Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Søvnløyse og erektil dysfunksjon etter topikal behandling med finasterid



Fråga: Ein pasient har på eige initiativ kjøpt topikalt finasterid mot hårtap på nett og påført dette annakvar dag i 6 månader. Seponert behandlinga for 8 månader sidan, men oppgjev å slite med søvnløyse og erektil dysfunksjon. Pasienten sjølv meiner det skuldast behandlinga med finasterid. Lege spør om dette er sannsynleg, då det ikkje finst informasjon om topikale formuleringar i Felleskatalogen.

Sammanfattning: Sjølv om topikal applikasjon av finasterid gjev låge systemiske konsentrasjonar, samanlikna med oral behandling, vil likevel plasmanivå av dihydrotestosteron påverkast i tilsvarande grad. Ein kan derfor ikkje utelukke at pasienten kan oppleve systemiske biverknader ved topikal finasteridbehandling, og det er også rapportert om seksuelle biverknader etter slik bruk. Vedvarande biverknader etter seponering av oral finasterid er også rapportert, men mykje er fortsatt ukjent kva gjeld slike vedvarande biverknader.

Ved mistanke om biverknader, også etter bruk av legemiddel kjøpt på internett, bør desse meldast for å auke kunnskapen om legemidla sin nytte-risiko-profil.

Svar: Topikal finasterid mot mannleg androgent hårtap (MAGA) er berre registrert som eit legemiddel i somme europeiske land, under preparatnamnet Finjuve, i styrken 2,275 mg/mL (0,25 %) og med dosering 50-200 μl dagleg (114-456 μg finasterid) (1). Vi har greidd å framskaffe preparatomtale på tysk, samt lese studiane som ligg til grunn for godkjenninga av Finjuve (2-5).

Preparatomtalen og studiane oppgjev at ein klinisk signifikant reduksjon av dihydrotestosteron (DHT), den mest biologisk aktive forma for testosteron, vart vist i dei kliniske studiane av topikalt applisert finasterid (2-5). Reduksjonen i DHT var også samanliknbar med den ein såg for oral finasterid 1 mg. Dette til trass for at systemiske konsentrasjonar av finasterid anten var svært låge eller ikkje detekterbare (2-5).

Sjølv om ikkje biverknader av seksuell karakter er oppgjeve i biverknadstabellen, oppgjev preparatomtalen at ein ikkje kan utelukke biverknader av seksuell karakter ved bruk av topikal finasterid (2). Tap/reduksjon av libido og erektil dysfunksjon vart også rapportert i dei kliniske studiane (2,8 %), men utan at dei var signifikant forskjellige frå pasientar som fekk placebo (3,3 %) eller oral finasterid 1 mg (4,8%) (2, 5). På bakgrunn av moglegheita for systemisk påverknad og det ein veit om biverknader av oral finasterid, utelukkast heller ikkje at andre systemiske biverknader kan oppstå, slik som depresjon, angst, hjartebank, auka leverenzym, testikkelsmerter, hematospermi, ømme og forstørra bryst, infertilitet eller hypersensitivitetsreaksjonar (2).

Ukjent risiko for produktet pasienten har brukt
Produktet som pasienten har kjøpt, er ikkje eit registrert legemiddel og er dermed ikkje kontrollert eller godkjent av relevante myndigheiter. Det er fleire forhold ved nettsida som produktet selgast frå, som vitnar om at dette er ein useriøs aktør, og vi kan dermed ikkje vere trygge på at produktet berre inneheld det som er oppgjeve.

Dersom produktet inneheld den mengda finasterid som er oppgjeve, er det tilstrekkeleg til å kunne gje systemisk påverknad, og systemiske biverknader kan såleis ikkje utelukkast.

Post-Finasteride Syndrome (PFS)
Hos dei fleste pasientar førekjem biverknader tidleg i behandlinga, avtar gjerne ved fortsatt behandling og forsvinn etter seponering (6). Det har likevel vore rapportert om vedvarande seksuell dysfunksjon, inkludert erektil dysfunksjon, etter seponering av oral finasterid. Det finst rapportar om menn som skal ha hatt seksuelle biverknader i lang tid (månader, år) etter seponering, men korvidt det faktisk var ein sikker årsakssamanheng mellom dette og bruk av finasterid er ikkje fullt ut klarlagt (6).

Vedvarande, antatte biverknader knytta til bruk av finasterid som pågår etter seponering, inkludert seksuelle, psykiske og fysiske biverknader, omtalast også som «Post-Finasteride Syndrome (PFS)» (6). PFS er likevel noko omdiskutert og ein treng meir forsking for å forstå patofysiologien for ein slik vedvarande dysfunksjon etter bruk av finasterid (7, 8).

Melding av biverknader
Sjølv om det her er snakk om eit produkt kjøpt på internett, påståast det å innehalde finasterid, som er klassifisert som eit legemiddel. Dersom det mistenkast at bruk av aktuelt produkt kan vere årsak til pasientens symptom, bør dette meldast som ein biverknad, via melde.no. Alternativt kan pasienten melde dette sjølv, via helsenorge.no

Referenser:
  1. AdisInsight. Drug Profile: Finasteride - Polichem. https://adisinsight.springer.com/drugs/800036658 (Sist oppdatert: 5. november 2023).
  2. Fachinformation (SPC) Finjuve für Männer 2,275 mg/ml Spray zur Anwendung auf der Haut (Kopfhaut), Lösung. https://myhealthbox.eu/de/finjuve-f%C3%BCr-m%C3%A4nner-2275-mg-ml-spray-zur-anwendung-auf-der-haut-k/5784225 (Sist oppdatert: 30. april 2024).
  3. Caserini M, Radicioni M et al. A novel finasteride 0.25% topical solution for androgenetic alopecia: pharmacokinetics and effects on plasma androgen levels in healthy male volunteers. Int J Clin Pharmacol Ther 2014; 52(10): 842-9.
  4. Caserini M, Radicioni M et al. Effects of a novel finasteride 0.25% topical solution on scalp and serum dihydrotestosterone in healthy men with androgenetic alopecia. Int J Clin Pharmacol Ther 2016; 54(1): 19-27.
  5. Piraccini BM, Blume-Peytavi U et al; Topical Finasteride Study Group. Efficacy and safety of topical finasteride spray solution for male androgenetic alopecia: a phase III, randomized, controlled clinical trial. J Eur Acad Dermatol Venereol 2022; 36(2): 286-94. Erratum in: J Eur Acad Dermatol Venereol 2023; 37(2): 452.
  6. RELIS database 2024; spm.nr. 17156, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
  7. Khera M.Treatment of male sexual dysfunction. Version 43.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 24. oktober 2023).
  8. McVary KT. Medical treatment of benign prostatic hyperplasia. Version 80.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 26. august 2024).