Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Eggeallergi og vaksinasjon



Fråga: Ein lege har lese ei nyhende-sak frå UpToDate om at det er unødvendig å spørje om eggeallergi før vaksinering, uansett vaksine (1). Folkehelseinstituttet anbefaler derimot å spørje (2). Lokalt er allmennlegar anbefalt å vise barn med alvorleg eggeallergi til sjukehus for vaksinering. Dette er motstridande råd, og lege lurer på om det er naudsynt å spørje om eggeallergi før vaksinering?

Svar: OPPSUMMERING På generelt grunnlag anbefaler vi å følgje nasjonale retningslinjer og anbefalingar for vaksinasjon. I Noreg er det Folkehelseinstituttet (FHI) som utarbeidar anbefalingar for vaksinasjon.

Dei aller fleste pasientar med eggeallergi kan vaksinerast med influensavaksine og skogflåttencefalittvaksine hos fastlege eller anna vaksinasjonsstad med normal anafylaksiberedskap. Individuell risikovurdering, utvida anafylaksiberedskap og intrakutantest kan likevel vere naudsynt i somme tilfelle, og særskilt ved behov for gulfebervaksinasjon. Norske anbefalingar kva gjeld eggeallergi vart sist oppdatert for eitt år sidan (2).

Ved spørsmål om kva vurderingar som ligg til grunn for dei norske anbefalingane, må ein kontakte FHI. Det same gjeld ved spørsmål om desse råda eventuelt er under oppdatering eller om FHI har gjort vurderingar med tanke på studien som er kome om gulfebervaksinasjon av personar med eggeallergi (sjå under).

BAKGRUNN
Den nyaste informasjonen i UpToDate samsvarer ikkje med myndigheitsgodkjente anbefalingar i USA (3-5). Amerikanske anbefalingar, kva gjeld forholdsreglar ved vaksinasjon av personar med eggeallergi er også noko ulike frå dei norske anbefalingane.

UpToDate er eit nord-amerikansk, klinisk oppslagsverk, der klinikarar innanfor eit fagområde utformar og gjev behandlingsråd basert på tilgjengeleg evidens (6). Informasjonen i UpToDate vil ikkje alltid samsvare med offentlege retningslinjer, verken i USA eller i Noreg. Dette kan ha bakgrunn i at oppdatering av myndigheitsgodkjente råd er bundne av andre og somme gonger strengare krav kva gjeld dokumentasjon og gjennomarbeiding av tekst, og desse prosessane tar gjerne også lenger tid. Amerikanske og norske terapitradisjonar og tilgjengelegheit av vaksinar, kan også vere ulik.

Bakgrunn for informasjonen i UpToDate
Nyhendesaka som spørsmålsstillar viser til, er frå februar 2025 (1). Denne, og tilhøyrande UpToDate-kapittel om allergi for vaksinar, oppgjev at det ikkje lenger er naudsynt å spørje om eggeallergi i forkant av nokon vaksiner. Vidare er det oppgitt at eggeallergi (også alvorleg) ikkje er ein kontraindikasjon til gulfeber-vaksinen eller andre vaksinar som inneheld eggeprotein, samt at det ikkje er naudsynt med særskilte forholdsreglar, utover generell anafylaksiberedskap, ved vaksinasjon av pasientar med eggeallergi (1, 7).

Bakgrunnen er ein nyleg publisert studie (august 2024), der 171 barn med eggeallergi og 24 prosent av dei med anafylaksi-historikk, gjennomgjekk hudtesting for gulfeber-vaksine og fekk denne administrert uavhengig av testresultat. Ingen av dei utvikla allergiske reaksjonar (8). I kapittelet om allergi for vaksinar viser dei i tillegg til to mindre studiar, som også støttar opp om at ein kan administrere gulfebervaksina utan å gjere hudtest først (7-10).

Amerikanske anbefalingar om gulfebervaksinasjon
I USA er det Center of Disease Control (CDC) sin rådgjevande komité i vaksinespørsmål, Advisory Committee on Immunization Practices (ACIP), som har ansvar for utarbeiding av vaksinasjonsanbefalingane på myndigheitsnivå. Dei har foreløpig ikkje kome med nye anbefalingar for gulfebervaksinen, og dette har heller ikkje vore på agendaen i dei to møta dei har hatt så langt i 2025 (11).

CDCs vaksinasjonshandbok oppgjev framleis at straksallergi for kyllingprotein, egg, eggeprodukt eller gelatin er ein kontraindikasjon for gulfebervaksinen (3). Dei opnar likevel for vaksinasjon etter desensitivisering (3, 4). Denne informasjonen vart sist oppdatert i april 2025 (3, 4).

I det generelle kapittelet om å minimere risikoen for biverknader av vaksinasjon, i same vaksinasjonshandbok og sist oppdatert i juli 2024, oppgjevast det at datagrunnlaget er utilstrekkeleg for å bestemme kva personar med eggeallergi som eventuelt kan få gulfebervaksinen (5). Dei oppgjev at for personar med eggeallergi kan ein gjere prikk-test eller intradermal test før administrasjon av vaksinen. Ved positiv hudtest eller alvorleg eggeallergi hos personar med indikasjon for vaksinen, anbefaler dei som sagt desensitivisering (5).

Amerikanske anbefalingar for andre vaksinar
UpTodate oppgjev at i tillegg til gulfeber-vaksinen, kan influensavaksinar, meslingar-kusma-raude hundar (MMR)-vaksinar og rabies-vaksinar ha innhald av eggeprotein (7). Kva gjeld vaksinering med influensavaksinar og MMR-vaksinar, stemmer informasjonen i UpToDate overeins med CDC sine anbefalingar.

ACIP og CDC har sidan influensasesongen 2023-2024 anbefalt at ei det ikkje er naudsynt med særskilte forholdsreglar, utover generell anafylaksiberedskap, ved influensavaksinasjon av pasientar med eggeallergi (uavhengig av alvorsgrad) (12). Denne anbefalinga er basert på ein større gjennomgang av litteraturen, og eit mykje større datamateriale enn det som eksisterer for gulfebervaksinen (13).

CDCs vaksinasjonshandbok oppgjev også at vaksinar mot meslingar og kusma dyrkast i cellekulturar frå kyllingembryo, men at proteininnhaldet i desse vaksinane er oppgjeve å vere så lågt at personar med alvorleg eggeallergi kan vaksinerast (5). Rabies-vaksinar nemnast ikkje spesifikt og informasjon om eggeallergi inngår heller ikkje i dei kapitla som omtalar rabiesvaksine (5, 14, 15).

Norske versus amerikanske anbefalingar
Norske anbefalingar skil seg frå amerikanske i hovudsak ved at dei anbefaler å gjere ei risiko-vurdering for pasientar med alvorleg straksallergi mot egg før vaksinasjon med virusvaksinar framstilt ved hjelp av hønseegg, det vil seie influensavaksine, gulfebervaksine og skogflåttencefalitt-vaksine (2). Denne informasjonen vart sist oppdatert i juli 2024 (2).

Informasjonen for kvar enkelt vaksine kva gjeld eggeallergi varierer noko. For influensavaksine anbefaler FHI utvida anafylaksiberedskap for personar som har hatt alvorleg straksallergisk reaksjon/anafylaktisk sjokk etter inntak av eggeprotein/tidlegare dose av vaksine med spormengder av eggeprotein (16). Dei understrekar likevel at dei aller fleste kan og bør vaksinerast på vanleg måte, og at dei aller fleste eggeallergikarar kan vaksinerast hos fastlege, helsestasjon eller anna vaksinasjonsstad med normal anafylaksiberedskap (16).

For gulfebervaksine er alvorleg straksallergisk reaksjon mot egg oppgjeve som kontraindikasjon, medan intrakutantest med vaksinen anbefalast før eventuelle vaksinasjon ved kjent eggallergi som er mindre alvorleg (17).

Kapittelet om skogflåttencefalittvaksine oppgjev at mild eggeallergi ikkje er ein kontraindikasjon og viser til det generelle kapitlet om vaksinasjon av personar med allergi (18).

Referenser:
  1. Eichler AF, Vora SR. Practice Changing Updates. Allergy and immunology (February 2025): Egg allergy no longer a concern for any vaccines. In: UpToDate. https://www.uptodate.com/contents/practice-changing-updates (Sist oppdatert: 5. mai 2025).
  2. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonshåndboka: Vaksinasjon av personer med allergi. https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksinasjon-ved-sykdom/vaksinasjon-av-personer-med-allergi/ (Sist oppdatert: 16. juli 2024).
  3. Centre of Disease Control (CDC). Yellow Book: Yellow Fever. https://www.cdc.gov/yellow-book/hcp/travel-associated-infections-diseases/yellow-fever.html (Sist oppdatert: 23. april 2025).
  4. Centre of Disease Control (CDC). Yellow Book: Vaccination and Immunoprophylaxis—General Principles. https://www.cdc.gov/yellow-book/hcp/preparing-international-travelers/vaccination-and-immunoprophylaxis-general-principles.html (Sist oppdatert: 23. april 2025).
  5. Centre of Disease Control (CDC). Vaccines & Immunizations: Preventing and Managing Adverse Reactions. https://www.cdc.gov/vaccines/hcp/imz-best-practices/preventing-managing-adverse-reactions.html (Sist oppdatert: 25. juli 2024).
  6. UpToDate Editorial Policy. In: UpToDate, Wolters Kluwer. https://www.wolterskluwer.com/en/solutions/uptodate/policies-legal/editorial-policy (Sist revidert: 14. mars 2024).
  7. Kelso JM. Allergic reactions to vaccines. Version 64.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 13. april 2025).
  8. Ramírez-Giraldo RH, Giraldo-Avila PA et al. No yellow fever vaccine reactions in IgE-mediated egg allergic patients. Int Arch Allergy Immunol 2025; 186(1): 52-8.
  9. Bédard MA, Graham F et al. Single-dose yellow fever vaccination is well tolerated in egg-allergic children despite positive intradermal test to the vaccine. J Allergy Clin Immunol Pract 2021; 9(11): 4170-2.e1.
  10. García-Paba MB, Aparicio C et al. Frequency of allergic reactions in egg allergic patients after receiving the yellow fever vaccine. Allergol Immunopathol (Madr) 2023; 51(4): 139-47.
  11. Centre of Disease Control (CDC). ACIP Meeting Information. https://www.cdc.gov/acip/meetings/index.html (Lest: 8. mai 2025).
  12. Centre of Disease Control (CDC). Flu Vaccines and People with Egg Allergies. https://www.cdc.gov/flu/vaccines/egg-allergies.html (Sist oppdatert: 17. september 2024).
  13. Centre of Disease Control (CDC). ACIP Evidence to Recommendations (EtR) Framework: Safety of Influenza Vaccines for Persons with Egg Allergy. https://www.cdc.gov/acip/evidence-to-recommendations/influenza-egg-allergy-etr.html (Sist oppdatert: 5. september 2024).
  14. Centre of Disease Control (CDC). Yellow Book: Rabies. https://www.cdc.gov/yellow-book/hcp/travel-associated-infections-diseases/rabies.html (Sist oppdatert: 23. april 2025).
  15. Centre of Disease Control (CDC). Vaccines & Immunizations: Rabies Vaccine VIS. https://www.cdc.gov/vaccines/hcp/current-vis/rabies.html (Sist oppdatert: 2. juni 2022).
  16. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonshåndboka: Influensavaksine. https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/influensavaksinasjon/ (Sist oppdatert: 26. september 2024).
  17. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonshåndboka: Gulfebervaksine. https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/gulfebervaksinasjon/ (Sist oppdatert: 28. mai 2024).
  18. Folkehelseinstituttet. Vaksinasjonshåndboka: Skogflåttencefalittvaksine (TBE-vaksine). https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/skogflattencefalittvaksinasjon/ (Sist oppdatert: 13. juni 2024).