Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Acetylcystein brusetablett ved paracetamolforgiftning



Fråga: Ein barnelege spør om formulering av acetylcystein ved behandling ved paracetamolforgifting. Det er no rutine å gi intravenøs behandling, men tidlegare vart òg peroral behandling brukt. Ved eventuell mangel på acetylcystein inhalasjonsvæske til intravenøs administrering, kan det vere aktuelt å bruke acetylcystein brusetablett (Mucomyst)? I preparatomtalen står det at maksimal konsentrasjon blir oppnådd i plasma etter ein time, men då som acetylcysteinhaldige disulfid Vil slike acetylcysteinhaldige disulfid vil ha antidot-effekt på same måte som acetylcystein?

Sammanfattning: Acetylcystein brusetablettar gitt peroralt vil vere ein antidot ved paracetamolintoksikasjon, på same måte som intravenøst administrert acetylcystein. Då det er lettare å administere acetylcystein intravenøst er denne administrasjonsmåten eit førsteval, men ved ein mangelsituasjon er peroral behandling med acetylcystein brusetablettar eit alternativ. Ved behov for peroral behandling skal Giftinformasjonen kontaktast for individuell rettleiing.

Svar: Acetylcystein som antidot

Acetylcystein inngår som ei viktig behandling ved paracetamolintoksikasjon. Acetylcystein er forstadiet til glutation som bind til og inaktiver NAPQUI – paracetamol-metabolitten som gir leverskade (1).

Standardbehandling i Norge er intravenøs administrasjon av acetylcystein inhalasjonsvæske, men peroral behandling er eit alternativ (1). Ved behov for peroral behandling er det anbefalt å ta kontakt med Giftinformasjonen for individuell rettleiing (1, 2) Ifølge UpToDate viser tilgjengeleg data at både intravenøs og peroral administrasjon av acetylcystein er effektivt ved paracaetmolintoksikasjon, med minimale forskjellar (3).

Farmakokinetikk
Absorpsjonen av acetylcystein frå tarm er tilnærma fullstendig. Peroral administrasjon av acetylcystein har stor grad av førstepassasje-metabolisme, slik at nær alt av absorbert legemiddel går gjennom levera. Dette kan gi fordel av høge nivå av acetylcystein der ein ønsker at middelet skal virke (4). Acetylcystein, uavhengig av administrasjonsveg, metaboliserast i lever og vev til metabolittar som cystein og disulfid som vidare omdannast til glutation, som er metabolitten som beskyttar mot leverskade (1, 5).

Det er gjort ei samanliknande studie mellom acetylcystein brusetablett og acetylcystein inhalasjonsvæske, der ein ikkje har sett noko relevant forskjell i farmakokinetikken mellom desse når dei administrerast peroralt (4).

Ulemper med peroral behandling
Ifølge Giftinformasjonen kan både inhalasjonsvæske og brusetablett brukast som peroral behandling (2). Ulempa med peroral behandling er dei store dosene som må inntas. Mange blir kvalme, det kan vere vanskeleg å innta heile dosen og nokre kan kaste opp delar av legemiddelet (2), noko som kan gi utilstrekkeleg dosering. I tillegg krev peroral behandling at pasienten er bevisst, noko som ikkje alltid er tilfelle ved til dømes blandingsintoksikasjon. Brusetablettar inneheld òg ein del natrium. Ved bruk som antidot vil inntaket vere betydeleg høgre enn ved behandling av luftvegsplager, og særleg hos barn bør ein vere obs på natriumnivået. Bruk av aktivert kull kan òg redusere absorpsjonen av acetylcystein gitt peroralt (2). Ved eventuell mangel på acetylcystein inhalasjonsvæske til intravenøs behandling er likevel acetylcystein brusetablett til peroral behandling eit nødvendig alternativ (2).

Referenser:
  1. Helsebiblioteket. Paracetamol – Behandlingsanbefaling ved forgiftning, utfyllende informasjon. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert 20. mars 2021)
  2. Seniorrådgjevar. Giftinformasjonen. Pers. medd. 27. august 2024
  3. Heard K, Dart R. Acetaminophen (paracetamol) poisoning: Management in adults and children. Version 53.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert 7. mai 2024)
  4. Greene SC, Noonan PK et al. Effervescent N-Acetylcysteine Tablets versus Oral Solution N-Acetylcysteine in Fasting Healthy Adults: An Open-Label, Randomized, Single-Dose, Crossover, Relative Bioavailability Study. Curr Ther Res Clin Exp. 2016; 83:1-7.
  5. Dollery C, editors. Therapeutic drugs. Volume 1. 1999; second ed.: A25-A26