

Behandling av oral trøske hos små barn
Fråga: Eit nokre månader gamalt spedbarn er
plaga med med residiverande trøske – til tross for behandling med Nystatin etter
retningslinjer, koking av smokker og liknande, som anbefalt, og behandling av mor med klotrimazol krem og seinare
flukonazol tabletter. Likevel medfører behandlinga kun noko reduksjon av trøske
- ikkje til kurering og ingen varig effekt. Er det noko anna behandling ein kan
forsøke no?
Svar: OPPSUMMERING
Mikonazol til bruk topikalt vert trekt fram,
i eit britisk oppslagsverk og i nokre britiske, kliniske retningslinjer, som
eit alternativ til nystatin mikstur ved lokalbehandling av trøske. Mikonazol
oralgel kan skaffast på godkjennigsfritak i Norge, og dosering hos spedbarn er
angitt i kunnskapsbasert oppslagsverk om barns legemidlar (KOBLE). Det føreligg imidlertid ei
åtvaring om at ein skal vere nøye med påføring for å unngå kvelning hos
spedbarnet.
Norske og amerikanske oppslagsverk foreslår at behandlingsresistent
oral trøske hos spedbarn kan verte behandla med flukonazol mikstur. Dersom symptoma forverrast eller
ikkje blir betre i løpet av 7 dagar, anbefalast det at ein tar prøve med tanke
på påvisning av sopp og resistensmønster og/eller evaluere for immunsvikt. Flukonazol mikstur er marknadsført og godkjent til bruk hos barn (inkludert nyfødte og spedbarn) i Norge.
BAKGRUNN
Oral candidiasis (trøske) er ein soppinfeksjon, vanlegvis
med soppen Candida albicans, og er vanleg hos nyfødte og spedbarn. For
dei fleste gir det lite plager og vil gå over av seg sjølv etter ei viss tid. Ved
uttalte plager som blant anna kan gå ut over evna til å ta til seg næring,
eller på grunn av uttalte smerter hos mor ved samtidig amming, kan det være
aktuelt å behandle trøske (1).
Lokal behandling av trøske hos små barn
Eit ofte angitørsteval av behandling ved trøske er lokalbehandling med nystatin
mikstur som penslast på slimhinner i munnen (1). Nystatin vert absorbert
minimalt ved lokal bruk og ubetydeleg ved peroral tilførsel (2). For å
forhindre reinfeksjon hos barn med trøske, er det som spørsmålsstillar er kjent
med, også anbefalt med andre tiltak som eksempelvis at ein vaskar/kokar
gjenstandar som plasserast i barnets munn (1, 3). Ved behandlingsresistens, og
ved klinisk infeksjon hos mor, er det òg aktuelt å behandle mor, om ho ammer,
for å unngå resmitte frå mor til barn (1). Alle desse tiltaka er tilsynelatande gjort her.
Ifølge det
britiske oppslagsverket BMJ Best Practice kan mikonazol topikalt vere eit
alternativ til nystatin mikstur (4). Mikonazol oralgel kan ein få på
godkjenningsfritak i Norge.
I nokre britiske kliniske retningslinjer som vi har funne, vert det oppgjeve at
dei føretrekker mikonazol oral gel til spedbarn, med bakgrunn i at det skal
være ein meir effektiv behandling enn nystatin mikstur mot trøske (7).
I kunnskapsbasert oppslagsverk om barns legemidlar
(KOBLE), finn ein dosering for mikonazol oralgel til behandling ved trøske. Doseringa
er angitt til 1,2 ml/dose 4 gongar
dagleg hos barn frå 4 måneder til 2 år (8). KOBLE angir følgande advarsel ved
administrering (6):
Risiko for kvelning: Forsiktighet må utvises ved bruk hos spedbarn og små barn (4 måneder-2 år) grunnet risiko for (umiddelbar) kvelning som følge av blokkering av luftveiene. Oralgelen skal derfor ikke påføres bak i svelget. Del hver dose opp i små porsjoner og påfør dem i munnen med en ren finger, og vær nøye med å unngå at barnet kveles. På grunn av kvelningsrisikoen skal gelen heller ikke påføres brystvorten til en ammende kvinne kort tid før amming
Systemisk behandling av trøske hos små barn
I tilfelle der ein ikkje har komme i mål med lokalbehandling
med nystatin mikstur i kombinasjon med andre anbefalte tiltak, foreslår det
amerikanske oppslagsverket UpToDate at ein behandlar systemisk med flukonazol (3).
Ved betring innan 7 dagar kan behandlinga fortsettast i 7 - 14 dagar. Dersom
symptoma forverrast eller ikkje blir betre i løpet av 7 dagar, anbefalast det
at ein tar prøve med tanke på påvising av sopp og resistensmønster og/eller
evaluere for immunsvikt (3). Det vert oppgjeve at behandlinga er 3-6 mg/kg flukonazol ein gong dagleg
(3).
I NEL vert det oppgjeve at flukonazol mikstur sannsynlegvis er betre enn nystatin mikstur av trøske hos barn (1). I ein publikasjon frå 2016 spekulerast det i at nystatin mikstur ikkje er det beste alternativet på grunn av den korte virketida den har på munnslimhinna (2).
I
Legevakthåndboken og Norsk elektronisk legehandbok (NEL) vert òg flukonazol
angitt som et alternativ ved alvorleg infeksjon og/eller utbredt oral candidas eller
ved manglande effekt av nystatin (1, 4). I Legevakthåndboken er doseringa
angitt til 6 mg/kg som ein metningsdose, før ein går over til 3 mg/kg dagleg (4).
Det er ikkje angitt kvifor ein anbefalar ei metningsdose fyrst, men det kan
tenkast at dette stammar frå preparatomtalen der ein angjev ei metningsdose for
å oppnå raskare steady state (8),
som kan være hensiktsmessig ved meir alvorlege soppinfeksjonar.
Flukonazol mikstur er marknadsført og godkjent til bruk hos barn ved orofaryngeal trøske (inkludert nyfødte og spedbarn) i Norge (8).
Referenser:- Norsk elektronisk legehåndbok. Soppinfeksjoner i munn og svelg. https://legehandboka.no/ (Sist endra: 8. mai 2024)
- Lyu X, Zhao C et.al. Efficacy of nystatin for the treatment of oral candidiasis: a systematic review and meta-analysis. Drug Des Devel Ther. 2016;10:1161-71. https://pmc.ncbi.nlm.nih.gov/articles/PMC4801147/
- Campbell JR, Palazzi DL. Candida infections in children. Version 37.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 1. mai 2025).
- Oral candidiasis. In: BMJ Best practice. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 22. august 2023)
- NHS, Derbyshire Joint Area Prescribing Committee. Prescribing for oral thrush in babies and prescribing for surface and ductal thrush in lactating women. https://www.derbyshiremedicinesmanagement.nhs.uk/assets/Clinical_Guidelines/Formulary_by_BNF_chapter_prescribing_guidelines/BNF_chapter_5/Oral_Thrush_In_Babies.pdf (Sist revidert: May 2023, Lest: 28. august 2025).
- Kunnskapsbasert oppslagsverk om barns legemidler (KOBLE). Mikonazol, oralgel. https://www.koble.info/ (Søk: 28. august 2025).
- Legevaktåndboken. Oral candidainfeksjon (trøske). https://www.lvh.no/ (Sist oppdatert 10. april 2024)
- Direktoratet for medisinske produkter. Preparatomtale (SPC) Diflucan 40 mg/ml pulver til mikstur, suspensjon. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 28. november 2024).
