Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Butylskopolamin og bilkøyring



Fråga: Ein radiologisk avdeling har i sitt skriv til pasientar som får butylskopolamin (Buscopan) for å hemme tarmrørsler i samband med undersøkingar, oppgjeve at pasientane ikkje bør køyre bil før det har gått 4 timar, grunna risikoen for akkommodasjonsforstyrringar (1). Sjukehusfarmasøyt kan likevel ikkje finne att kor denne informasjonen stammar ifrå, og finn at andre sjukehus, både regionalt og internasjonalt ikkje er like strenge, men gjerne anbefalar 30-45 min karenstid kva gjeld bilkøyring (2, 3). Farmasøyten finn også ei RELIS-sak frå nokre år tilbake (4), med referanse til ein artikkel som omtalar varigheit av akkommodasjonsforstyrringar, som tyder på at mindre strenge føringar kan vere rett (5). Ein ønskjer no å oppdatere pasientskrivet og underbyggje anbefalingane med kjelder. Kan RELIS hjelpe med å søke etter om det finst litteratur som underbyggjer anbefalingane om å vente ei spesifikk tid med å køyre bil etter administrasjon av Buscopan?

Sammanfattning: Sparsam dokumentasjon peiker mot at akkommodasjonsforstyrringar etter intravenøs og intramuskulær injeksjon av butylskopolamin varar i inntil 45 minutt. Grad og varigheit av påverknad er doseavhengig. Etter subkutan injeksjon finst det sparsam dokumentasjon på at tid til maksimalt utslag og varigheit er noko lengre, men dette er igjen doseavhengig. Akkommodasjonsforstyrringane påverkar nærsynet, men ikkje alle pasientar opplev dette. Nokre argumenterer for at det berre er problematisk for langsynte som ikkje har eller berre delvis har korrigert brytningsfeilen. Andre føreslår å gjere alle pasientar merksam på at synet kan påverkast etter intravenøs injeksjon med butylskopolamin og at dei derfor ikkje bør køyre før ein slik effekt har avtatt, normalt innanfor 45 minutt.

Svar: Det er ikkje forventa at butylskopolamin passerer blod-hjerne-barrieren, og butylskopolamin har også minimal overgang til auget. Okulære biverknader, slik som akkommodasjonsforstyrringar, tilskrivast i hovudsak blokkerande effekt på perifere ganglier (6, 7).

Litteraturdokumentasjonen kva gjeld okulære biverknader og korleis synet påverkast etter ein enkeltinjeksjon med butylskopolamin, er sparsam og av eldre dato. Hovudvekta av studiane omhandlar intravenøs injeksjon, medan nokre omhandlar intramuskulær eller subkutan injeksjon. Vi oppsummerer dokumentasjonen under.

Intravenøs injeksjon av butylskopolamin
Ifølgje oppslagsverket Micromedex, ga butylskopolamin 20 mg intravenøst sykloplegi (paralyse av ciliærmuskelen med påfølgande akkommododasjonsforstyrring) hos 37 av 100 pasientar som fekk legemiddelet i forkant av gastroduodenal undersøking, og at sykloplegien varte mellom 5 og 35 minutt (7). Vi har ikkje funne fullteksten på artikkelen som siterast her.

Ein studie frå 1977, som undersøkte effektane av intravenøs injeksjon av 40 mg butylskopolamin på pankreasfunksjon hos 10 pasientar, rapporterte om utydeleg syn/tåkesyn som einaste biverknad (8). Halvparten av pasientane opplevde tåkesyn i opptil 30 minutt etter injeksjon (8).

Ein studie på 12 friske frivillige frå 1986 undersøkte butylskopolamin sine effektar på augene (9). Deltakarane fekk fekk placebo, 20 mg og 40 mg butylskopolamin intravenøst ved tre høve. Det var ein dobbelblinda kryssover-studie. Reduksjon av akkommodasjonsevne var doseavhengig med maksimal hemming etter 9 minutt for 20 mg og 15 minutt for 40 mg. Samanlikna med placebo, var forskjellane i akkommodasjonsevne signifikant frå 3 -30 minutt for 20 mg og frå 3-45 minutt for 40 mg (9).

Mydriase (pupille-utviding) nådde maksimum 3 minutt etter injeksjon, men ingen av dosane hadde særskilt effekt på pupillereaksjon (9). Diameter på pupillen var lett auka etter injeksjon med butylskopolamin, samanlikna med placebo, og denne effekten synast å vare lenger enn effekten på akkommodasjonen. Forfattarane vurderer mydriasen som moderat, og påpeiker også at synsskarpheit ikkje var signifikant påverka (9).

Basert på resultata, konkluderer forfattarane med at hos personar med perfekt syn/utan brytningsfeil vil butylskopolamin sin påverknad på akkommodasjonen ha lite praktisk tyding for bilkøyring (9). Hos langsynte der synet ikkje er korrigert eller berre delvis korrigert ved hjelp av briller eller linser, vurderer forfattarane at akkommodasjonsforstyrringa kan nedsette køyreevna, men at hemming uansett ikkje varer lengre enn 45 minutt (9).

I ein studie frå 1990-91 gjorde ein synstestar hos personar som gjennomgjekk bariumundersøking, og som anten fekk butylskopolamin 20 mg intravenøst (n=37), 0,1 mg glukagon intravenøst (n=36) eller som ikkje fekk noko legemiddel (n=16) (10). Målbare endringar i nærsyn, målt ved nærpunkt 12-21 minutt etter injeksjon, vart registrert for 5 pasientar, alle i butylskopolamingruppa: To pasientar hadde ein auke i pupill-diameter på 2 mm i begge auger. Ingen pasientar hadde endringar i langsyn (10).

Alle pasientane med målbare endringar var =50 år (10). Forfattarane drøftar at nærsynet aukar med alder, noko som vil maskere akkommodasjonsendringane indusert av legemiddelet. Dei argumenterer vidare for at ingen av endringane dei målte var tilstrekkelege til å nedsette køyreevna (10).

Studiane frå 1986 og 1990/91 er også dei som siterast i oppsummeringsartikkelen nemnt innleiingsvis, om kva forholdsreglar radiologar og radiografar bør ta ved føreskriving av butylskopolamin (5). Basert på desse to studiane, konkluderer forfattarane av oppsummeringsartikkelen at alle pasientar bør åtvarast om at synet, særskilt nærsynet, kan påverkast etter injeksjon med butylskopolamin, og at dei dermed ikkje bør køyre bil før effekten har avtatt, vanlegvis innanfor 45 min (5).

Subkutan injeksjon av butylskopolamin
Ein studie frå 1966 undersøkte effektane av subkutant injisert butylskopolamin på 35 friske medisinstudentar og ein av lærarane deira (n=36) (11). Deltakarane vart delt inn i 4 grupper à 9 personar, som fekk injeksjon med 20 mg, 28 mg, 40 mg og 56 mg. Akkommodasjon ved nærpunkt vart målt 30 minutt før injeksjon, og deretter i intervall på 15 minutt inntil 90 minutt etter injeksjon (11).

Dei rapporterte at effekten på akkommodasjon nådde sitt topp-punkt 33±4 minutt etter injeksjon av 40 mg, og etter 31±3 minutt etter injeksjon med 56 mg (11). Effekten vedvarte i 64±5 minutt for 40 mg og 80±5 minutt for 56 mg. Artikkelen oppgjev ikkje slike tidsopplysningar for 20 og 28 mg, men det visast til at påverknaden på akkommodasjonen er doseavhengig (11).

I ein studie på 12 friske frivillige, fann ein også at akkommodasjon ved nærpunkt var signifikant auka, nær dobla, 30 minutt etter 40 mg butylskopolamin injisert subkutant (12). Ved neste måling, gjort 2 timar etter injeksjon, var akkommodasjonen normalisert (12).

Intramuskulær injeksjon av butylskopolamin
Ein studie frå 1968 undersøkte akkommodasjon ved nærpunkt etter injeksjon av 10 mg og 30 mg butylskopolamin hos to friske personar (13). Målingar vart gjort i forkant av injeksjonen, deretter kvart 15. minutt etter injeksjonen den første timen, kvart 30. minutt andre timen og kvar time etter det. Injeksjonen på 10 mg påverka ikkje akkommodasjonen, medan 30 mg ga kraftig utslag. Effektane visast grafisk for den eine personen, som var den med størst utslag. Maksimalt utslag vart målt etter 15 minutt, medan effekten synast å vere normalisert etter 45 minutt (13).

Referenser:
  1. Helse Bergen. Pasientinformasjon: Undersøking kor Buscopan vert brukt som rutine. Versjon 2.12. https://handbok.helse-bergen.no/docs/pub/DOK37333.pdf (gyldig til 8. mars 2023).
  2. King Edward VII's hospital. Buscopan - Patient information. https://www.kingedwardvii.co.uk/services/diagnostic-imaging/buscopan-patient-information (Lest: 16. oktober 2024).
  3. NHS University Hospitals Coventry and Warwickshire. Patient information - MRI aftercare following intravenous injection of contrast medium, Buscopan, bowel prep and adenosine. https://www.uhcw.nhs.uk/download/clientfiles/files/Patient%20Information%20Leaflets/Clinical%20Diagnostic%20Services/Radiology/MRI/MRI%20Aftercare%20following%20Intravenous%20Injection%20of%20Contrast%20Medium%20Buscopan%20Bowel%20Prep%20and%20Adenosine.pdf (Sist oppdatert: Mai 2023).
  4. RELIS database 2017; spm.nr. 12045, RELIS Vest. (www.relis.no)
  5. Dyde R, Chapman AH et al. Precautions to be taken by radiologists and radiographers when prescribing hyoscine-N-butylbromide. Clin Radiol 2008; 63(7): 739-43.
  6. Direktoratet for medisinske produkt. Preparatomtale (SPC) Buscopan. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 15. juli 2023).
  7. Micromedex® 2.0 (online). Butylscopolamine (Drugdex System). https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 17. oktober 2024).
  8. Odes HS, Helman CA et al. The effect of hyoscine-N-butylbromide on exocrine pancreatic secretion. S Afr Med J 1977; 52(1): 17-9.
  9. Mehlfeld G, Bleichert A. The effect of anticholinergic drugs on the inner eye muscles. Graefes Arch Clin Exp Ophthalmol 1986; 224(1): 92-5.
  10. Sissons GR, McQueenie A et al. The ocular effects of hyoscine-n-butylbromide ("Buscopan") in radiological practice. Br J Radiol 1991; 64(763): 584-6.
  11. Herxheimer A, HaefeliL. Human pharmacology of hyoscine butylbromide. Lancet 1966; 288(7460): 418-21.
  12. Danjou P, Molinier P et al. Assessment of the anticholinergic effect of the new antihistamine mizolastine in healthy subjects. Br J Clin Pharmacol 1992 Oct; 34(4): 328-31.
  13. Möller J, Rosén A. Comparative studies on intramuscular and oral effective doses of some anticholinergic drugs. Acta Med Scand 1968; 184(3): 201-9.