Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Metylfenidat og supraventrikulær takykardi



Fråga: Eit barn er under behandling med metylfenidat (Ritalin) mot ADHD, og brukar legemiddelet primært i vekedagane. Barnet har òg fått påvist supraventrikulær takykardi, med symptom i form av hjertebankepisoder, som òg var tilstades før oppstart metylfenidat. Spørsmålet er om det er kontraindisert med sentralstimulerande legemiddel som metylfenidat ved supraventrikulære takykardier hos barn, og om det eventuelt føreligg interaksjonar med metylfenidat og legemiddel brukt mot takykardi, som metoprolol og flekainid. Spørsmålsstiller er lege ved barneavdeling.

Sammanfattning: Vi finn ikkje at behandling med sentrastimulerande legemiddel er kontraindisert hos barn med SVT, men det bør vurderast korleis pasienten skal følgjast opp i kvart tilfelle. Behandling med sentralstimulerande middel gir ein lett økt hjertefrekvens, og kan gi ein økt risiko for anfall av SVT. Behandling av symptomgivande, hyppig SVT er anbefalt slik at ein òg kan behandle ADHD med adekvate legemiddel. Hos større barn er radiofrekvensablasjon (RFA) ofte kurativt for SVT og er anbefalt behandling. Ved ønske om å bruke legemiddel kan flekainid og betablokkere vere aktuelt. Det føreligg ikkje interaksjonar mellom metylfenidat og henholdsvis betablokkere og flekainid.

Svar: Supraventrikulære takykardier (SVT) kan bli definert som ein unormal rask hjerterytme som oppstår over ventriklane, ofte med smale QRS-kompleks. Dei vanlegaste formane hos barn er atrioventrikulær reentrant takykardi og atrioventrikulær nodal reentrant takykardi, men fleire andre typar kan òg forekomme (1).

For dei fleste med SVT vil plagene først og fremst vere ubehagelege og påverke livskvalitet, men ellers har tilstanden god prognose. Fatale SVT er sjeldan og sjåast hyppigast hos barn med til dømes strukturelle hjertefeil og Wolf-Parkinson-White syndrom (2).

Det er i fleire studiar sett at bruk av metylfenidat kan gi lett økt hjertefrekvens (3,4) og moglegvis auke risikoen for paroksysmal SVT i disponerte individ (5). I eit tidlegare RELIS-svar om sentralstimulerande legemiddel og SVT er det sagt at ein kan vurdere bruk av legemiddel mot ADHD, men at det då kan vere aktuelt med tiltak for å redusere byrden av SVT (6). Dette svaret omhandla slik behandling hos vaksne, og kan ikkje umiddelbart omsettast til å gjelde barn.

RELIS har funne fleire artiklar som har sett på behandling med sentralstimulerande legemiddel hos barn med ADHD og hjertesjukdom, inkludert SVT. I desse artiklane vert det frarådd å la vere å gi behandling for ADHD hos barn som treng det, men at ein under behandling med sentralstimulerande legemiddel bør behandle eller følgje opp hjertesjukdommen samtidig (5, 7).

Generelt sett er det hos større barn med hyppig og symptomgivande SVT anbefalt radiofrekvensablasjon (RFA) som behandling. I påvente av operasjon eller ved ønske om legemiddelbehandling i staden er det aktuelt med behandling med antiarrytmika som til dømes betablokkere eller flekainid (1). Det er gjort interaksjonssøk i relevante databaser og det er ikkje funne at det føreligg interaksjonar mellom metylfenidat og henholdsvis betablokkere eller flekainid (8).

Referenser:
  1. Dubin AM. Management of supraventricular tachycardia (SVT) in children. Version 45.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 29. august 2023).
  2. Hirth A, Greve G et.al. Akuttveilder i pediatri, kapittel 8.7. http://www.helsebiblioteket.no (Sist oppdatert 01. januar 2013)
  3. Wilens TE, Biederman J et.al. Concerta Study Group. Effects of once-daily osmotic-release methylphenidate on blood pressure and heart rate in children with attention-deficit/hyperactivity disorder: results from a one-year follow-up study. J Clin Psychopharmacol 2004;24(1):36-41.
  4. Torres-Acosta N, O'Keefe JH et.al. Cardiovascular Effects of ADHD Therapies: JACC Review Topic of the Week. J Am Coll Cardiol 2020;76(7):858-866.
  5. Shetty I, Silver ES et.al. Ablation of supraventricular tachycardia allows more liberal therapy in some children with attention-deficit-hyperactivity disorder. Pediatr Int 2011;53(5):715-717
  6. RELIS database 2023; id.nr. 16512, RELIS Vest (www.relis.no)
  7. Berger S. Attention deficit hyperactivity disorder medications in children with heart disease. Curr Opin Pediatr 2016;28(5):607-12
  8. Baxter K, Preston CL, editors. Stockleys Drug Interactions (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Søk: 14. juni 2024).