

Feil oppbevaring av testosteron injeksjonsvæske
Fråga: Ein apotekfarmasøyt lurer på om det finst ei oversikt over korleis feil oppbevaring av legemiddel kan påverke dei med tanke på flekkar, klumpar etc.? I dette tilfellet gjeld det feil oppbevaring av testosteron injeksjonsvæske (Tozaron), der ein lurer på om temperaturen kan ha gjort at preparatet er blitt klumpete?
Svar: Vi er ikkje kjent med at det finst ei oversikt over korleis feil oppbevaring av legemiddel vil kunne påverke utsjånaden. Britiske Specialist Pharmacy Service (SPS) har utvikla eit såkalla "Refrigerated medicines stability tool", der fokuset er på korleis ein best kan handtere oppbevaringsavvik for legemiddel som er meint å oppbevarast i kjøleskap (1). Verktøyet er framleis under utvikling, men vil uansett ikkje ha relevans for denne problemstillinga.
Om det føreligg informasjon om eventuelle endringar i utsjånad ved avvik frå oppbevaringsvilkåra, må undersøkast for kvart enkelt legemiddel. For injeksjonslegemiddel finst ofte informasjon om endringar i utsjånad, som tilseier at legemiddelet ikkje skal brukast, i preparatomtalens kapittel 6.
For Tozaron oppgjevast det i preparatomtalen at eigenskapane til den oljebaserte oppløysinga midlertidig kan endre seg (for eksempel høgare viskositet, meir uklar) ved låge temperaturar (2). Det er vidare oppgjeve at ein bør temperere injeksjonsvæska til rom- eller kroppstemperatur før bruk, og at berre klare løysingar utan partiklar skal brukast (2).
Andre kjelder vi har tilgjengelege som omtalar stabilitet av legemiddel, inkluderer anten ikkje informasjon om testosteron (3, 4) eller gjev ikkje utdjupande informasjon til informasjonen i preparatomtalen (5, 6). Somme av desse kjeldene ligg ope tilgjengeleg og omtalast blant anna i ein tidlegare RELIS-artikkel (7). Legemiddelfirmaet kan ha meir dokumentasjon om stabilitet, som ikkje er ope tilgjengeleg, og det kan derfor vere nyttig å kontakte dei, om ein ønskjer meir informasjon.
Det er ikkje oppgjeve i spørsmålet om Tozaron er utsett for høge eller låge temperaturar eller om det er andre grunnar til feilaktig oppbevaring. Ut frå det som oppgjevast i spørsmålet og det vi kan lese av preparatomtalen, tilrår vi å kassere aktuelle forpakning med Tozaron, sidan klumpar i injeksjonsvæska tilseier at preparatet ikkje er trygt å bruke.
Referenser:- Specialist Pharmacy Service. Refrigerated medicines stability tool. https://www.sps.nhs.uk/home/tools/refrigerated-medicines-stability-tool/ (Lest: 27. august 2024).
- Direktoratet for medisinske produkt. Preparatomtale (SPC) Tozaron. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 30. januar 2024).
- Micromedex® 2.0 (online). Trissel's Drugs and Solutions Data. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 27. august 2024).
- ASHP Injectable Drug Information (e-book). American Society of Health-System Pharmacists 2021.
- Stabilis. Testosterone. https://stabilis.org/ (Søk: 27. august 2024).
- Gray A, Wright J et al, editors. Testosterone and esters. Injectable drugs guide 2011: s. 811-3.
- Wu IY, Nilsen T. Manipulering, holdbarhet og oppbevaring av legemidler – hvilke kilder kan benyttes? https://relis.no/artikler/36900 (Publisert: 8. desember 2023).
