

Dimenhydrinat og varsemdsreglar ved astma
Fråga: Eit sjukehus har god erfaring med dimenhydrinat iv (Vomex A) som kvalmestillande til nevrokirurgiske pasientar. Dei finn likevel via søk på nettet at Vomex A skal brukast med forsiktigheit ved astma, medan andre stader står astma oppført som ein kontraindikasjon. Dei syns det er vanskeleg å finne dokumentasjon og lurer på om dei bør vere forsiktige til alle pasientar med ein astma-diagnose, eller om dette berre gjeld under pågåande astma-anfall eller KOLS-forverringar? Spørsmål frå sjukehuslege.
Sammanfattning: Bakgrunnen for varsemdsreglane for dimenhydrinat kva gjeld bruk til pasientar med astma, er dei antikolinerge eigenskapane, som potensielt kan medføre redusert bronkial sekresjon og dermed meir tjuktflytande slim i luftvegane. Kontraindikasjonen synast berre å gjelde for akutte, pågåande astma-anfall.
Svar: Dimenhydrinat er eit salt beståande av difenhydramin og 8-klorteofyllin, der dei farmakologiske effektane tilskrivast difenhydramin-komponenten (1-3). Difenhydramin har antihistaminerge (H1), antikolinerge, antiemetiske og sedative eigenskapar (1-3).
Verknadsmekanismen bak dei antiemetiske effektane er ukjent, men nokon meiner at det at dimenhydrinat hemmar acteylkolin kan vere sentralt, sidan kolinerg stimulering i vestibulære og retikulære system kan vere opphavet til kvalmen (2, 3).
I preparatomtalen til dimenhydrinat (Vomex A) er akutt astmaanfall oppgitt som ein kontraindikasjon (1). Under varsemdsreglar oppgis det at ein skal vere varsam ved tilstandar som kan forverrast av den antikolinerge effekten av dimenhydrinat, slik som kroniske luftvegsproblem og astma, då dimenhydrinat kan medføre meir tjuktflytande bronkialt slim (1). Tilsvarande varsemdsreglar oppgis i eit internasjonalt oppslagsverk om legemiddel, med same grunngjeving (2).
I eit anna internasjonalt oppslagsverk oppgis det også at tyggetablettar av eit spesifikt merke av dimenhydrinat (Dramamine) innheld fargestoffet tartrazin, som kan gi opphav til allergiske reaksjonar, inkludert bronkial astma, hos ømfintlege pasientar (3).
Usikker klinisk relevans
Det synast generelt å vere noko ulike oppfatningar av kor problematiske dei antikolinerge effektane av dimenhydrinat og andre antihistamin med tilsvarande verknad er for personar med astma. I USA var astma oppført som ein kontraindikasjon for alle førstegenerasjons antihistamin (4). Denne vart derimot fjerna i 1992, etter ein komité av lunge- og allergiekspertar meinte at dei antikolinerge effektane ikkje var tilstrekkelege til å vere eit problem for personar med astma (4).
Astma er derimot oppført som ein varsemdsregel for fleire, men ikkje alle, av førstegenerasjons antihistamina i USA, inkludert dimenhydrinat (5). I oppslagsverket Lexidrug framgår det også at astma framleis oppgis som ein kontraindikasjon for dimenhydrinat og somme av førstegenerasjons antihistamina (doksylamin, hydroksyzin) i Canada (5).
I Noreg er astma, kronisk bronkitt og lungeemfysem oppført som kontraindikasjonar for doksylamin (Zonat), men utan vidare utdjuping (6a). For alimemazin, deksklorfeniramin (Aniramin), syklizin (Marzine), meklozin (Postafen) og hydroksyzin (Atarax) er astma verken oppført som kontraindikasjon eller varsemdsregel (6b-f). Prometazin (Phenergan) har bruk ved astma, bronkitt og bronkiektasiar oppført blant varsemdsreglane (6g).
Somme preparatomtalar viser til at førstegenerasjons antihistamin kan ha atropin-liknande effektar og at ein derfor skal vere varsam med bruk til pasientar med astma. Blant varsemdsreglane til atropin-injeksjon, står følgjande (6h): Parenteralt administrert atropin bør brukes med forsiktighet hos pasienter med kronisk lungesykdom, siden reduksjon av bronkial sekresjon kan føre til dannelse av bronkiale propper.
Referenser:- Rote Liste. Fachinformation Vomex A i.v. Injektionslösung. https://www.fachinfo.de/fi/pdf/025318 (Sist oppdatert: Mars 2022).
- Clinical Pharmacology database. Dimenhydrinate. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 26. september 2025).
- Snow EK, editor. Dimenhydrinate. The AHFS Drug Information (online). https://www.medicinescomplete.com/ (Sist oppdatert: 14. oktober 2025).
- Pray WS, Pray GE. Respiratory Problems and Nonprescription Products. US Pharm 2012; 37(7): 12-5.
- Lexidrug in UpToDate. a) Dexchlorpheniramine: Drug information, b) Hydroxyzine: Drug information, c) Meclizine: Drug information, d) Doxylamine and pyridoxine: Drug information, e) Dimenhydrinate: Drug information, Prometazine: Drug information. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 30. oktober 2025).
- Direktoratet for medisinske produkt. Preparatomtale (SPC) a) Zonat (Sist oppdatert: 11. juli 2023), b) Alimemazin Evolan (Sist oppdatert: 9. oktober 2024), c) Aniramin (Sist oppdatert: 14. november 2022), d) Marzine (Sist oppdatert: 2. august 2025), e) Postafen (Sist oppdatert: 21. oktober 2019), f) Atarax (Sist oppdatert: 1. april 2023), g) Phenergan (Sist oppdatert: 8. juli 2025), h) Atropin Aguettant (Sist oppdatert: 1. september 2020). https://legemiddelsok.no/
