Norwegian flag

Utredningen som riktar sig till hälso- och sjukvårdspersonal, har utformats utefter tillgänglig litteratur och resurser vid tidpunkten för utredning. Innehållet i utredningen uppdateras inte. Hälso- och sjukvårdspersonal är ansvarig för hur de använder informationen vid rådgivning eller behandling av patienter.


Biverknader av Cambridgekuren



Fråga: Seksti år gamal kvinnelig pasient har dei siste 2 åra brukt Cambridgekuren. Pasienten er no sjukehusinnlagt med GI-bløding, anemi og nyresvikt, og lege lurer på om dette eventuelt kan vere biverknader av Cambridgekuren? Pasienten har ei komplisert sjukehistore og brukar mange legemiddel, men opplysingar om dette er ikkje gitt RELIS.

Svar: Ved søk i databasar for medisinsk litteratur finn vi ikkje noko dokumentasjon for at Cambridgekuren kan setjast i samband med GI-bløding, anemi eller nyresvikt.

Etter det vi kan sjå av produsenten si offisielle heimeside kan nokre av produkta i kuren innehalde linolsyre (1). Konjugert linolsyre (CLA) er ikkje kjent å kunne forårsake nokre av symptoma nemnt ovanfor (2). Utover CLA er det ikkje oppgitt at produkta inneheld legemiddel eller andre substansar med farmakologiske eigenskapar.

Når det gjeld kjende biverknader av preparatet et hovudverk sekundært til dehydrering oppgitt å førekomme hyppigast. Andre biverknader nemnt er svimmelheit, dårlig ande og forstopping (3).

Referenser:
  1. The Cambridge Diet. The Cambridge Diet Programs. www.cambridge-diet.com (sett 01.08.2007).
  2. Natural Medicines Comprehensive Database. Conjugated linoleic acid. http://www.naturaldatabase.com/ (01.08.2007).
  3. Cambridgekuren. Medisinske spørsmål. www.cambridge.no (sett 01.08.2007).