Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Val av antihistamin ved peanøttallergi



Fråga: Spørsmålet gjeld ein pasient i tenåra med kjent pollenallergi og peanøttallergi. Pasienten har brukt cetirizin (Zyrtec) både mot pollenallergi i sesong og ad hoc ved mistenkt eller verifisert inntak av peanøtt. For sistnemnte er følgjande doseringstilvising gjeve: "Ved inntak av peanøtt, tygg 2 tabletter Zyrtec à 10 mg, sett evt Epipen og ring 113". No har allergolog føreskrive desloratadin (Aerius) mot pollenallergi og legen lurer derfor på om Aerius då også skal nyttast ved peanøttallergiske straksreaksjonar? l så tilfelle, skal pasienten då også ta dobbel dose Aerius, slik som Zyrtec? Kan eventuelt Zyrtec og Aerius kombinerast, dersom pasienten no skal bruke Aerius fast i pollensesongen, men Zyrtec dersom hen får i seg peanøtt? Indikasjonen i Felleskatalogen verkar ikkje å vere matvareallergiar for nokon av preparata. Spørsmål frå lege.

Sammanfattning: Alle endringar i behandlingsinstruksen for mistenkt eller verifisert inntak av peanøtt bør avklarast med allergolog eller behandlande lege. Dette er ei individuell vurdering, basert på pasientens symptombilete ved slik eksponering, reaksjonshistorikk og om pasienten samtidig bruker antihistamin førebyggjande for anna allergi.

Svar: På generelt grunnlag reknast dei ulike H1-reseptor-antagonistane å vere tilsvarande effektive mot histamin-medierte allergiske reaksjonar, uavhengig av kva som er utløysande allergen (1, 2). Eventuelle forskjellar i biverknader og interaksjonspotensial, samt individuell opplevd effekt er gjerne styrande for kva ein vel (2).

Tredjegenerasjons antihistamin, eksempelvis desloratadin, har ein høgare affinitet for og bind seg lenger til H1-reseptorane enn andregenerasjons antihistamina dei er metabolittar av (her: loratadin), og demper inflammasjon meir effektivt. Den kliniske tydinga av dette er likevel omdiskutert (3).

Kva gjeld matallergi, kan ikkje-sedative antihistamin inngå som medikamentell akuttbehandling, avhengig av pasientens symptom og risikoprofil (4-6). Antihistamin kan vere effektive ved akutte kutane symptom, slik som urtikaria og slimhinnereaksjonar, men har ikkje vist seg effektive ved respiratoriske eller kardiovaskulære symptom (5, 7).

Ved risiko for anafylaksi, bør pasienten også ha adrenalin (Epipen) i beredskap (4-6). Det bør også lagast ein tydeleg instruks for korleis ein behandlar mistenkte eller verifiserte inntak av aktuelt allergen, og dersom antihistamin inngår i instruksen, skal dei gjevast i ei form som pasienten kan svelge (4).

I ei tidlegare RELIS-utgreiing med liknande problematikk, var dei også i kontakt med Regionalt senter for astma, allergi og overfølsemd (RAAO, den gong kalla Seksjon for klinisk spesialallergologi). Overlege ved RAAO meddelte då at det basert på klinisk erfaring ikkje var uvanleg å blande antihistamin ut ifrå tilgjengelegheit ved behov, og at slik bruk erfaringsmessig ikkje vurderast som problematisk (1).

Sjølv om det truleg er uproblematisk å kombinere to typar antihistamin, dersom behovet skulle oppstå, bør ein avklare med allergolog eller legen som har gjeve den tidlegare behandlingsinstruksen, kva som no skal vere gjeldande behandlingsregime ved mistenkt eller verifisert inntak av peanøtt. Det gjeld også med tanke på om desloratadin eventuelt skal erstatte cetirizin også i denne situasjonen, sjølv om to tablettar desloratadin vil gje tilsvarande effekt som to tablettar cetirizin.

Til orientering åtvarar også rettleiarar for matallergi om at førebyggjande bruk av antihistamin potensielt kan maskere tidlege symptom på anafylaksi, og føre til forseinka administrasjon av adrenalin (5, 6). Korleis ein skal forhalde seg til dette i pollensesongen, når pasienten bruker antihistamin fast, bør også drøftast med allergolog.

Referenser:
  1. RELIS database 2020; spm.nr. 14164, RELIS Vest. (www.relis.no)
  2. Kuna P, Jurkiewicz D et al. The role and choice criteria of antihistamines in allergy management - expert opinion. Postepy Dermatol Alergol 2016; 33(6): 397-410.
  3. Norsk legemiddelhåndbok. L9.1 Histamin H1‑antagonister. https://www.legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 1. september 2023).
  4. Santos AF, Riggioni C et al. EAACI guidelines on the management of IgE-mediated food allergy. Allergy 2025; 80(1): 14-36.
  5. Worm M, Reese I et al. Update of the S2k guideline on the management of IgE-mediated food allergies. Allergol Select 2021; 5: 195-243.
  6. Praktisk veileder i håndtering av matallergi. https://www.helsebiblioteket.no/innhold/retningslinjer/allergologi/matallergi (Publisert: Februar 2021).
  7. de Silva D, Geromi M et al; EAACI Food Allergy and Anaphylaxis Guidelines Group. Acute and long-term management of food allergy: systematic review. Allergy 2014; 69(2): 159-67.