

Natriumpropionat nasespray til bruk ved graviditet
Fråga: Ein lege spør om gravide kan bruke natriumpropanat (Proponent) nasespray.
Svar: Konklusjon
Natriumpropanat (Proponent) nasespray er ein hyperton nasespray som inneheld Locke-Ringer løysing og natriumpropanat. Vi finn ikkje haldepunkt for at korkje Locke-Ringer løysing eller natriumpropanat er skadeleg for den gravide eller fosteret.
Bakgrunn
Proponent nasespray inneheld Locke-Ringer løysing og natriumpropanat 10 mg/ml (1).
Locke-Ringer løysing er relativt lik Ringer-acetat, men inneheld i tillegg noko glukose og noko høgre konsentrasjon av natriumklorid. Den er isoton (2, 3). Ringer-acetat kan brukast til intravenøs infusjon hos gravide (4). Ein finn ikkje noko informasjon om Locke-Ringer og graviditet, men ved intranasal bruk vil ein anta at innhald av glukose og litt høgre nivå av natriumklorid ikkje vil medføre skade for fosteret.
Natriumpropanat er eit natriumsalt av propansyre og blir blant anna brukt som konserveringsmiddel i mat (5). Det føreligg ikkje restriksjonar for bruk av natriumpropanat i mat til gravide (6), og ein kan derfor ikkje sjå at det skulle vere restriksjonar for bruk av nasespray.
Produsenten har ikkje oppgitt noko restriksjonar for bruk av nasesprayen hos gravide (1). Eit apotek som sel Proponent nasespray skriv på sine nettsider at gravide og ammande ikkje skal bruke nasesprayen (7). Dette er sannsynlegvis basert på at produktet ikkje har blitt undersøkt hos gravide og ammande, og ikkje fordi utstyret inneheld stoff som kan vere skadelege for mor eller barn.
- Proponent nesespray. Pharma Nordic AS. https://www.nesehelse.no/proponent-nesespray/. Besøkt 09. oktober 2024
- Ringer-Lockes’s solution. Encyclopædia Britannica. https://www.britannica.com/science/Ringer-Lockes-solution Besøkt 9. oktober 2024
- Ringer’s Solution Locke 200 ml. Homelab Veterinary. https://homelabvet.com/product/ringers-solution/ Besøkt 9. oktober 2024
- Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC). Ringer-Acetat Baxter Viaflo infusjonsvæske. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 31. august 2023)
- Egeland ES. Natriumpropanat. Store norske leksikon. https://snl.no/natriumpropanat. Sist oppdatert 3. august 2023
- Gravid. Mattilsynet. https://www.mattilsynet.no/mat-og-drikke/forbrukere/gravid Besøkt 9. oktober 2024.
- Proponent nesespray. Farmasiet.no https://www.farmasiet.no/ Besøkt 9. oktober 2024