Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Anafylaksiberedskap ved kikhostevaksinering av gravide



Fråga: Ein helsesjukepleiar spør om det er særskilte omsyn å ta når ein skal gje adrenalin, hydrokortison (Solu-Cortef) eller deksklorfeniramin til gravide, i samband med akuttberedskap for vaksinasjon med kikhostevaksine? Helsesjukepleiaren har blant anna funne ei RELIS-utgreiing om dosering av adrenalin i graviditet frå 2021 (1) og lurer på om denne fortsatt er gjeldande?

Svar: I samband med kikhostevaksine er tatt inn i barnevaksinasjonsprogrammet, har FHI også utarbeida ei rekkje informasjonsmateriell, som dei har samla på ei temaside om kikhostevaksine til gravide (2). Her lenkast det også til opptak av undervising for helsepersonell om kikhostevaksine til gravide, som også inkluderer informasjon om handtering av akutte hendingar (frå ca. 1 time og 33 minutt inn i webinaret) og ansvarsforhold rundt dette (frå ca. 1 time og 16 minutt inn i webinaret) (3). I vaksinasjonsrettleiaren sitt kapittel «Praktisk info om vaksinasjon», der allergiberedskap omtalast (4), lenkast det også til eit e-læringskurs i praktisk anafylaksibehandling, utarbeida av Helse Vest.

Som det framgår i den tidlegare nemnte RELIS-utgreiinga, som fortsatt er gjeldande, skal anafylaksi under graviditet behandlast på same måte som hos ikkje-gravide (1). Dette stemmer også overeins med informasjonsmateriellet frå FHI, og rettleiar for praktisk anafylaksibehandling, der det heller ikkje framgår at allergiberedskap i samband med vaksinering av gravide er annleis enn generell allergiberedskap, med unntak av at gravide skal leggast i venstre sideleie (ved behov for stabilt sideleie), for å unngå kompresjon av vena cava (3, 5). I webinaret framgår også dette med pute under høgre hofte ved behov for å legge beina høgt (3).

I rettleiar for praktisk anafylaksibehandling framgår det også at det er ingen absolutte kontraindikasjonar for bruk av adrenalin, heller ikkje graviditet, då dette kan vere livreddande behandling (5). Ved anafylaksi i graviditet anbefalast det å ikkje gje meir enn 0,5 mg adrenalin som første dose. Ein kan gjenta dosen kvart 5-15. minutt om nødvendig (1, 6).

Kva gjeld hydrokortison injeksjonsvæske (Solu-Cortef) og deksklorfeniramin i samband med allergiberedskap, er det heller ingen grunn til å frårå bruk til gravide, når slik behandling er indisert. Moglege negative effektar av kortikosteroid i svangerskapet knyttast til hyppig og/eller langvarig bruk, og ein eller fleire dosar kortikosteroid i ein akuttsituasjon vurderast som uproblematisk (7a, 8). Det er ingen haldepunkt for fosterskadelege effektar av antihistamin som deksklorfeniramin (7b).

Referenser:
  1. RELIS database 2021; spm.nr. 8767, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
  2. Folkehelseinstituttet. Kikhostevaksine til gravide. https://www.fhi.no/va/kikhostevaksine-til-gravide/ (Lest: 24. april 2024).
  3. Folkehelseinstituttet. Kikhostevaksine til gravide - undervisning for helsepersonell fra 11. april. https://vimeo.com/933288628 (Sett: 24. april 2024).
  4. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonsveilederen for helsepersonell: Praktisk info om vaksinasjon. https://www.fhi.no/va/vaksinasjonsveilederen-for-helsepersonell/vaksinasjon/praktisk-vaksinasjon/
  5. Berstad AKH, Storaas T et al. Norsk veileder i praktisk anafylaksihåndtering, 1. utg, 2014. https://www.legeforeningen.no/contentassets/ede4275911c447979a93f42d1a04cbfd/norsk-veileder-i-praktisk-anafylaksihandtering.pdf
  6. Schatz M, Dombrowski P. Anaphylaxis during pregnancy and delivery. Version 25.0. In. UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 9. februar 2024).
  7. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Graviditet og legemidler. a) Glukokortikoider, b) Antihistaminer. http://legemiddelhandboka.no/ (Lest: 25. april 2024).
  8. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Glukokortikoider for systemisk effekt og lokal injeksjon. http://legemiddelhandboka.no/ (Sist revidert: 11. oktober 2021).