

Nalokson injeksjonsvæske peroralt som behandling ved opioidindusert obstipasjon hos barn
Fråga: Nalokson blir brukt til å førebygge opioidindusert obstipasjon. Ved barneavdelinga får dei sjukehusapoteket til å lage nalokson mikstur til dette formålet. Farmasøyt ved ei barneavdeling lurer på om det kan vere aktuelt å gi nalokson injeksjonsvæske peroralt i påvente av å få laga mikstur, då slik tilverking er kostbart og ein derfor forsøker å lage det etter bestilling, framfor å ha det lagerført.
Svar: KONKLUSJON Nalokson injeksjonsvæske er tilverka for parenteral bruk, men inneheld ikkje hjelpestoff eller har andre fysiologiske eigenskapar som skulle gjere middelet ueigna for peroral administrering så lenge middelet berre skal ha effektar i tarm.
BAKGRUNN
Farmakokinetikk for nalokson
Nalokson er ein antagonist til opiodireseptorar og motverkar derfor effekten av opioid. Nalokson gitt intravenøst, intramuskulært eller nasalt har raskt opptak og fordeler seg raskt i kroppen, og har dermed rask effekt ved overdose av opioid (1).
Nalokson gitt peroralt har til føremål å motverke opioidassosiert obstipasjon, ved å binde til opioidreseptorar i tarmen (2-4). Nalokson gitt peroralt har raskt opptak frå tarm, men med uttalt grad av førstepassasjemetabolisme som medfører inaktivering av legemiddelet, og den systemiske biotilgjenga er om lag 2 %. Låge systemiske konsentrasjonar kan likevel ha ein liten påverknad på den smertestillande effekten av opioid (2-4).
Nalokson injeksjonsvæske gitt peroralt
Ifølgje miksturlista, er apotekprodusert nalokson-mikstur laga frå nalokson injeksjonsvæske (5). Miksturen har styrken 10 μg/ml, er oppgjeve å innehalde metylparaben og saltsyre og vere utan smak (5).
Nalokson injeksjonsvæske kjem i 1 ml ampuller og inneheld nalokson 0.4 mg/ml, natrium (som natriumklorid) 3.54 mg/ml og saltsyre (HCl) til pH balansering, i tillegg til vatn til injeksjonsvæsker (1). Osmolaliteten til injeksjonsvæska er oppgjeve å vere 250-350 mOsm/kg og pH 3,1-4,5 (1). Verken innhaldsstoffa, osmolalitet eller pH tilseier at middelet skulle vere skadeleg ved peroral administrering. Til samanlikning er både innhaldsstoffa, osmolalitet og pH tilsvarande som for midazolam injeksjonsvæske, som også brukast peroralt til barn (6, 7).
Ved peroral administrering av legemiddel som er meint for intravenøs bruk, er det viktig med gode rutiner for legemiddelhandtering. Bruk av orale sprøyter ved opptrekk vil hindre at legemiddelet feilaktig blir gitt intravenøst.
Referenser:- Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC). a) Naloxon Hameln (Sist oppdatert: 29. mai 2020), b) Naloxone Accord (Sist oppdatert: 14. mars 2023), c) Naloxon B. Braun (Sist oppdatert: 15. mars 2018). https://www.legemiddelsok.no/ .
- Van Orden H. Constipation: an overview of treatment. Journal of Pediatric Health Care 2004, 18(6); 320-322.
- Tofil NM, Benner KW et al. The use of enteral naloxone to treat opioid-induced constipation in a pediatric intensive care unit. Pediatr Crit Care Med 2006; 7(3): 252-4.
- Liu M, Wittbrodt E. Low-dose oral naloxone reverses opioid-induced constipation and analgesia. J Pain Symptom Manage 2002; 23(1): 48-53.
- Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn. Miksturlisten: Nalokson SA mikstur. https://www.legemidlertilbarn.no/miksturliste/ (Sist oppdatert: 22. mars 2023).
- Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC) Midazolam Accord. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 30. august 2023).
- Nasjonalt kompetansenettverk for legemidler til barn. Ozalin mikstur (midazolam) til barn. https://www.legemidlertilbarn.no/nyheter/ (Sist oppdatert: 20. mars 2023).
