Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Behandling av ADHD hos barn med Down Syndrom



Fråga: Barnepsykiater spør om det finst informasjon om særskilte forsiktigheitsreglar eller anna i samband med ADHD-behandling hos eit barn som også har Down Syndrom. Psykiateren har sjølv klinisk erfaring med at både effekt og biverknadar kan vere endra hos barn med genetiske syndrom, men kan ikkje finne litteratur om behandling av ADHD hos pasientar med Down Syndrom.

Sammanfattning: Generelt er medikamentell behandling av ADHD hos pasientar som også har Down Syndrom (DS) lite undersøkt. I dei små studiane vi har funne vart imidlertid behandling med metylfenidat og guanfacin i hovudsak godt tolerert i denne pasientgruppa. Forsiktigheitsreglar kommentert i dei nemnde studiane er blant anna at ein bør ta omsyn til medfødt hjartesjukdom og epilepsi, som begge er assosiert med DS og samstundes moglegvis vil kunne gje auka risiko for alvorlege biverknadar ved bruk av sentralstimulerande legemiddel. På bakgrunn av at personar med DS på grunn av ein annan nevrofysiologisk profil også vil kunne respondere annleis på behandling med sentralstimulerande legemiddel, i tillegg til å vere meir utsett for biverknadar, er det truleg spesielt viktig å starte med ein låg dose før ein trappar sakte opp under nøye monitorering.

Svar: Vi har gjort eit litteratursøk og har som deg funne begrensa med informasjon om medikamentell behandling av ADHD hos pasientar med Down Syndrom (DS). I eit par studier av relaterte problemstillingar kommenterer ein imidlertid det same som du påpeiker, at på grunn av ein annleis nevrofysiologisk profil, vil pasientar med DS kunne respondere på ein annan måte enn forventa på behandling med sentralstimulerande og samstundes kunne ha auka risiko for biverknader (1,2). Vi har også funne eit par mindre studiar der ein har sett spesifikt på bruk av høvesvis metylfenidat og guanfacin hos pasientar med ADHD og DS.

Studiar
I ei retrospektiv observasjonsstudie frå 2021 vart behandling med metylfenidat undersøkt hos 21 barn i alderen 5 til 15 år med ADHD og DS (3). 10 av pasientane hadde medfødd hjartefeil, men ettersom alle hadde fått behandling for dette utgjorde det ingen hinder for oppstart. Behandlinga var effektiv hos 16 av pasientane, og få alvorlege biverknadar vart rapportert. Dei vanlegaste biverknadane inkluderte tap av appetitt og søvnvanskar, og kun tre barn opplevde biverknader som førte til at behandlinga måtte stoppast/pausast (3). Tics, apati og rebound-effekt var også blant rapporterte biverknader (3).

Vi har også funne ei lita studie der behandling med guanfacin vart undersøkt hos 23 pasientar mellom 4 og 12 år med ADHD og DS. Behandlinga vart rapportert å vere effektiv og guanfacin vart generelt godt tolerert. Det vart rapportert om auka søvnigheit på nattestid, noko som var forventa. Utanom dette er det oppgjeve å vere få rapportere biverknadar, men asymptomatisk reduksjon i blodtrykk vart sett (4).

Forsiktigheitsreglar
Så vidt vi kan sjå, og som også vert poengtert i fleire av dei nemnde studiane, manglar det retningslinjer for behandling av ADHD hos pasientar med DS, og det er generelt lite informasjon å finne om bruk av sentralstimulerande legemiddel/annan behandling av ADHD hos denne pasientgruppa. Det er difor vanskeleg å komme med konkrete råd om særskilte forsiktigheitsreglar. Vi tenkjer likevel det vil vere spesielt viktig å følgje generelle forsiktigheitsreglar og kontraindikasjonar, og å starte med låg dose og trappe sakte opp under nøye monitorering av effekt og biverknadar.

Av kommenterte forsiktigheitsreglar i dei allereie nemnde studiane, vert det mellom anna trekt fram at prevalensen av medfødt hjartesjukdom er høgare hos personar med DS (1, 2), og at dette er noko som bør takast omsyn til ved oppstart med sentralstimulerande legemiddel (1-3).

Vidare er det oppgitt at epilepsi typisk er assosiert med DS (2), og i éi av studiane fann ein at krampar var meir vanleg hos barn med DS og samtidig ADHD, samanlikna med barn med DS utan ADHD (1). Grunna den potensielle risikoen for at sentralstimulerande kan senke terskelen for krampeanfall, poengterer forfattarane viktigheita av å overvake for dette hos desse pasientane (1). RELIS har tidlegare svart på spørsmål om risiko for krampeanfall ved bruk av sentralstimulerande midlar. Det vart då vurdert at det ikkje var tilstrekkeleg evidens til å konkludere sikkert, men at nyare kunnskapsoppsummeringar går i retning av at det ikkje er klinisk signifikant økt førekomst av krampeanfall ved bruk av sentralstimulerande for ADHD, sjølv hos barn med epilepsi (5). Dette synes også å kunne gjelde for atomoksetin (5).

Referenser:
  1. Esbensen AJ, Vincent LB et al. Co-occurring medical and behavioural conditions in children with Down syndrome with or without ADHD symptom presentation. J Intellect Disabil Res. 2022 Mar;66(3):282-296.
  2. Downes A, Anixt JS et al. Psychotropic Medication Use in Children and Adolescents With Down Syndrome. J Dev Behav Pediatr. 2015 Oct;36(8):613-9.
  3. Roche M, Mircher C et al. Efficacy and safety of methylphenidate on attention deficit hyperactivity disorder in children with Down syndrome. J Intellect Disabil Res 2021 Aug;65(8):795-800.
  4. Capone GT, Brecher L, Bay M. Guanfacine Use in Children With Down Syndrome and Comorbid Attention-Deficit Hyperactivity Disorder (ADHD) With Disruptive Behaviors. J Child Neurol. 2016 Jul;31(8):957-64.
  5. RELIS database 2023; spm.nr. 16507, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)