

Permetrin sjampo mot skabb
Fråga: Førespurnad frå apotek angåande behandling av skabb. Ein kunde med familie har av dansk lege fått forskrive behandling med permetrin sjampo 1 % i 10 minutt over heile kroppen mot skabb. Er dette ei tilstrekkeleg behandling, då det normalt er anbefalt bruk av permetrin krem 5 % i 8 - 15 timar? Farmasøyten har ikkje oppnådd kontakt med produsent eller funne annan informasjon om dette.
Svar: Skabb er ein dermatose som skuldast at midden Sarcoptes scabiei grev gongar og legg egg i stratum corneum. Dette gjev opphav til ei intens kløe. Behandlinga skal i tillegg til å eliminere midd og egg også hindre smitte, og inneber både medikament og miljøtiltak (1).
I eit Cochrane review såg permetrin krem 5 % ut til å vere den mest effektive behandlinga mot skabb samanlikna med andre topikale og perorale preparat (2). Dette er også tilrådt behandling i norske og danske kjelder (1,3,4).
Ingen av studiane i oversiktsartikkelen omfatta samanlikning av ulike styrkar eller formuleringar av permetrin (2). RELIS kunne ikkje finne studiar på effekt av permetrin sjampo i behandling av skabb, men det fins kasusrapportar på terapisvikt etter bruk av 1 % sjampo (5). Skabb er ikkje oppgitt som indikasjon for permetrin sjampo i preparatomtale (6).
Spørsmålsstillar hadde sidan kontakt med forskrivande lege, som heldt fast ordinasjonen med grunngjevinga at permetrin sjampo 1 % i 10 minutt var akseptert av danske dermatologar som tilstrekkeleg behandling.
Referenser:- Norsk elektronisk legehåndbok. http://www.legehandboka.no/ (03. august 2007).
- Strong M, Johnstone PW. Interventions for treating scabies. Cochrane Database of Systematic Reviews 2007, Issue 3. Art. No.: CD000320. DOI: 10.1002/14651858.CD000320.pub2.
- Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. http://www.legemiddelhandboka.no/ (03. august 2007).
- Medicin.dk (Danmark) http://www.medicin.dk/ (03. august 2007).
- Cox NH. Permethrin treatment in scabies infestation: importance of the correct formulation. BMJ 2000;320(7226):37-8.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Nix 1 % sjampo. http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler (Sist endret: 16. mai 2006).
