Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Skogflåttencefalitt-vaksine til ammande



Fråga: Ei kvinne som er busett i Vestland og ammar eit 3 månader gamalt barn, har spurt legen sin om skogflåttencefalitt-vaksine (TBE-vaksine, TicoVac). Legen finn eitt tidlegare RELIS-svar frå 2013 ved søk på "ticovac amming" (1) og i Felleskatalog-teksten står følgjande tekst: "Skal kun gis under graviditet og amming når det er veldig viktig å oppnå beskyttelse mot TBE-infeksjon, og kun etter en grundig nytte/risiko-vurdering" (2). Korleis vurderast dette i dag?

Sammanfattning: Ammande kan vaksinerast med inaktiverte vaksiner, som skogflåttencefalitt-vaksine, dersom indikasjon. Indikasjon for skogflåttencefalitt-vaksine må vurderast individuelt.

Svar: Som hovudregel utgjer ikkje amming noko kontraindikasjon mot å vaksinere mor (3). For dei fleste vaksiner føreligg det lite informasjon om overgang til morsmjølk, men det er likevel ikkje forventa at små mengder vaksine i morsmjølk vil skade barnet på nokon måte. Eit mogleg unntak er gulfebervaksinasjon. Vaksinasjon av mor kan gje noko auka antistoffnivå i mjølka, men ikkje nok til å beskytte barnet (3).

Både norske og internasjonale oppslagsverk for bruk av legemiddel i ammeperioden, oppgjev at inaktiverte vaksiner, slik som TBE-vaksine, kan setjast under amming (4-6). Sjølv om det ikkje finst kliniske data for TBE-vaksina, er det ikkje rapportert at administrasjon av inaktiverte vaksiner til ammande har hatt negative effektar på diebarn (6).

Folkehelseinstituttet (FHI), som er dei som utarbeidar anbefalingar om vaksinasjon i Noreg, oppgjev i vaksinasjonshandboka for helsepersonell at det bør vurderast TBE-vaksine til dei som ofte blir bitt av flått (meir enn eit par flåttbitt per år) langs kysten i område der det er rapportert humane tilfelle av skogflåttencefalitt (7). Områda som oppgjevast er Sørlandet frå og med Flekkefjord til vestkysten av Oslofjorden til og med gamle Hurum kommune, samt austkysten av Oslofjorden frå og med Vestby til svenskegrensa (7).

Det er likevel funne TBE-virus i flått andre stader langs norskekysten, og sjølv om smitte til menneske hittil berre har skjedd i sørlege kyststrok, kan ein ikkje utelukke smitteoverføring i andre område der TBE-infiserte flått finst (7). Indikasjon for TBE-vaksine må vurderast individuelt.

Ved behov for meir informasjon eller drøfting av i kva tilfelle TBE-vaksinasjon kan vere aktuelt, anbefaler vi å kontakte FHI si vaksinerådgjeving for helsepersonell. Denne kan kontaktast på vaksine@fhi.no eller på telefon 21 07 70 00 (open kvardagar mellom kl. 13.00-14.30). Det er viktig å vere merksam på at FHI gjev råd på gruppenivå, og at det er medisinsk ansvarleg lokalt som må ta avgjersla om å vaksinere eller ikkje.

Referenser:
  1. RELIS database 2013; spm.nr. 2974, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
  2. Felleskatalogen. TicoVac, TicoVac Junior. https://www.felleskatalogen.no/medisin/ticovac-ticovac-junior-pfizer-564636 (Sist endra: 18. november 2024).
  3. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonshåndboka: Vaksinasjon av gravide og ammende. https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksinasjon-i-ulike-livsfaser/vaksinasjon-av-gravide-og-ammende/ (Sist endra: 27. november 2024).
  4. Norsk legemiddelhåndbok. Amming og legemidler. https://www.legemiddelhandboka.no/ (Sist endra: 15. mai 2019).
  5. Avdelningen för klinisk farmakologi, Karolinska universitetssjukhuset. Janusmed amning. Fästingburet encefalitvirus (TBE), inaktiverat antigen. https://janusmed.se/amning (Sist oppdatert: 7. mai 2025).
  6. National Library of Medicine (USA). Drugs and Lactation database (LactMed). Tick-Borne Encephalitis Vaccine. https://www.ncbi.nlm.nih.gov/books/NBK501922/ (Sist oppdatert: 15. august 2024).
  7. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonshåndboka: Skogflåttencefalittvaksine (TBE-vaksine). https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/ (Sist endra: 13. juni 2024).