Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Topikal aciklovir til barn under 12 år



Fråga: Spørsmålet gjeld eit 6 år gamalt barn med oral herpes simplex. På aciklovir-krem som kan kjøpast reseptfritt, står det at det berre skal brukast av barn over 12 år. Aciklovir tablettar og til intravenøs bruk kan derimot gjevast til barn yngre enn 6 år, ifølgje Felleskatalogen. Kan barn under 12 år bruke aciklovir krem for oral herpes simplex? Spørsmål frå allmennlege.

Svar: Topikal aciklovir kan brukast ved oral herpes simplex til barn under 12 år. For informasjon om bruk av legemiddel til barn, inkludert dosering og eventuelle forholdsreglar, anbefalar vi å bruke Kunnskapsbasert oppslagsverk om barns legemidler (KOBLE). KOBLE oppgjev at topikal aciklovir kan brukast til å behandle herpes labialis frå og med alder 1 månad til 18 år (1). Tilsvarande som for vaksne, oppgjevast det at eit tynt lag påførast affisert område 5 gonger dagleg og at behandlinga bør startast så tidleg som mogleg i forløpet (1).

Aldersgrenser som oppgjevast ved reseptfri bruk, indikerer at bruk hos andre aldersgrupper (ofte barn) bør vurderast i samråd med lege, eksempelvis med tanke på å sikre rett diagnose, rett behandling og/eller rett bruk.

Referenser:
  1. Kunnskapsbasert oppslagsverk om barns legemidler (KOBLE). Aciklovir dermal. https://koble.info/legemiddel/23606/aciklovir-dermal (Lest: 23. september 2024).