

Praktisk handtering ved bruk av testosteron transdermal gel til kvinner
Fråga: Når testosteron transdermalgel (Testogel) brukast til kvinner, er maksimal dagleg dosering oppgjeve til 5 mg dagleg og at ein pose (50 mg) bør vare i minst 10 dagar. Korleis skal ein best instruere pasienten kva gjeld oppdeling av dosen i ein pose, slik at ho får rett dose? Spørsmål frå apotekfarmasøyt.
Sammanfattning: Vi har ikkje funne norske kjelder som omtalar praktisk bruk av Testogel til kvinner, men lokale, britiske faktaark til fastlegar og pasientar føreslår at dagsdosen tilsvarar storleiken av tuppen til ei kulepennhette. Det er generelt eit problem at det ikkje finst eigna testosteronformuleringar til kvinner. Det er viktig at pasienten har ein god dialog med føreskrivande lege og at doseringa justerast etter effekt, blodprøvar og biverknader.
Svar: Det finst ikkje transdermale testosteron-preparat som er godkjent og marknadsført for bruk til kvinner og dermed finst det heller ikkje preparat med dosering tilpassa kvinner. I dei norske retningslinjene for behandling av postmenopausale plager beskrivast behandling med testosteron for redusert sexlyst (1). Dei oppgjev derimot ingen praktiske råd kva gjeld dosering av testosteron transdermalgel, berre at ein pose Testogel bør vare i minst 10 dagar og at doseringa bør justerast etter effekt, blodprøvar og biverknader (1).
Dei mest informative kjeldene vi har funne som omtalar praktisk bruk av Testogel ved menopause, er nokre lokale, britiske faktaark til fastlegar og pasientar (2, 3). Her visast det til at dagsdosen tilsvarar storleiken av tuppen til ei kulepennhette (2, 3) og at ein skal rulle saman toppen av posen og feste denne med ein binders eller klype mellom kvar bruk (3). Det anbefalast også at posen oppbevarast i kjøleskapet etter den er tatt i bruk (2, 3).
To spesialistar i fødselshjelp og kvinnesjukdommar, tok i 2023 opp problematikken om at det ikkje finst eit allment tilgjengeleg testosteronpreparat for kvinner i Tidsskrift for den norske legeforening (4). Dei viser til at deira erfaring tilseier at det ofte brukast for høg dose og at utskrivande lege sit med ansvaret for ei vanskeleg dosering. I same artikkel påpeiker dei at testosteronnivået skal ligge under øvre normalverdi ved slik behandling og understrekar anbefalingane om måling før oppstart, deretter innan 6 veker, og deretter kvar sjette månad. Kliniske teikn på overdosering oppgjevast å vere auka hårvekst, djupare stemme, akne, klitorishypertrofi og alopesi (4).
- Norsk gynekologisk forening. Veileder i gynekologi. Overgangsalder (menopause). Versjon 1.1. https://metodebok.no/index.php?action=topic&item=XfjH5Pzi (Sist oppdatert: 16. juli 2024).
- NHS Hertfordshire and West Essex. GP Fact Sheet – Testosterone gel for women in the menopause. Version 2.2. https://www.hweclinicalguidance.nhs.uk/all-clinical-areas-documents/download?cid=1738&checksum=84c6494d30851c63a55cdb8cb047fadd (Sist oppdatert: Mai 2022).
- NHS Hertfordshire and West Essex. Testosterone gel for women experiencing menopausal symptoms: Patient information. Version 3.0. https://www.hweclinicalguidance.nhs.uk/all-clinical-areas-documents/endocrine-metabolic/testosterone/ (Sist oppdatert: Juli 2022).
- Moen MH, Johansen N. Testosteronbehandling til kvinner. Tidsskr Nor Legefor 2023; 143(4).