

Bruk av klotrimazol liniment (Canesten) i øyret
Fråga: Kvinne 48 år med øregangseksem og sopp i øregang. Vært hos spesialist. Behandles med Sofradex (deksametason, framycetin, gramicidin) og Canesten (klotrimazol) liniment. Synes det svir veldig når Canesten liniment dryppes, men ikke når Sofradex dryppes. Hvorfor? Finnes det bedre/andre behandlinger for sopp i øret? Bruker ikke andre legemidler. Spørsmål frå farmasøyt.
Svar: Canesten (klotrimazol) liniment inneheld i tillegg til virkestoffet isopropanol, makrogol 400 og propylenglykol (1a). Klotrimazol er rapportert å kunne gi sviande kjensle, stikking, utslett og ødem når applisert på hud (1, 2), isopropanol er rapportert å vere irriterande for hud (3), medan makrogol 400 er rekna for å vere nontoksisk og ikkje-irriterande (3). Propylenglykol er generelt sett som eit nontoksisk og ikkje-irriterande stoff, men er rapportert å kunne vere ototoksisk (3). Ei kjelde angir at propylenglykol i konsentrasjonar på 10 % eller sterkare forårsaka irreversibel døvheit hos marsvin, og anbefalar at propylenglykol derfor ikkje nyttast som hjelpestoff i øyredropar (4). Bruk av klotrimazol liniment i øyret er ikkje beskrive i den norske, svenske eller danske preparatomtalen. Den engelske preparatomtalen omtalar bruk av Canesten oppløysing ved soppinfeksjonar i mellomøyret og ytre øyregang. Dette preparatet er imidlertid ikkje identisk med Canesten liniment, omtala ovanfor, og oppløysinga inneheld av hjelpestoff kun makrogol 400 (5). RELIS har tidlegare fått spørsmål om bruk av Canesten liniment i øyret og tok då kontakt med produsent. Dei blei då opplyst om at dersom det er behov for for å bruke klotrimazol i øyret, er det tilrådeleg at ein brukar klotrimazol formulert som krem applisert på ein vattpinne. Alkoholinnhaldet i linimentet kan føre til svie og ei brennande kjensle når applisert på slimhinner og liknande (6).
Sofradex er imidlertid indisert for bruk ved inflammasjon og eksem i øyregangen, og i preparatomtalen er det angitt at Sofradex er ei isoton oppløysing som er fri for suspenderte partiklar som kan forårsake irritasjon (1b). Dette kan forklare fråver av svie ved applikasjon.
Når det gjeld behandling av sopp i øyregang angir Norsk legemiddelhandbok lokal behandling med antimykotikum, eventuelt i kombinasjon med eit glukokortikoid. Varigheit av behandlinga er normalt 2-3 veker, eventuelt lengre. I roligare faser kan det penslast med fargeoppløysingar som t.d. Castellanis oppløysing eller Metylrosanilin 0,5 % i spiritus kvar tredje dag i 2 veker. Residivtendensen angivast imidlertid som stor. Begge dei to sistnevnte preparata kan framstillast etter bestilling på apotek (7). RELIS har tidlegare sett på bruk av både Metylrosanilin og Castellanis oppløysing i samband med hud- og sårdesinfeksjon. Det oppsummerast kort her. Metylrosalin, eller krystallfiolett, hemmar vekst av både grampositive bakteriar og sopp og er indisert ved overflatiske infeksjonar og særlig om det føreligg ein blandingsinfeksjon med sopp og grampositive kokkar. Metylrosanilin kan irritere huda, særlig tynn hud og slimhinner og kan gje nekrose. Metylrosanilin skal derfor ikkje nyttast over lang tid og ved langtidsbruk kan karsinogen effekt ikkje utelukkast. Castellanis oppløysing inneheld fuksin, borsyre, flytande fenol, resorcinol, aceton, sterk sprit og vatn. Preparatet har baktericid, fungicid og lokalanestetisk verknad. Eit av innhaldsstoffa, basisk fuksin (magenta) har moglegeins karsinogen effekt. Dette har medført begrensningar i bruken av preparatet. Toksiske effektar er knytt til fenol og borsyre, og dette begrensar bruken i tillegg til at meir effektive antiseptiske/desinfiserande middel er tilgjengelige på marknaden i dag (8).
Etter det RELIS kjenner til finst det ingen antimykotika som auge- eller øyredropar tilgjengelig på den norske marknaden i dag og andre formuleringar må difor nyttast ved infeksjonar med sopp i øyregangen.
Konklusjon
Canesten (klotrimazol) liniment er ikkje indisert for bruk i øyret eller øyregangen. Preparatet inneheld eit hjelpestoff, propylenglykol, som er rapportert å vere ototoksisk. Innhaldet av isopropylalkohol kan også bidra til svie når preparatet appliserast på hud. Sopp i øyregang behandlast med antimykotika, men det bør takast omsyn til innhald av hjelpestoff ved valg av preparat.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Canesten liniment (Sist endra: 24.04.2006), b) Sofradex (Sist endra: 05.04.2001). http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler.
- Klasco RK (Ed): Klotrimazole (Drug Evaluation). DRUGDEX® System (electronic version). Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: http://www.thomsonhc.com (07.03.2007).
- Rowe RC, Sheskey PJ et al (editors). Pharmaceutical Excipients. Pharmaceutical Press and American Pharmacists Association. Electronic version, 08.03.2007.
- Med J Aust. 1975 Oct 18;2(16):634-8 (Abstract).
- Medicines Compendium, engelsk prepomtale (SPC), Canesten Solution. http://emc.medicines.org.uk/ (Sist endra: 20.01.2006).
- RELIS database 1996; spm.nr. 682, RELIS Sør. (www.relis.no)
- Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. http://www.legemiddelhandboka.no/ (08.03.2007).
- RELIS database 1999; spm.nr. 1193, RELIS Sør. (www.relis.no)
