Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Deling av metylfenidat depottablettar



Fråga: Spørsmål om metylfenidat (Concerta), til bruk ved ADHD. Det er jo et depotpreparat og kapslene skal svelges hele iflg Felleskatalogen. Pårørende til en pasient sier at han har hørt at de kan åpnes og at innholdet kan blandes med litt syltetøy. Lege kan ikke se at dette stemmer, men RELIS vet kanskje mer om det? Barnet til pårørende klarer ikke svelge kapslene. Spørsmål frå allmennlege.

Svar: I prepratomtalen til Concerta depottablettar finn ein at tablettane skal svelgast heile med rikelig væske. Dei må ikkje tyggast, delast eller knusast (1a). Concerta nyttar seg av OROS teknologi, eit osmotisk system for formulering av depottablettar (2). Legemiddelet er omgitt av eit uoppløyselig tablettskall der vatn trenger inn i tabletten og utvidar eit ekspansjonsrom som skyv legemiddelet ut av tablettskallet. Virkestoffet blir såleis frigitt frå det indre av tabletten med ei bestemt hastigheit og er vist å gi klinisk effekt i 12 timar. Eit lag med virkestoff er også lagt på utsida av tabletten for å oppnå ein raskt innsetjande effekt. Dersom tablettane tyggast, delast eller knusast vil depoteffekten øydeleggast og pasienten vil bli eksponert for heile legemiddeldosen umiddelbart og ikkje over tid (1a).

To andre metylfenidatpreparat er godkjende i Norge; Ritalin og Equasym. Begge desse preparata finst både som tablettar, dosert 2-3 gangar daglig og depotformuleringar som doserast 1-2 gangar daglig. Sistnevnte er i form av harde kapslar innehaldande eit granulat av legemiddelet og denne depotformuleringa skil seg såleis frå OROS teknologi. Prepraratomtalane til Ritalin og Equasym angir at depotkapslane kan svelgast heile eller opnast. Innhaldet dryssast då over ei lita mengde mat som er lett å svelge og som kan inntakast utan å tygge, då det er viktig at kapselinnhaldet ikkje må tyggast eller knusast. Maten bør ikkje vere varm, då dette kan påvirke frisetjing frå formuleringa. Blandinga av legemiddel og mat bør inntakast umiddelbart og må ikkje oppbevarast slik for framtidig bruk. Etter inntak bør pasienten drikke litt væske (1b,c).

Granulatet i depotkapslane er samansett av ein andel som frisetjast hurtig og ein andel som frisetjast langsamt. Ritalin og Equasym depotkapslar har imidlertid ulik fordeling av dei to andelane. I Ritalin depotkapslar vil 50 % av virkestoffet vere formulert slik at det frigjerast umiddelbart medan den resterande delen på 50 % er formulert med modifisert frisetjing. I Equasym depotkapslar er tilsvarande fordeling på 30 % med rask frisetjing og 70 % med modifisert frisetjing (1b,c).

Det føreligg ingen data som angir kva av depotpreparata som best tilsvarar Concerta med tanke på plasmakonsentrasjon av metylfenidat over tid.

Etter det vi finn i dag vert det ytt refusjon for Ritalin depotkapslar, men ikkje for Equasym depot.

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Concerta depottabletter (Sist endret: 15.03.2005), b) Ritalin kapsler med modifisert frisetting (Sist endret: 25.09.2006), c) Equasym depot (Sist endret: 06.10.2006). http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler
  2. Janssen-Cilag. Produktomtale Concerta. http://www.janssen-cilag.no/bgdisplay.jhtml?itemname=c_06_concerta_faq_professional (Sett 05.02.2007).