

Simvastatin til pasientar over 70 år
Fråga: Pasient har lest i pakningsvedlegget til eit simvastatinpreparat at legemiddelet ikkje skal brukast til pasientar over 70 år. Legen kan ikkje finne denne informasjonen verken i Felleskatalogen eller Norsk legemiddelhandbok. Kjenner RELIS til bakgrunnen for denne advarselen?
Svar: I preparatomtalar for simvastatin heiter det at forsiktigheit bør utvisast ved bruk av simvastatin til pasientar med risikofaktorar for rabdomyolyse. Alder over 70 år er rekna å vere ein slik risikofaktor, og ved behandling av eldre er det tilrådd at kreatinkinase (CK)-nivået målast før behandlingsstart for å etablere ein referanseverdi for baseline CK. Risikoen ved behandlinga må vegast opp mot mogleg nytte for pasienten, og klinisk monitorering tilrådast (1a-b).
Interaksjonar med andre medikament, endra legemiddelmetabolisme, multisystemsjukdommar, låg muskelmasse og tidlegare kirurgiske inngrep er faktorar som disponerar eldre for muskelbiverknader og myotoksisitet under behandling med statiner (2-3). Muskelbiverknader er sjeldne og doserelaterte biverknader av alle HMG-CoA reduktasehemmarar. Dette kan arte seg som myopati med muskelsmerter, muskelsvakheit eller kraftig forhøgja CK. Myopati kan også nokre gangar vise seg som rabdomyolyse (1a-b). I eit klinisk studium der 41 050 pasientar vart behandla med simvastatin, og om lag 60 % av desse var behandla i minst 4 år, var insidensen av myopati om lag 0,02 % ved 20 mg dagleg, 0,08 % ved 40 mg dagleg og 0,53 % ved 80 mg dagleg (1b).
Ei kjelde skriv at rabdomyolose vanlegvis er eit resultat av legemiddelinteraksjonar, heller enn ein biverknad ved behandling med statiner aleine (2). Det er førelått at potente CYP3A4-hemmarar aukar risikoen for rabdomyolyse i stor grad, og at substansar som hemmar CYP3A4 i liten grad ikkje bidreg til særleg risikoauke (4).
Klinisk effekt og sikkerheit av statinbehandling har tidlegare vore evaluert frå store studium med pasientar primært under 70 år, og berre analyser av subgrupper i desse studia var tilgjengelig som dokumentasjon for bruk hos eldre. Dette har bidrege til kontrovers om sikkerheit og effekt av statiner hos eldre. Forventa levealder og kost-nytteforholdet er også faktorar som har vore diskutert. I seinare tid har både kliniske forsøk og epidemiologiske studium gjeve sterke indikasjonar på at pasientar over 70 vil kunne profittere på statinbehandling på lik linje med middelaldrande pasientar (2-3,5).
Konklusjon
Muskelaffeksjon i form av myopatiar og rabdomyolyse er sjeldne biverknader av statiner. Høg alder kan vere ein risikofaktor for utvikling av dette, mellom anna grunna endra legemiddelmetabolisme, polyfarmasi og såleis auka fare for interaksjonar. Alder over 70 år er ikkje ein kontraindikasjon for bruk av statiner, men det er i preparatomtalar tilrådd at forsiktigheit bør utvisast samt at pasienten monitorerast. Når det gjeld behandlingseffekt er det vist i både kliniske forsøk og epidemiologiske studium at pasientar over 70 år vil ha nytte av statiner.
- Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a: Simvastatin Alpharma (Sist endra: 04.10.2006), b: Zocor (Sist endra: 14.11. 2006). http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler.
- Drugline database (Sverige) 2005; spm.nr. 22176.
- Holme I, Tonstad S. Statinbehandling av eldre. Tidsskr Nor Lægeforen 2004; 124 (2): 167-9.
- Aronson JK, editor. Meyler's side effects of drugs 2006; 15th ed.; vol.5: 3146.
- Klasco RK (Ed): Simvastatin (Drug Evaluation). DRUGDEX® System (electronic version). Thomson MICROMEDEX, Greenwood Village, Colorado, USA. Available at: http://www.thomsonhc.com (30.08.2007).
