattning: Det finst rapportar om at varicella-vaksinasjon, men ikkje herpes zoster-vaksinasjon, har gjeve ein reduksjon i symptomtrykk eller utbrot av residiverande herpes simplex-infeksjonar. Det er høgst usikkert om desse observasjonane skuldast kryssimmunitet eller ein meir generell immunrespons. Det eksisterer på noverande tidspunkt ingen effektiv vaksine mot herpes simplex.

Svar: Det finst nokre kasusrapportar og ei lita prospektiv studie, som har rapportert at varicella-vaksinasjon (levande svekka varicella-vaksine) har hatt noko dempande effekt på residiverande utbrot av herpes simplex (1-4). Vi har også funne eit samandrag av ein studie som undersøkte om titernivåa av varicella zoster virus (VZV) IgG hadde noko innverknad på symptomstatus av herpes simplex-infeksjon. Studien inkluderte 110 pasientar med HSV1 og HSV2 og viser i samandraget til at symptomatisk HSV-infeksjon var assosiert med høgare titer av VZV (5).

Vi kan ikkje finne tilsvarande rapportar for at rekombinant, inaktivert herpes zoster-vaksine har hatt slike effektar. Effektive vaksiner for HSV finst foreløpig ikkje, men somme kandidatar er under klinisk utprøving i fase 1-studiar. HSV synast å har større evne til å omgå immunitet enn VZV, og mykje er også ukjent kva gjeld kva immunresponsar som vil vere effektive i å beskytte mot HSV (6, 7).

Det er uklart kvifor VZV-vaksinasjon (Varivax, Varilrix) har vist positive effektar på HSV-utbrot hos eit fåtal pasientar. Forfattarane av den eine kasusrapporten føreslår at VZV-vaksinasjonen kan medføre frigjering av cytokin, som bidreg til å undertrykke HSV ved reaktivering (1). Forfattarane av den prospektive studien, hypotetsiserer at det har oppstått ein type kryssimmunitet grunna ein celle-mediert immunrespons, med mogleg involvering av T-celler, CD8-celler og/eller naturlege drepar (NK)-celler (4).

På trass av at den prospektive studien viser til igangsettinga av ei randomisert klinisk studie for å utdjupe resultata (4), kan vi ikkje finne seinare omtale av denne, eller at liknande resultat er vist av andre. Forfattaren av ein seinare publisert kasusrapport oppgjev å ha vore i kontakt med førsteforfattar av den prospektive studien, og at ho på det tidspunktet ikkje hadde gjort vidare forsking på spørsmålet (3). Forfattaren av kasusrapporten stiller seg kritisk til at det eksisterer ein effektiv kryssimmunitet for HSV-infeksjon etter vaksinasjon med VZV, og spekulerer i om det heller har samanheng med at vaksinasjon i seg sjølv kan forsterke den generelle immunresponsen (3).

Referenser:
  1. Palmer B. Varicella vaccination in a patient with recurrent genital herpes. Sex Transm Infect 2022: sextrans-2022-055420. doi: 10.1136/sextrans-2022-055420.
  2. Cochrane S, Gompels M. Resistant herpes simplex type 2 treated with varicella zoster vaccination. Sex Transm Infect 2017; 93(7): 507. doi: 10.1136/sextrans-2017-053106.
  3. Gunn D. Varicella-zoster vaccine and herpes simplex virus: is there cross immunity? Proceedings of UCLA Healthcare 2016; 20. Tilgjengeleg frå: https://proceedings.med.ucla.edu/wp-content/uploads/2016/03/A151218DG-WH-edited.pdf
  4. Le Goaster J, Gonzalo S et al. Efficacy of the anti-VZV (anti-HSV3) vaccine in HSV1 and HSV2 recurrent herpes simplex disease: a prospective study. Open Access J Clin Trials 2012; 4: 51–8. doi:10.2147/OAJCT.S33292
  5. Palmer BS, Tang A et al. Is the level of varicella-zoster virus IgG associated with symptomatic status of genital herpes simplex virus infection? A case-control study. Int J STD AIDS 2024; 35(4): 314-8. doi: 10.1177/09564624231221172.
  6. Gershon AA. Varicella zoster vaccines and their implications for development of HSV vaccines. Virology 2013; 435(1): 29-36. doi: 10.1016/j.virol.2012.10.006.
  7. Tayyar R, Ho D. Herpes simplex virus and varicella zoster virus infections in cancer patients. Viruses 2023; 15(2): 439. doi: 10.3390/v15020439.