Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Biverknader av lansoprazol



Fråga: Sjukepleiar har merka seg følgjande som er oppført under biverknader av lansoprazol i Felleskatalogen: muskel/leddsmerter, synsforstyrrelser, palpitasjon, gynekomasti, galaktore, perifert ødem og impotens. Det er spurt om kva årsaka til dei enkelte biverknadane er, om dei er reversible og kor lang tid etter seponering eventuelle biverknader vil ha normalisert seg.

Svar: For lansoprazol er det er det ikkje oppgitt ytterligare informasjon i norske preparatomtalar anna enn frekvens for førekomst av dei ulike biverknadane (1). For legemiddelgruppa protonpumpehemmarar (PPI) er biverknadsprofilen ved korttidsadministrering (under 12 veker) liknande til det som er rapportert ved korttidsbruk av H1-reseptorantagonsistar. Type biverknad og frekvens av desse er samanliknbare for lansoprazol, omeprazol og pantoprazol. Biverknader av PPI kan også oppstå gjennom interaksjonar med andre legemiddel, då spesielt via CYT P450 systemet og endra metabolisme av PPI (2).

Muskel/leddsmerter
Ein systematisk gjennomgang av kasusrapportar frå den internasjonale biverknadsdatabasen til Verdas helseorganisasjon og andre aktuelle litteraturkjelder kan tyde på at det føreligg ein kausal assosiasjon mellom PPI som ei legemiddelgruppe og myopati. Polymyositt og rhabdomyolyse kan også synast å vere forbunde med bruk av PPI. Mekanismen bak denne eventuelle gruppeeffekten er ikkje klarlagt. For lansoprazol synast dei fleste muskelrelaterte biverknadane å debutere innan 4 dagar etter terapioppstart. Når det gjeld reversering av symptom er det for meldte biverknader rapportert om utfall som både betring og ikkje-betring (3).

Eosinofili-myalgi-syndrom er rapportert i samband med kliniske studium hos eín pasient som utvikla eosinofili, hovenskap og muskelsmerter ei veke etter oppstart med lansoprazol. Smertene forsvann ikkje ved seponering, men ved antiinflammatorisk behandling (4).

Perifert ødem
Reversibelt perifert ødem er rapportert hos 5 kvinner etter bruk av ulike PPI, mellom anna lansoprazol. Andre symptom hos dei nemnde kvinnene var vektauke og redusert urinvolum. Hovne leggar og/eller armar kom mellom 11-21 dagar etter initiering av terapi og forsvann innan 2-3 dagar etter seponering. Tre av kvinnene synte seg i ettertid å vere langsame omsetjarar av PPI, og såleis kan ein forhøga plasmakonsentrasjon av dei aktuelle legemidla vere ei forklaring på biverknaden (2,4).

Gynekomasti/impotens
RELIS har tidlegare sett på lansoprazol og impotens. Det konkluderast her med at det er rapportert at lansoprazol i sjeldne tilfelle kan gje seksuell dysfunksjon og impotens. Dette ser ut til å gjelde for alle PPI. Ei mogleg mekanisme for denne biverknaden er reduksjon av testosteronnivået, men mekanismen er ikkje utgreia (5).

Palpitasjon
Ved litteratursøk finn vi ikkje noko meir spesifikt om palpitasjon i samband med bruk av lansoprazol utover at biverknaden er nemnt som ein sjeldan biverknad (>1/10000, <1/1000) i norske preparatomtalar for lansoprazol (1).

Synsforstyrringar og galaktoré
Ved litteratursøk finn vi to artiklar som omhandlar høvesvis to kasus av okulær skade assosiert med PPI og lansoprazol-indusert galaktoré, men desse føreligg på japansk og spansk og er såleis ikkje lett tilgjengelig for oss (6,7).

Referenser:
  1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Lansoprazol alpharma. http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler (Sist endret: 20.02.2006).
  2. Aronson JK, editor. Meyler's side effects of drugs 2006; 15th ed.; vol.5: 2973-7.
  3. Clark DWJ, Strandell J. Myopathy including polymyositis: a likely class adverse effect of proton pump inhibitors? Eur J Clin Pharmacol 2006; 62: 473-9.
  4. Klasco RK (Ed): Lansoprazole (Drug Evaluation). DRUGDEX® System (electronic version). Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: http://www.thomsonhc.com (21.05.2007).
  5. RELIS database 2006; spm.nr. 4023, RELIS Vest.
  6. Kohno M, Yamada M, Okumura T et al. Two cases of ocular damage associated with proton pump inhibitors (finst ikkje abstrakt). Nippon Shokakibyo Gakkai Zasshi. 2000; 97 (5): 575-9.
  7. Izquierdo Prieto OM, Moreno Alia E, Rosillo Gonzalez A. Galactorrhea induced by lansoprazole (abstract). Aten Primaria. 2004; 34 (6): 325-6.