

Mariatistel og hepatitt
Fråga: Spørsmålet gjelder pasient med autoimmun hepatitt som tar mariatistel. Kan mariatistel forverre transaminaser og eller kolestaseparametre? Fra en lege ved et regionsykehus.
Svar: Mariatistel ( Silybum marianum, Milk Thistle) har tradisjonelt vore brukt til behandling av ulike leverlidingar og for å beskytte levera mot toksin. Den antatt mest aktive komponenten i mariatistel er silymarin, som gjennomgår enterohepatisk resirkulasjon og finst difor i høgare konsentrasjon i leverceller enn i serum. Silymarin synast å kunne hemme opptak av toksin i leverceller ved å påverke cellemembranen til hepatocyttar. Samtidig skal silymarin ha vist å indirekte kunne stimulere regenerering av lever og danning av nye hepatocyttar (1-2).
Ei systematisk oversikt frå 2002 konkluderar med at effekt av mariatistel på mortalitet, forbetringar i leverhistologi eller på biokjemiske markørar av leverfunksjon hos pasientar med kroniske leverlidingar ikkje har blitt vist. Manglande klinisk dokumentasjon gjer difor tilråding av bruk av mariatistel til pasientar for behandling av leverlidingar vanskelig. Det er imidlertid ikkje utelukka at mariatistel kan ha potensielle effektar ved leverlidingar, og større randomiserte kliniske studium er etterspurt (1).
Bruk av mariatistel er rapportert å vere trygt og gjev få biverknader, men kan hos nokre gje gastrointestinale forstyrringar og ha lakserande effekt (1-3). Etter det RELIS kan sjå synast ikkje mariatistel å kunne forhøgje aminotransferaser (transaminaser) eller forverre kolestaseparametrar (3-4).
Referenser:- RELIS database 2007; spm.nr. 2183, RELIS Øst. (www.relis.no).
- RELIS database 2006; spm.nr. 1137, RELIS Nord-Norge. (www.relis.no).
- Natural Medicines Comprehensive Database. Milk Thistle. http://www.naturaldatabase.com/ (25.07.2007).
- Barnes J, Anderson LA, Phillipson JD, Herbal Medicines. Pharmaceutical Press. Electronic version. (25.07.2007).
