

Mometason/olopatadin nesespray og graviditet
Fråga: Pasient med allergi og uttalt tett nase siste månadane har ikkje effekt av Nasonex (mometason) og Aerius. Ein ynskjer difor prøve behandling med mometason/olopatadin (Ryaltris) nasespray. Pasienten er gravid (tidleg i første trimester). Allmennlege spør om Ryaltris kan brukast av gravide?
Svar: Ryaltris nasespray inneheld steroidet mometason (same virkestoff som i Nasonex) og antihistaminet olopatadin. Det finst ikkje data på bruk av kombinasjonspreparat med mometason/olopatadin nasespray (Ryaltris) hos gravide.
For mometason finst relativt mykje erfaring med intranasal bruk til gravide, og slik bruk vert rekna som trygg (1, 2a, 3).
Intranasal bruk av olopatadin er ikkje undersøkt hos gravide (2b, 4). Den svenske kjelda Janusinfo oppgjer at det er ein viss absorpsjon ved intranasal bruk, men at det er usannsynleg at bruk hos mor skal påverke fosteret negativt (2b). Generelt er også den samla kunnskapen som finst om antihistaminar til gravide betryggande og tyder på at legemidla ikkje gir auka risiko for uheldige effektar hos fosteret (1).
Den samla vurderingen til RELIS er generelt at alle preparat til lokalbehandling av allergiplager kan brukast av gravide og ammande. Bakgrunnen for rådet er at kunnskapen og erfaringen som finst samla sett er betryggande. Vidare gir lokalbehandling med nasespray eller augedråpar generelt svært låge systemiske konsentrasjonar og at det difor er lite sannsynleg at bruk av anbefalte dosar vil gje uheldige effektar hos foster eller barn som vert amma (1, 5).
Desse vurderingane er omtalt i ein artikkel om bruk av medisinar mot pollenallergi hos gravide, skrive av kollegaer i RELIS (1). I artikkelen er dessverre ikkje Ryaltris omtalt, då dette er eit relativt nytt preparat. Heller ikkje annan nasespray med olopatadin er omtalt, men augedråpar med olopatadin er oppgjeve som trygge å bruke for gravide (1).
Oppsummering
Det finst ikkje data på bruk av kombinasjonspreparat med mometason/olopatadin nasespray (Ryaltris) hos gravide. For intranasal bruk av mometason finst det relativt mykje erfaring og bruk hos gravide vert rekna som trygt. Intranasal bruk av olopatadin er ikkje undersøkt hos gravide. Det er ein viss absorpsjon ved intranasal bruk, men ei kjelde vurderer at det ikkje er sannsynlig at dette påvirker fosteret. Vår vurdering er difor at Ryaltris kan brukast av gravide når lege vurderar dette som riktig og naudsynt behandling.
- Lindland HT, Heitmann K. Pollenallergi hos gravide og ammende – hva er trygg behandling? https://relis.no/artikler/33506 (Publisert: 31. mars 2023)
- Källen K, Nörby U et al. Janusmed fosterpåverkan. a) Mometason - intranasalt (Sist oppdatert: 25. juni 2025). b) Olopatadin - intranasalt (Sist oppdatert: 25. november 2022) https://janusmed.se/fosterpaverkan
- UKTIS (UK Teratology Information Service). Use of topical corticosteroids in pregnancy. Version 2. https://www.toxbase.org/ (Sist oppdatert: April 2023).
- Norsk legemiddelhåndbok. G7.1 Tabell: Graviditet og legemidler (alfabetisk). https://www.legemiddelhandboka.no/ (Lest: 18. desember 2025).
- UKTIS (UK Teratology Information Service). Treatment of hay fever (allergic rhinitis) in pregnancy. Version 3. https://www.toxbase.org/ (Sist oppdatert: januar 2019).
