Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Semaglutid og forverring av depresjon



Fråga: Ein pasient som slit med tilbakevendande depresjonar, har tidlegare hatt effekt av venlafaksin, men effekten har vore avtakande og det siste halve året har depresjonssymptoma forverra seg, blant anna tilkomst av sjølvmordstankar. Pasienten har også diabetes og overvekt, og har forsøkt mange ulike legemiddel mot dette. Dei siste tre åra har pasienten brukt semaglutid (Ozempic). Pasienten sjølv mistenkte at semaglutid kunn innverke på depresjonen og autoseponerte Ozempic. Om lag 5 veker etter siste injeksjon inntraff ei nokså brå endring av dei depressive plagene og pasienten fekk meir energi, ro og opphøyr av sjølvmordstankar. Finst det dokumentasjon for at semaglutid kan forverre depresjon eller påverke effekten av antidepressiva?

Svar: Den europeiske tryggleikskomitéen for legemiddel, PRAC, har nyleg gjort ein gjennomgang av data, for å vurdere bruken av semaglutid og andre GLP-1-reseptoragonistar og risiko for sjølvmordstankar og sjølvskading. Dei konkluderte med at tilgjengeleg dokumentasjon så langt ikkje støttar ein kausal årsakssamanheng, men understreka samtidig at legemiddelfirmaene er forplikta til å følgje med på denne typen biverknader framover, då det er identifisert som ein mogleg tryggleiksrisiko (1).

Fleire studiar har brukt data frå biverknadsdatabasane for å undersøke om psykisk sjukdom, sjølvmordstankar og sjølvskading kunne vere moglege tryggleikssignal etter bruk av GLP-1-reseptoragonistar (GLP1RA) generelt, og semaglutid spesielt (2-5). Dette gjerast som regel ved hjelp av såkalla disproporsjonalitetsanalysar, kor ein undersøker om det er statistisk signifikant disproporsjonalitet for rapportar av den aktuelle hendinga etter bruk av eit spesifikt legemiddel, samanlikna med alle andre legemiddel.

Studiane finn ein mogleg trend for at semaglutid kan gje ein auka risiko for psykiske plager, inkludert sjølvmordstankar, men faktisk risiko og ein eventuell forklaringsmekanisme er ukjent (2-5). Vi understreker at slike analysar er hypotesegenererande og må understøttast av meir data for å stadfeste eventuelle trender funne i slike.

Av andre data har vi funne ein retrospektiv kohortstudie på elektroniske helsedata blant amerikanske pasientar, som ikkje fann noko auka risiko for nyoppstått depresjon eller suicidalitet hos pasientar som brukte semaglutid (6). Også denne typen studie har ei rekkje svakheiter, blant anna risiko for manglande eller feilkoda data. Det kan også finnast konfunderande faktorar som ikkje er registrert i materialet, og det er ikkje er mogleg å stadfeste om eventuelle observerte samanhengar er faktiske biverknader av legemidla pasientane bruker.

Det er med andre ord rapportert om psykisk påverknad etter bruk av semaglutid, men dokumentasjonen er ikkje robust nok til å konkludere. Sidan semaglutid er eit relativt nytt legemiddel, vil det fortsatt vere mykje som er ukjent kva gjeld biverknadsbiletet. Biverknadsmeldingar frå helsepersonell er viktige og kan legge grunnlaget for vidare signalutgreiingar og kunnskap om nye biverknader, meir informasjon om mønster av biverknader, eller eventuelle risikofaktorar for biverknader. Ein treng ikkje vere sikker på at legemiddelet har bidrege til pasientens symptom, det held med mistanke.

I det aktuelle tilfellet er det ein tidsmessig samanheng mellom pasientens reaksjonar og bruk av semaglutid, samt ein betring ved seponering av legemiddelet. Dette styrkar at det kan vere ein årsakssamanheng, og vi oppmodar til å melde det aktuelle som ein biverknad via melde.no.

Referenser:
  1. European Medicines Agency (EMA). Meeting highlights from the Pharmacovigilance Risk Assessment Committee (PRAC) 8-11 April 2024. https://www.ema.europa.eu/en/news/meeting-highlights-pharmacovigilance-risk-assessment-committee-prac-8-11-april-2024 (Publisert: 12. april 2024).
  2. Guirguis A, Chiappini S et al. Exploring the association between suicidal thoughts, self-injury, and GLP-1 receptor agonists in weight loss treatments: Insights from pharmacovigilance measures and unmasking analysis. Eur Neuropsychopharmacol 2024; 82: 82-91.
  3. Ruggiero R, Mascolo A et al. Glucagon-like peptide-1 receptor agonists and suicidal ideation: analysis of real-world data collected in the European pharmacovigilance database. Pharmaceuticals (Basel) 2024; 17(2): 147.
  4. Tobaiqy M, Elkout H. Psychiatric adverse events associated with semaglutide, liraglutide and tirzepatide: a pharmacovigilance analysis of individual case safety reports submitted to the EudraVigilance database. Int J Clin Pharm 2024; 46(2): 488-95.
  5. McIntyre RS, Mansur RB et al. The association between glucagon-like peptide-1 receptor agonists (GLP-1 RAs) and suicidality: reports to the Food and Drug Administration Adverse Event Reporting System (FAERS). Expert Opin Drug Saf 2024; 23(1): 47-55.
  6. De Giorgi R, Koychev I et al. 12-month neurological and psychiatric outcomes of semaglutide use for type 2 diabetes: a propensity-score matched cohort study. eClinicalMedicine 2024; 74: 102726.