

Semaglutid og amming
Fråga: Lege spør om pasient som skal starte behandling med semaglutid (Wegovy) for høg vekt og relaterte helseproblem kan fortsette å amme. Barnet er 6 månadar gamalt og har starta med fast føde i tillegg til amming. Spørsmålsstiller har sjølv lest av semaglutid har høg molekylvekt og at sannsynlegheita for opptak hos barnet er låg. Mor ynskjer å fortsetje amming om det er mogleg.
Sammanfattning: Fleire oppslagsverk opnar for at behandling med semaglutid kan vurderast hos ammande. Både eit begrensa datamateriale og teoretiske vurderingar tyder på at semaglutid i liten grad går over i morsmjølk og i tillegg i liten grad absorbert av barnet. Korvidt ein bør starte behandling med semaglutid hos den einskilde pasient bør likevel basere seg på ei individuell vurdering frå behandlande lege.
Svar: Semaglutid er eit relativt nytt legemiddel og det er framleis lite data på bruk hos ammande. Basert på teoretiske betraktningar og eit svært begrensa datamateriale om overgang til morsmjølk opnar likevel fleire anerkjente oppslagsverk opp for at semaglutid injeksjonar kan vurderast brukt hos ammande (1-3), medan andre er meir tilbakehaldne (4).
Teoretiske vurdringar
Basert på teoretiske betraktningar forventar ein låg overgang av semaglutid til morsmjølk. Som spørsmålsstillar nemner, har dette samanheng med at semaglutid har høg molekylvekt og høg bindingsgrad til plasmaprotein (3). I tillegg er den orale biotilgjengelegheita for semaglutid svært låg, <1%, på grunn av degradering i gastrointestinaltrakta. Dette gjer at semaglutid som eventuelt kan gjenfinnast i morsmjølk ikkje vert tatt opp hos barnet, kanskje med unntak av hos premature nyfødde og i den første neonatale perioden, då den intestinale permeabiliteten kan vere høgare (3).
Ikkje målbare mengder i morsmjølk
Så vidt vi er kjent med er overgang av semaglutid til morsmjølk undersøkt berre i ei einskild studie. Studia inkluderte åtte ammande kvinner som brukte subkutant semaglutid i dosar frå 0,25 til 1 mg i veka (2,5). Diebarna var frå 4 til 23 månadar og fekk morsmjølk i 3 til 9 veker medan mødrene vart behandla med semaglutid. I denne studia vart det ikkje funne målbare mengder semaglutid i morsmjølka med ei deteksjonsgrense på 1,7 ng/mL. Forfattarane berekna at dersom mjølka hadde innehalde semaglutid i mengdar tilsvararande deteksjonsgrensa ville barnets relative dose (RID) vore svært låg, 1,12%, når ein også rekna med semaglutid sin dårlege orale biotilgjengelegheit (5).
Biverknadar hos diebarn
I studien som vert vist til over vart det ikkje observert biverknadar hos diebarna, med unntak av forbigåande diaré og nedsett appetitt hos eit barn. Forfattarane av studien viser til at det er usikkert om dette er relatert til mors bruk av semaglutid, då slike symptom er relativt vanlege hos spedbarn (5). Dersom semaglutid mot formodning skulle gje biverknadar via morsmjølk kan dette tenkast å vere til dømes nedsett appetitt, diaré og forstopping (1).
Generelt er spedbarn under 2-3 månadar, og spesielt premature eller alvorleg sjuke barn, mest utsett for biverknadar av legemiddel via morsmjølk. I tilfelle med eldre barn som vert delamma og eventuelt får fast føde er sjansen for påverknad redusert.
Det er ikkje undersøkt om semaglutid kan påverke samansetninga av næringsstoff i morsmjølk, eller om mors vekttap vil kunne påverke samansetninga av mjølka. Eit oppslagsverk viser til at dersom mor reduserar kaloriinntaket sitt bør ein vere merksam på at kosthaldet bør spegle det auka behovet for næringsstoff i ammeperioden og vurdere behovet for kosttilskot (1).
Til slutt nemner vi også at det amerikanske oppslagsverket LactMed rår til at semaglutid berre blir gitt som injeksjonar til ammande. Dette fordi orale formuleringar av semaglutid, som Rybelsus, inneheldt salkaprozatnatrium som skal fremme absorpsjonen av semaglutid. Salkaprozatnatrium kan gå over i morsmjølk og akkumulere hos nyfødde (2).
Referenser:- Hale TW, Krutsch K, editors. Medications and mothers milk 2025-2026; 21th ed.: 536.
- National Library of Medicine (USA). Drugs and Lactation database (LactMed). Semaglutide. https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK501922/ (Sist oppdatert: 15. desember 2024).
- E-lactancia. Semaglutide. https://www.e-lactancia.org/ (Sist oppdatert: 21. oktober 2024).
- Avdelningen för klinisk farmakologi, Karolinska universitetssjukhuset. Janusmed amning. Semaglutid. https://www.janusinfo.se/beslutsstod/janusmedamning/ (Søk: 21. januar 2025).
- Diab H, Fuquay T et al. Subcutaneous Semaglutide during Breastfeeding: Infant Safety Regarding Drug Transfer into Human Milk. Nutrients. 2024 Aug 28;16(17):2886.
