Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Alternativ til pankreasenzym i pulverform ved administrering i sonde



Fråga: Det skal for tida vere vanskeleg å få tak i Pancrex V Powder (pankreasenzym i pulverform). Preparatet blir brukt til pasientar med pankreassvikt som får næring via sonde. Fordelen med pulveret er at det ikkje tettar til sonden, medan det er problem at pankreasenzym i granulatform (Creon) tettar til sonden. Ein klinisk ernæringsfysiolog spør om alternativ til Pancrex V Powder til bruk i sonde

Sammanfattning: Vi finn ikkje at det er mogleg å få pankreasenzym i pulverform ut overPancrex V Powder, som det no er vanskar med å få tak i. Det kan eventuelt vere aktuelt å høyre med sjukehusapotek om dei har betre oversikt over kva som er mogleg å få tak i hos grossist. Alternativt kan det vere aktuelt å forsøke å blande ut granulat i vatn eller i syrna, fortjukka væske. Det som framstår mest aktuelt, særleg for pasientar med sonde i øvre del av tynnarm (duodenum eller jejunum), kan vere å løyse opp granulata i ei 8.4 % bikarbonatløysing før administrering i sonden.

Svar: Alternative legemiddel Vi finn ikkje at pankreasenzym i pulverform er tilgjengeleg ut over Pancrex V Powder, men anbefaler kontakt med apotek for å forhøyre seg om moglege tilgjengelege alternativ til Pancrex V Powder. I følgje «Handbook of Drug Administration Via Enteral Feeding Tube» er det kun dette legemiddelet som fins i pulverform, men boka vart sist oppdatert i 2015 og andre middel kan ha kome på marknaden internasjonalt etter det (1). Det kan eventuelt vere aktuelt å kontakte sjukehusapotek og forhøyre seg med dei om kva som er mogleg å få inn

Metoder for administrering Vi veit ikkje kva erfaringar ein har i klinikken rundt bruk av pankreasenzym i sonde, ut over det som er oppgjeve frå spørsmålsstillar om at granulatet i Creon tettar til sonden. Ulike kjelder oppgjev at det er risiko for å blokkere sonden ved administrering av Creon granulat, og at sondestorleiken bør vere CH10/10Fr eller større (2). Vi viser elles til ein artikkel for generelle prinsipp om administrering av legemiddel i sonde (3).

Vi finn i litteraturen fleire forslag til korleis ein kan administrere pankreasenzym til pasientar med enteral sonde, og oppsummerer desse under, men vi veit ikkje om dette er metodar de allereie er kjent med eller har negativ erfaring med. Oppløysing i vatn I følgje «Handbook of Drug Administration Via Enteral Feeding Tube» er det aktuelt å løyse opp granulat i vatn (1). Dei oppgir følgande prosedyre, som vi reknar med kan vereer den de allereiespørsmålsstillar har hatt negativ erfaring med:

1. Stopp administrering av sondeernæringStop the enteral feed. 2. Skyll sonden med anbefalt mengde vatn. Flush the enteral feeding tube with the recommended volume of water. 3. Opne kapselen og tøm ut innhaldet i ein eigna behaldarOpen the capsule and pour the contents into a medicine pot. 4. Add Tilset 15 mL of watervatn. 5. Rør rundt for å di spersere granulene Stir to disperse the powder or granules (depending on bore size of tube). 6. Trekk opp i ei passande sprøyte og administrer via sonden. Draw into an appropriate type and size of syringe and administer via the feeding tube. 7. Tilset ytterlegare 15 mL vatn til behaldaren, rør rundt for å sikre at ein får med eventuelle restar av legemiddel. Add a further 15 mL of water to the medicine pot; stir to ensure that any powder remaining in the pot is mixed with water. 8. Trekk opp og administrer i sonden. Dette vil sikre at ein får med heile dosen Draw up this dispersion and flush down the tube. This will ensure that the whole dose is given . 9. Flush the tube with waterSkyll sonden med anbefalt mengde vatn. 10. Re-start feed immediatelyRe-start administrering av sondeernæring umiddelbart . ​
Syrleg, fortjukka juice Handboka viser òg til ein anna artikkel frå 2011 for råd om korleis ein kan administrere granulat (4). I denne artikkelen foreslår ein å blande ut granulata i syrleg, litt tjukna væske, som eplesaus eller fruktjus blanda med fortjukningsmiddel. Når væska har litt tjuknad, blandar granulatet seg meir jamt i tuben, noko som angiveleg skal gi mindre risiko for tilstopping. I følgje ein anna artikkel er denne metoden òg problematisk, då granula framleis er intakte, og kan bli klebrige og på den måten bidrar ytterlegare til tilstopping (5). Bikarbonatløysing Vi finn i fleire artiklar og i «Handbook of Drug Administration Via Enteral Feeding Tube» at det er mogleg å løyse opp tilstoppingar i tuben ved å bruke pancreaszenzsym utblanda i ei lett basisk bikarbonatløysing (4-7). Dette gjeld for alle pasientar med sonde, ikkje berre for pasientar med pankreassvikt. I følgje ein artikkel kan ein utnytte denne metoden til å administrere pancreaszenzsym til dei som treng slik behandling (5). Dette skal gi mindre risiko for tilstopping av tuben, og tilsynelatande gi effekt, basert på tilfella i artikkelen, sjølv om enzyma blir aktivert og kan denaturere i magesyra før dei når tynntarm. I denne artikkelen blandar dei ut granulat i ei løysing med 8.4 % bikarbonat, før middelet blir administert via sonden, enten før og etter «måltid», eller med jamne mellomrom ved kontinuerleg infusjon av næring. 8.4 % bikarbonatløysing kan lagast ved å blande ut 8.4 g bikarbonat (natron brukt til matlaging) i sterilt vatn til totalt 100 ml løysing (8)

Den same metoden er òg nevnt i artikkelen frå 2011, først og fremst for pasientar med sonde i duodenum eller i jejunum, men dei nevner òg at det kan vere aktuelt hos pasientar med gastrisk sonde som brukar protonpumpehemmar og der det ikkje er spesielt lav pH i magesekken. I denne artikkelen er det nevnt at det trengs 10 ml av 8.4 % bikarbonatløysing for å aktivere 10 000 E med lipase i eit granulat. Det kan vere aktuelt å knuse granulatet først, eventuelt la granulatet stå i løysinga i 20 minutt for oppløysing før administering. Det presiserast at noko tap av enzymaktivitet må forventast med denne metoden, og at dosen moglegvis må tilpassast for å kompensere (4). Også i eit oppslagsverk frå Estland er denne metoden nevnt for pasientar med sonde i jejunum (2)

Referenser:
  1. White R, Bradnam V. Handbook of Drug Administration Via Enteral Feeding Tube. Pancreatin supplements. 3rd ed.: 539-541. https://rudiapt.wordpress.com/wp-content/uploads/2017/11/handbook-of-drug-administration-via-enteral-feeding-tubes-2015.pdf
  2. Board of ESHP. Administration of Medicines to Patients with Swallowing Difficulties: Orally or by Enteral Feeding Tube. https://www.mdpi.com/article/10.3390/medicina59111913/s1 (Sist godkjent februar 2022)
  3. Andreassen LM; Kallekleiv IM, Bjerknes KCF. Administrasjon av legemiddel i sonde – ressursar for farmasøytar. Nor Farmaceut Tidsskr 2024; 132(2): 18-9 https://relis.no/artikler/43971/
  4. Ferrie S, Graham C, Hoyle M Pancreatic enzyme supplementation for patients receiving enteral feeds. Nutr Clin Pract 2011; 26: 349–351 https://www.researchgate.net/publication/51065655_Pancreatic_Enzyme_Supplementation_for_Patients_Receiving_Enteral_Feeds
  5. Nicolo M, Stratton KW et.al. Pancreatic enzyme replacement therapy for enterally fed patients with cystic fibrosis. Nutr Clin Pract. 2013;28(4):485-9. doi: 10.1177/0884533613491786. https://aspenjournals.onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1177/0884533613491786
  6. White R, Bradnam V. Handbook of Drug Administration Via Enteral Feeding Tube. Pancreatin supplements. 3rd ed.: 19-20. https://rudiapt.wordpress.com/wp-content/uploads/2017/11/handbook-of-drug-administration-via-enteral-feeding-tubes-2015.pdf
  7. Stumpf JL et.al. Efficacy of a Creon delayed-release pancreatic enzyme protocol for clearing occluded enteral feeding tubes. Ann Pharmacother. 2014 Apr;48(4):483-7. doi: 10.1177/1060028013515435. https://pubmed.ncbi.nlm.nih.gov/24436458/
  8. IWK Health center. SODIUM BICARBONATE ORAL SOLUTION 8.4% (1 MEQ/ML). https://iwkhealth.ca/sites/default/files/2022-10/SODIUM%20BICARBONATE%20ORAL%20SOLUTION%208.4%25%201MEQML.pdf (Sist oppdatert 1. april 2016)