Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Oppstart av fluoksetin ved kort PR-intervall



Fråga: Lege spør for pasient med depresjon og preeksitasjonssyndrom om det er nokon kontraindikasjon for å bruke fluoksetin eller SSRI generelt? I preparatomtala til fluoksetin står det: «Fluoksetin bør brukes med forsiktighet hos pasienter med tilstander slik som medfødt langt QT-syndrom, en familieanamnese med QT-forlengelse eller andre kliniske tilstander som predisponerer for arytmier».

Svar: RELIS har tidlegare svara på bruk av SSRI ved Wolff-Parkinson-White (WPW) syndrom og andre preekitasjonssyndrom utan å finne kontraindikasjon (1, 2). Då det nyaste svaret er meir enn 5 år gamalt gjorde vi eit oppdatert søk for å vurdere om det var tilkomen ny litteratur. Vi fann ein kasuistikk frå 2014 som involverte ein multimorbid 16-år gamal gut med WPW og depresjon som fekk mirtazapin utan å utvikle nokon arytmi (3).

Ved preeksitasjonssyndrom vert AV-knuten forbigått grunna ein ekstra ledningsveg mellom eit av atria og ventriklane, dette forklarer dei karakteristiske funna ein ser på EKG (4). Ved bruk av SSRI har ein sett tilfelle av forlenga QT-tid og forseinka repolarisering av ventriklane, som kan føre til arytmi (5, 6). Då det er to forskjellige verknadsmekanismar som kan gje forskjellige arytmiar skal ikkje preeksitasjonssyndrom vere grunn i seg sjølv til å avstå frå bruk av SSRI.

Referenser:
  1. RELIS database 2018; spm.nr. 12488, RELIS Vest. (www.relis.no)
  2. RELIS database 2015; spm.nr. 6316, RELIS Sør-Øst (www.relis.no)
  3. Tanidir C, Tanidir IC, et al. Treatment of depression in an adolescent with cardiomyopathy and arrhythmia. Cardiol Young. 2015 Oct; 25(7): 1418-20.
  4. Knight BP. Anatomy, pathophysiology, and localization of accessory pathways in the preexcitation syndrome. Version 29.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 05. februar 2024).
  5. Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC) Fluoxetin Viatris. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 28. august 2023).
  6. Berul CI. Acquired long QT syndrome: Definitions, pathophysiology, and causes. Version 56.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 21. september 2022).