Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Hormonell prevensjon og genetikk



Fråga: Ein lege har ein pasient med PMDD (premenstruell dysforisk lidelse), og brukar sertralin (antidepressivt legemiddel) for dette, med effekt. Pasienten opplever òg blødningsbiverknader ved bruk av p-piller som består av østrogen og gestagen. Legen lurer på om ein kan ha genvariantar som kan gi endra sensitivitet for prevensjon.

Pasienten har òg ein 1. grads slektning med heterozygot Leiden-mutasjon, og legen lurer på om det er særleg risiko her med tanke på å gi østrogenhaldige p-piller.

Svar: Kombinasjons p-piller og blødning Kombinasjons p-piller består av eit østrogen og eit gestagen. Både type østrogen og gestagen, og mengda hormon kan variere frå preparat til preparat. Generelt kan ein sei at lavare mengde østrogen i preparatet, gir auka risiko for mellomblødning ved bruk av kombinasjons p-piller. I tillegg kan type østrogen påverke risikoen. Kontinuerleg bruk, der ein “hoppar over” dei hormonfrie dagane/pillene, gir òg auka sjanse for gjennombruddsblødningar. Rundt 20 % av p-pille-brukarar opplever spotblødningar og mellomblødningar, særleg dei første månadane etter oppstart med prevensjon. Biverknaden er altså svært vanleg. For mange er det ein forbigåande biverknad, men for dei som brukar lavdoserte p-piller kan biverknaden vedvare (1, 2).

Hormonell prevensjon og genetiske variasjonar Hormona i p-pillene blir i stor grad metabolisert i leveren via ulike CYP enzym, i hovudsak CYP3A4, men andre CYP enzym bidreg òg til metabolismen. Det er sett at samtidig behandling med legemiddel som kan indusere CYP3A4 enzym, som t.d. enkelte antiepileptika, kan gi risiko for nedsett effekt av kombinasjons p-piller og auka sjanse for graviditet og mellomblødningar (3). Ein kan såleis tenke seg at òg personar som har ein genetisk variant som gir rask metabolisme via CYP3A4 kan ha risiko for redusert effekt og gjennombruddsblødningar ved slik prevensjon, utan at vi finn dette omtala i litteraturen. Det er uansett usikkert om det å teste for ulike CYP-variantar (farmakogenetiske analyser) er relevant for denne indikasjonen.

Genetiske variasjonar ved PMDD Det er sett at PMDD til ei viss grad er arveleg, og det er fleire gen som er undersøkt med tanke på assosiasjon med risiko for PMDD, utan at det er eintydig samanheng mellom genvariantar og tilstanden (4). Hormonell prevensjon med kombinasjons p-piller kan ha effekt på tilstanden hos mange (5, 6). Vi finn ikkje litteratur som seier noko om at genetiske variantar kan forutsei kven som vil ha effekt av slike medikament og ikkje.

Hormonell prevensjon og Leiden mutasjon Bruk av østrogenhaldige p-piller gir noko auka risiko for å utvikle venøs tromboembolisme. Type østrogen og mengda østrogen i preparatet har noko å sei for denne risikoen. Type gestagen kan òg ha noko å sei, men det er særleg østrogenet som gir denne risikoen (1).

På grunn av denne auka risikoen er det kontraindisert å gi kombinasjons p-piller til personar som i utgangspunktet har auka risiko for venøs tromboembolisme, slik som personar med både homo- og heterozygot Leiden mutasjon (1).

Det er kjem ikkje fram av spørsmålet om pasienten har Leiden mutasjon, men då ein 1. grads slektning har mutasjonen er det 50 % sjanse for at pasienten òg har det. Med mindre pasienten allereie er utreia, bør ein gjere ei genetisk vurdering av pasienten for å sjå om denne har mutasjonen før ein ev. startar med østrogenhaldig prevensjon. Dersom pasienten sjølv ikkje har mutasjonen, er det ikkje noko i vegen for å gi slike preparat dersom det ikkje føreligg andre risikofaktorar (1).

Referenser:
  1. Sex og samfunn. Prevensjonsmidler. eMetodebok for seksuell helse. https://.emetodebok.no/ (Besøkt 25. juni 2025)
  2. Archer DF, Mansour D et.al. Bleeding Patterns of Oral Contraceptives with a Cyclic Dosing Regimen: An Overview. J Clin Med. 2022;11(15):4634.
  3. Li L, Yang X. Combined Oral Contraceptives As Victims of Drug Interactions. Drug Metab Dispos. 2023;51(6):718-732.
  4. McEvoy K, Osborne LM et.al. Reproductive Affective Disorders: a Review of the Genetic Evidence for Premenstrual Dysphoric Disorder and Postpartum Depression. Curr Psychiatry Rep. 2017;19(12):94.
  5. Rapkin AJ, Korotkaya Y, Taylor KC. Contraception counseling for women with premenstrual dysphoric disorder (PMDD): current perspectives. Open Access J Contracept. 2019;10:27-39
  6. Brøndbo IA, Roland PDH. Behandling av premenstruelle lidelser (PMS og PMDD). Nor Farmaceut Tidsskr 2024; 132(5): 16-8 https://relis.no/artikler/40986/