Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Metylfenidat og tablettrestar i avføringa



Fråga: Ein lege har fått spørsmål frå ein pasient som fortel at hen har oppdaga at metylfenidat depottablett (Metylfenidat Medical Valley) kjem ut i avføringa "heile og uoppløyste". Pasienten skriv at "dei er blitt svarte og innhaldet er som klissete plastikk. Det er som at dei berre går gjennom systemet utan å bli tatt opp. Dette skulle jo ha blitt oppløyst og tatt opp". Pasienten knyt også dette til ei oppleving av at effekten til legemidla ikkje er "som den skal". Legen meiner at det kan vere mogleg at pasienten opplev endra effekt i forhold til andre generika med same verkestoff og formulering. Har eit slikt fenomen blitt beskrive tidlegare? Kan fenomenet pasienten opplev knyte seg til akkurat dette merket, eller vi ein vente at andre merke av metylfenidat med same depotformulering vil oppføre seg likt?

Sammanfattning: Metylfenidat Medical Valley har eit ytre skal som er uløyseleg og som dermed vil kunne attfinnast i avføringa, saman med eventuelle uløyselege indre komponentar. Legemiddelet er fordelt i tabletten i eit ytre lag, som frigjerast direkte, og to indre lag som gradvis frigjerast ved hjelp av ein osmotisk mekanisme, etterkvart som vatn trengjer gjennom skalet (semi-permeabel membran). Concerta, Methylphenidate Sandoz og Delmosart har tilsvarande formulering, er generisk bytbare og vil oppføre seg likt med Metylfenidat Medical Valley.

Svar: Det ytre skalet er uløyseleg
Noko av legemiddelet i Metylfenidat Medical Valley ligg inni eit skal som ikkje absorberast, og som er laga for å frigjere legemiddelet med ein kontrollert hastigheit (1). Dette kallast eit gastrointestinalt terapeutisk system (GITS) eller eit oralt system med osmotisk frisetting (osmotic release oral system - OROS). OROS-tablettar kan bestå av eitt eller fleire lag med legemiddel (2).

Metylfenidat Medical Valley består av eit ytre legemiddellag (tablettovertrekk), som frigjerast umiddelbart, og to indre legemiddellag, som frigjerast gradvis (1, 3). Skalet eller membranen som omsluttar dei to indre legemiddellaga, er designa slik at vatn kan trenge inn i tabletten (semi-permeabel membran), noko som gjer at tablettens indre sveller opp og legemiddelet blir dermed pressa gradvis ut gjennom eit leveransehol på sida av tabletten. Leveranseholet er drilla inn i tabletten med laser og kan sjåast med det blotte auget (1, 3).

Tablettskalet eller membranen vil ikkje deformerast eller endre fasong i denne prosessen, og det vil også vere uløyselege komponentar i kjernen av tabletten. Dermed vil tablettskalet og dei uløyselege delane i tablettkjernen kunne synast i avføringa (1, 3). Dette er heilt normalt og pasienten treng ikkje bekymre seg for at hen ser tablettskallet i avføringa (1).

Denne informasjonen står også i pakningsvedlegget (4):

"Tabletten løser seg ikke fullstendig etter at alt legemidlet er frigitt, og noen ganger kan tablettskallet være synlig i avføringen. Det er normalt."

Vi har likevel ikkje funne noko nærare beskrivingar av korleis tablettrestane vil sjå ut. Det er ikkje oppgjeve kva styrke pasienten bruker, men vi noterer at 27 mg-tablettane er grå på farge (5), og det kan dermed tenkjast at absorpsjonen av vatn kan medføre at dei vil sjå svarte og klissete ut i avføringa. Korleis fargestoffa og dei uløyselege delane i tablettane reagerer med kroppsvæsker for øvrig, har vi ikkje informasjon om, men det kan vere at firmaet har meir informasjon om korleis utsjånaden på dei ulike tablettane vil kunne vere etter dei har gått gjennom gastrointestinaltrakta.

Andre metylfenidat-preparat med OROS-formulering
Metylfenidat Medical Valley er godkjent som generisk bytbar med Concerta, Methylphenidate Sandoz og Delmosart (6). Det vil seie at dei er vurdert som bioekvivalente og medisinsk likeverdige, og at eventuelle forskjellar i biotilgjengelegheit og farmakokinetikk skal vere så små at effekt og biverknader i prinsipp er den same (7).

Alle desse fire preparata har OROS-formulering, men med enkelte forskjellar. Concerta er konstruert på same måte som Metylfenidat Medical Valley, med eit ytre legemiddellag og to indre legemiddellag (8a). Methylphenidate Sandoz og Delmosart er også OROS-tablettar, men ser ut til å bestå av berre eitt indre legemiddellag, i tillegg til det ytre legemiddellaget (8b-c). Prosentandelen legemiddel som frigjerast direkte (ytre lag) versus over tid (indre lag) er 25/75 for Delmosart og 22/78 for dei resterande (9).

Uavhengig av talet på indre legemiddellag og prosentandel som frigjerast direkte og over tid, vil likevel prinsippet vere det same - at legemiddel inni kjernen drivast ut ved osmotisk frigjering, gjennom eit ytre skal eller membran som ikkje løysast opp og som dermed vil kunne vere synleg i avføringa.

Byte mellom metylfenidat-preparat og påverknad av effekt
Spørsmålsstillar skriv at pasienten opplev at effekten ikkje er «som den skal», og at det moglegvis også kan ha bakgrunn i generisk byte. Det framgår likevel ikkje om pasienten nyleg har byta til Metylfenidat Medical Valley, kva pasienten har byta frå eller kva andre metylfenidat-preparat hen har brukt tidlegare.

I tillegg til OROS-formuleringar, finnast det også andre depotformuleringar av metylfenidat, eksemplevis kapslar med innhald av hurtigverkande og modifiserte granulat. Byte mellom OROS-formuleringar og andre typar depotformuleringar, vil kunne gje merkbare endringar i opplevd effekt, grunna ulik farmakokinetisk profil (9).

Byte mellom OROS-formuleringar skal i utgangspunktet ikkje påverke effekt av behandlinga, men det finst likevel rapportar om endra symptomkontroll (10, 11). Pasientressursar utvikla av psykiatriske fagmiljø, som forklarer forskjellane mellom ulike depotformuleringar av metylfenidat, oppgjev også at byte mellom likeverdige OROS-formuleringar kan påverke symptomkontroll hos enkelte (11).

Referenser:
  1. Direktoratet for medisinske produkt. Preparatomtale (SPC) Metylfenidat Medical Valley. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 7. desember 2023).
  2. Meredith PA, Elliott HL. A review of the gastrointestinal therapeutic system (GITS) formulation and its effectiveness in the delivery of antihypertensive drug treatment (focus on nifedipine GITS). Integr Blood Press Control 2013; 6: 79-87.
  3. Childress AC, Komolova M, Sallee FR. An update on the pharmacokinetic considerations in the treatment of ADHD with long-acting methylphenidate and amphetamine formulations. Expert Opin Drug Metab Toxicol 2019; 15(11): 937-74.
  4. Felleskatalogen AS. Pakningsvedlegg Metylfenidat Medical Valley. https://www.felleskatalogen.no/medisin/pasienter/pas-metylfenidat-medical-valley-medical-valley-730020 (Sist oppdatert: 7. desember 2023).
  5. Felleskatalogen AS. Felleskatalogtekst - Legemiddelfoto: Metylfenidat Medical Valley. https://www.felleskatalogen.no/medisin/metylfenidat-medical-valley-medical-valley-730020#legemiddelfoto (Sist endret: 20. juni 2023).
  6. Direktoratet for medisinske produkt. Legemiddelsøk: Metylfenidat Medical Valley. https://www.legemiddelsok.no/ (SØK. 23. mai 2025).
  7. Direktoratet for medisinske produkt. Hva er byttbare legemidler? https://www.dmp.no/offentlig-finansiering/medisinbytte-i-apotek/hva-er-byttbare-legemidler (Sist oppdatert: 10. mars 2025).
  8. Direktoratet for medisinske produkt. Preparatomtale (SPC) a) Concerta (Sist oppdatert: 9. januar 2025), b) Methylpehnidate Sandoz (Sist oppdatert: 20. desember 2023), c) Delmosart (Sist oppdatert: 14. desember 2023). https://www.legemiddelsok.no/
  9. Specialist Pharmacy Service. Prescribing and switching between modified-release methylphenidate. https://www.sps.nhs.uk/articles/prescribing-and-switching-between-modified-release-methylphenidate/ (Sist oppdatert: 13. desember 2024).
  10. Bazire S, Greenhalgh N, editors. Psychotropic Drug Directory. 2.2.5 Switching ADHD treatments. In: Medicines Complete. https://www.medicinescomplete.com/ (Sist oppdatert: 11. mars 2025).
  11. Choice and Medication. Handy fact sheet: Avoiding problems with the many UK methylphenidate products. https://www.choiceandmedication.org/assets/mobile_pdfs/handyfactsheetmethylphenidateswitchinguk.pdf (Lest: 23. mai 2025).