

Lamotrigin og utslett i ansikt
Fråga: Pasient i 50-åra behandlast med lamotrigin (Lamictal) mot bipolar lidning type 1, og har brukt legemiddelet i ca 1 år. Dosen vart auka to gonger i løpet av hausten 2023. I løpet av vinteren har det tilkome eit utslett i ansikt, i form av småflekkete raudt utslett over begge kinnbeina og opp over tinning på eine sida. Behandlande lege har òg sett telangiektasier (utvida blodkar) og nokre få små paplar, elles ingen påfallande plager. Blodprøver har vore fine med lett forhøga monocyttar. Det er ønske om å auke dosen for betre effekt mot bipolar liding. Kan utslettet ha samanheng med bruk av lamotrigin? Spørsmål frå DPS-lege.
Svar: Konklusjon
Lamotrigin (Lamictal) er eit legemiddel som er kjent for å kunne gi reaksjonar i hud. Utslett oppstår vanlegvis mellom behandlingsveke 2-8, men det finst unntak. Dei fleste reaksjonane gir generalisert hudutslett, men enkelte sjeldnare reaksjonar kan gi utslett lokalisert til ansikt. For sikker diagnose, vil det vere hensiktsmessig å henvise pasienten til hudlege for å unngå unødig seponering av nødvendig legemiddel.
Bakgrunn
Lamotrigin er eit stemningsstabiliserande og antiepileptisk legemiddel (1). I følgje den godkjente norske preparatomtalen (SPC) til lamotrigin, er utslett angitt å vere en svært vanlig biverknad (1). Førekomsten av hudreaksjonar ved bruk av lamotrigin varierer både mellom ulike kjelder og studietypar, og er rapportert å vere omkring 1-14 % (2-5). Utslett oppstår vanlegvis mellom behandlingsveke 2 til 8, men det finnes unntak (5). Det er særleg høge startdosar, rask doseauke og samtidig bruk av valproat som disponerer for dette (1).
Ifølge to kjelder vil de fleste hudreaksjonar som oppstår ved bruk av antiepileptika, vere benigne, forbigåande og avta innan dagar etter seponering (3, 4). Ein vanleg hudreaksjon er morbilliformt legemiddelutslett (også kjent som makulopapuløst eller eksantematisk legemiddelutslett). Det er også rapportert om meir alvorlege legemiddelreaksjonar som krev sjukehusinnlegging og seponering av lamotrigin (1). Disse omfattar DRESS (drug reaction with eosinophilia and systemic symptomps) (1, 6) og Stevens-Johnson syndrom/toksisk epidermal nekrolyse (SJS/TEN) (1, 7). DRESS og SJS/TEN oppstår ofte innan nokre veker etter oppstart av legemiddelet og er assosiert med samtidig affeksjon av fleire andre organ (6, 7). Alvorlege hudreaksjonar som krev sjukehusinnlegging er sjeldne, og er oppgjeve å ramme omkring 0,08-0, 3% av vaksne pasientar som brukar lamotrigin (5).
Andre hudbiverknader som kan førekomme med sjeldnare eller uviss frekvens ved bruk av lamotrigin og som kan affisere ansikt, er akneiformt utslett (8), medikamentindusert systemisk lupus erythematosus (SLE) (9) og fotosensitivitet (1, 10). Hos pasient med ein eventuell legemiddelreaksjon lokalisert til berre ansikt, kan desse tilstandane vere aktuelle. Særleg ved SLE ville ein òg ha venta andre konstitusjonelle symptom. Fotosensitivitet framstår mindre sannsynleg når utslettet oppstår på vinteren. Ut frå skildring av hudfunn med forandringar først og fremst på kinn, samt samtidige telangiektasier og små paplar i hud, er rosacea ei mogleg diagnose. RELIS har ikkje funne at rosacea er angitt som biverknad av lamotrigin ved søk i PubMED og EMBASE. For avklaring av hudtilstand og for å unngå at mistanke om biverknad fører til unødvendig seponering av nødvendig legemiddel, er det hensiktsmessig å henvise aktuell pasienten til hudlege for ei vurdering
Referenser:- Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC) Lamictal tyggetablett/dispergerbar tablett. https://legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 2. mai. 2024).
- Guberman AH, Besag FM et.al. Lamotrigine-associated rash: risk/benefit considerations in adults and children. Epilepsia. 1999 Jul;40(7):985-91.
- Wang XQ, Xiong J et.al. Risk of a lamotrigine-related skin rash: current meta-analysis and postmarketing cohort analysis. Seizure. 2015 Feb; 25:52-61
- Fowler T, Bansal AS, Lozsádi D. Risks and management of antiepileptic drug induced skin reactions in the adult out-patient setting. Seizure 2019. pii: S1059-1311(19)30203-1.
- Clinical Pharmacology 2019 database. Lamotrigine. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 28. mars 2024).
- Bloom R, Amber KT. Identifying the incidence of rash, Stevens-Johnson syndrome and toxic epidermal necrolysis in patients taking lamotrigine: a systematic review of 122 randomized controlled trials. An Bras Dermatol. 2017 Jan-Feb;92(1):139-141.
- RELIS database 2015, spm.nr 5350, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
- Ravindran V. Lamotrigine-induced lupus: a case report. Int J Rheum Dis. 2011 Aug;14(3):e47-8.
- Bozikas V, Vartzopoulos D, Phocas C, Karavatos A, Kaprinis G. Lamotrigine-induced rash after sun exposure. Am J Psychiatry. 1999 Dec;156(12):2015-6
